onsdag 7. mai 2014

Test: Luxuskaffe

av KR

Dette er ikkje berre kaffi, men luxuskaffe iflg forpakninga, og med det er naturlegvis forventingane høge. Me småkårsfolk i Sparebloggen er knapt nok vande med anna enn dobbeltrakta kaffi, og her kjem altså Europris med sin luksuriøse kaffi til berre 4,90!

Som rapportert ville denne kaffien verte behørig hamstra og testa. For oss som følgjer med på kaffiprisane er det velkjend at prisane har stige 70% sidan februar på Chicago Mercantile Exchange. Me sette difor kaffien i halsen då Europris solgte luksuriøs kaffe til 4,90 per 250g. Slike prisar har norske koffeinavhengige ikkje sett sidan kaffien måtte kjøpast på apoteket..!

Stor var difor dagen då me en morgenstond tok turen til Europris for å hamstre kaffi. Solen var rød og rund. Ikkje reint få spararar var samla til denne høgtida, og sjølv møtte Sparebloggen fleire pratsame kaffidrikkarar ved hyllene. Mellom anna møtte me på ei prateglad 80 år gamal dame, som kunne meddele at denne kaffien var den ho og hennar ektemann føretrakk i det daglege. Ho var imidlertid uroa for haldbarheita, ettersom det her låg an til storhamstring. Gløymd datoen, og gå skamlaust til kassa, formante Sparebloggen. Lykken er ikke det værste mand har.

* Pris 5 av 5: Kr 4,90 per 250g, veiledande (iflg den eldre) kr 17,90.
* Innpakning 4 av 5: Noko flatpakka. Særs eksklusiv, me likar naturlegvis at 'luksus' skrivast med X. Stempla med "Europris - Selected quality".
* Aroma 3 av 5: Luktar som ordinær kaffi, men verkar smått parfymert. Ah hvilken snerleduft!
* Fordøyelse 5 av 5: Normalt, ingen unormale hindringar notert. Og jeg spiser ostemad.

Konklusjon: Etter å ha hamstra eit par kilo, angrar ein allereie på at ein ikkje kjøpte meir. Kanskje kjem dette tilbodet (nesten) att om tre år?

...og om lidt er kaffen klar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar