måndag 8. desember 2014

Sparebloggen avviklar

av SR og KR

Etter meir enn fem år legg Sparebloggen inn årene. Me er langt i frå mette på tilbodsfronten, men tida strekk ikkje lenger til. Heile det siste året har vore prega av det.

Fyrst og fremst vil me takka lesarane. Deretter vil me takke kjøpmenna og daglegvaremilliardærane. Me ynskjer også å gje beilarane som har vore på oss desse åra litt merksemd. Kommersialisme og blogging går ikkje hand-i-hand, så blonde er me då ikkje!

Sparebloggen starta som ein motkultur, og endar også som det. Det å betale seg sjølv fyrst, spare før forbruk, er kanskje meir upopulært enn nokon gong. Sjølv om oljeprisen synker og krona har truffe isfjellet, spelar framleis orkesteret inntil vatnet når blåserekka.

Sidan jula nærmar seg med stormsteg, og det einaste som no står i fokus er boblejakker, nettbrett og applemaskiner, tillet me oss å takke av med fylgjande juletips: Spar 10.000 kroner på juletreet.

måndag 24. november 2014

Tilbod

av SR

Spar
Mandelpotet til 9,90 kr/kg er ikkje verst så tidleg på jula. Vidare får du 40 % på nygrilla kylling og smoothie frå Bendit.

Joker
Nettannonsen deira sviktar oss denne veka, men kan avsløra at 10-aren er poteter i lausvekt og at du får 40 % på karbonader frå Gilde.

Ica
Jula kjem tideleg! 2 kg mandelpotet til 14,90 er eit sikkert teikn på at noko er i emning! For nokre av våre lesarar kan vel det same seiast om 40 % av på Big One. 40 % på Olden er heller ikkje feil.

Rema
Same som tidlegare i månaden

Rimi
Ringer jula inn med 5 x Grandiosa til 100 kr. Ribbe til 39,90 kr/kg og pinnekjøt til 109 kr/kg luktar det òg jul av.

Coop Obs!
Henriettepinnekjøt til 169,90 kr/kg er absolutt innanfor for dei som er litt meir fine på pinnane. Det same gjeld potetgull frå Kims til 17,90 og 1 kg brunost frå Tine til 59,90. Vidare er det denne veka 40 % på div. produkt frå den stolte hane, Pierre Robert og friske bær. 5 kg store reker til 599 er òg innanfor mtp. sesong for ikkje å gløyma at det er tale om 40/60-reker.

Coop Extra
Ringjer jula inn med 40 % av på div. gradisprodukt. Elles veldig lite å melda om.

Bunnpris
Same som tidlegare i månaden.


måndag 17. november 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er dronningsjokolade frå Freia til 10 kr per plate. Elles går kyllingfiletane til 59,90 per 700g, noko som er billege middagar for all del, men ikkje noko Sparebloggen normalt inntek som føde.

* Spar
Ingen særleg gode tilbod denne veka. Når 40% rabatt på frossenpizza utgjer førjolstilbodet, kan ein sjølv tenke seg kor stusseleg matvaremilliardærane har det på jolaftan.

* Rimi
Jula er også komen til Rimi. Komisk nok feirast det også her med frossenpizza, denne veka 5 grandis for 100 kr. Kva er det som skjer i daglegvarenoreg?!

* Obs
400g kjøtdeig av storfe til 24,90 har etterkvart byrja verte eit tilbod me tilrår, men berre i små mengder i påvente av 19,90. Elles har ikkje coop teke jol nett enno, sidan klementinane går for heile 16,90 per kg. Me pådreg oss heller skjørbuk enn å kjøpe til slike prisar! Beinfri, røyk svinekam 49,90 er billeg middag, for all del, men me har då sett svinekjøt billegare enn dette. 40% rabatt på all coopkaffi. Moccamaster kr 799 er også eit bra tilbod! Det same er Philips hårklyppemaskin til kr 149, dvs halve prisen av ein klypp hjå frisøren. Ei særs god tilbodsveke på Obs.

* Kiwi
Inga kundeavis denne veka.

* Coop Marked
Når kvitosten ligg på 69,90 pr kg, styrar me klar av butikken. Dette er ei vare som helst bør hamstrast på 49,90, og ein sjeldan gong dukkar opp til 39,90.

* Ica
Gjev deg denne veka fem tips til korleis å unngå depresjon. Oppsiktsvekkande engasjement, kanskje, men ganske talande, korleis daglegvarebransjen legg seg opp i alt som vedkjem det norske folk. Tilboda på Ica denne veka er imidlertid til å verte deprimert av, humre-humre, for når ribba kostar 49,90 luktar det ikkje mykje jolekos. Smilet kjem seg noko når ei kasse klementinar 2,3 kg kostar 19,90.

* Mega
Lutefisk og seifilet til kr 59,90 freistar ikkje oss. Dette er ufisk som ikkje kan handlast over 20 kr kg, til nøds 29,90.

* Europris
Du veit det er jol når peparkakeboksa går til 9,90. Adventsstake kr 29,90 er også eit bra tilbod om du vil fortelje naboen at du òg feirar jol. Dette er at typen som ikkje brenn opp gardinene dine. Knalltilbod med andre ord!

måndag 10. november 2014

Tilbod

av SR

Spar
Surra skinkesteik til 39,90 kr/kg er innanfor. Vidare er det 30 % på torsk frå Findus og 40 % på all salat på pose. For dei med ungar kan nok 25 % av på bleiar og barnemat frå Libero vera av interesse.

Joker
Slår denne veka av 40 % på pizza frå Grandiosa og Big One. Vidare er det store Freia-plater til 19,90. Vekas 10-arar er sylte frå Gilde og paprikamix.

ICA Supermarked
Har denne veka 30 % på kjøtpålegg frå Prior og 40 % på eple. Viss du er hard på ferske kyllingbryst kan me tilrå 700 g til 69,90 - samt eit kurs i tining av kjøt.

Bunnpris
Jaja, òg her finn me klassikaren Freia-plate til 20 kr stykk. Vidare er det 400 g kjøtdeig til 19,90 og klementinar til 15,90 kr/kg. På toppen av dette er det 40 - 60 % på alt av reingjeringsprodukt. Godt levert!

Rema
Har lansert nye tilbodsvarer. Denne gongen varer tilboda ut november. For dei av oss som likar Cola kan me tilrå 10 boksar til 69,90. Vidare har dei mellom anna Skyr til 10 kr, Farris og Bris til 12,90, 30 % på supper og gryter frå Toro og heil landkylling frå Stange til 79,90 kr/kg.

Rimi
Her var det ikkje så mykje å skryta av, sett vekk frå 40 % på Big One og 4 x kokesjokolade til 50 kr.

Obs!
Har feil på annonsa denne veka, så får ikkje lest av tilboda.

Extra
Har innført 3 for 2 plukk og miks julepåleggspezial. Elles lite å melda om anna enn at jula definitivt har innteke butikkane.

måndag 3. november 2014

Vekas tilbod utgår

av SR

Grunna tur til hårdt økonomisk ramma Island utgår denne vekas tilbodsspalte. Dette er rett nok ingen shoppingtur for spareglade, for islandske daglegvareprisar liknar ikkje grisen. 1 kg brunost her borte kan ein berre unne seg på fyrste juledag.

måndag 27. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
2 kg kveitemjøl til 10 kr er eit høveleg bra tilbod, og me kjøper litt sidan me snart er tomme. Elles har julepølsa komt i butikken, lågt kjøtinnhald og nesten 50 kr kiloen for ei kokepylse imponerar ingen.

* Coop obs
2 x 400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er passeleg for småkjøp, men langt i frå hamstrenivået. Ferske svinekotelettar til 39,90 er også ein billeg middag, men me føretrekk slikt kjøt helst etter nokre timar i gryta.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende varene. Me merknadar oss Findus 450g fiskegrateng til 10 kr, som er eit rimeleg bra tilbod til å vera ferdigmat. Kan imidlertid gjerast billegare og betre frå botnen av. I tikronarssortementet inngår også klassikarane 400g blodpølse og lungemos. Sparebloggen lovar no snart å manne seg opp til å teste lungemosen, me treng berre litt tid fyrst. Innkjøpet skjer imidlertid denne veka...

* Mega
Norvegia 1 kg 59,90 er ikkje noko me legg stort merke til, knapt kjøper inn, sidan me hamstrar kvitosten under 50 kr kg.

* Kiwi
150 bleiar til 149 kroner. Det einaste me veit er at tøybleiar er meir miljøvenleg, og du er vel miljøvenleg?

* Rimi
2 kg poteter til 14 kr er billeg til å vera Noreg hausten 2014. Ytrefilet av storfe til 199 kr kg er derimot i overkant. Sjå heller etter nedprising pga dato, ein øvelse som skjer oftare og oftare på Rimi.

* Ica
Bankekjøt av storfe kr 99 pr kg er i grunn i overkant for grytekjøt, men er du i beit får du vel ta med deg eit kilo.

* Europris
4-pk trysilsokkar i ull kr 99, elles mykje nips no tett under jul...

onsdag 22. oktober 2014

Husfar: Erter og flesk

av KR

Tørka erter er kanskje den vara som gjev mest næringsinnhald per krone. For berre 4,90 kr på Kiwi får du 500g av Eldorado sine tørka erter. Sjå her korleis Husfar plar gjera det:

måndag 20. oktober 2014

Tilbod

av SR


Spar
Norvegia til 69,90 kr/kg er under listepris, men knap noko anna. Vidare er det 30 % avslag på store Freia-plater og 40 % på poteter frå Gartner.


Joker
Har denne veka 40 % avslag på all kaffi frå Evergood og Fair trade, samt Sørlandsis. Vidare er det 30 % avslag på div. allergivarer. Vekas 10-ar er 450 g graut frå Fjordland og poteter i lausvekt.


ICA Supermarked
Har denne veka karbonadedeig til 29,90 kr/400g. Vidare er det 40 % avslag på all sitrusfrukt og 3 x 1,5 liter farris og bris til 39,90. Vekas fisk er seifilet til 69,90 kr/kg.


Matkroken
Synest å ha teke kvelden. Det er vertfall ikkje mogleg å oppdriva noko tilbodsavis. Kanskje ikkje det største tapet me har opplevd.


Rema
Same som den siste tida. Gjeld ut månaden.


Rimi
Har denne veka 40 % avslag på ferdigmiks frå Toro (Brownies, langpannesjokoladekake og muffins). Graskar til 14 kr/kg er det noko usikkert om er ein bra pris eller ikkje, men me heller mot at det er billeg. 3 for 2 på 1,5 liter brus frå Coca Cola Company er òg innanfor.


Bunnpris
Tomatar til 14,90 kr/kg er veldig bra og 720 g karbonader til 49,90 er innanfor. Vidare er det 30 % på ferdig pizzabotn, bakemiks frå Mølleren og fiskeprodukt frå Findus. På toppen av det heile er det flat pris - 19,90 kr/kg - på alle eple.


Obs!
Òg her er det karbonadedeig til 29,90. Vidare er det 40 % på alt av fersk frukt og bær, 4 x lanoprodukt til 50 kr, 30 % på kjøtpålegg frå Coop og seifilet til 59,90 kr/kg.

onsdag 15. oktober 2014

Test: Rema 1000 toalettpapir

av SR

Som varsla tidlegare i veka held Sparebloggen fram med testinga av billegprodukta som er på marknaden.

Produkt: Rema 1000 toalettpapir
Pris: 10,90 kr for 8 rullar

Funksjonalitet 5 av 5
Papiret er rustikt og relativt tjukt samanlikna med First Price. Papiret har to lag, noko som aukar behaget. Det grove preget gir god effektivitet. Her er det lite å utsetja. 

Appetitt 5 av 5
Dopapiret i seg sjølv ser bra ut. Det vil vera urimeleg å dømma produktet utifrå korleis det potensielt kan verta sjåande ut. Full pott nok ein gong!

Fordøying 5 av 5Billegprodukta har hatt ein lei tendens til å påverka fordøyinga negativt. Slik sett er det god økonomi å gå for billeg dopapir når ein fyrst skal eta desse billegprodukta. Indirekte bra for fordøyinga med andre ord.

Tilråding: Her snakkar me om eit veldiig bra produkt. Sparebloggen har samanlikna dette produktet opp mot Lambi, som visst nok skal vera eit unikt bra produkt, og det har ikkje noko å skjemma seg over. Rykta skal ha det til at billegpapiret er dårleg for røyra - er det nokon som ver så snill kan avkrefta dette?

måndag 13. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

Her følgjer vekas tilbod. Me vil elles alt no reklamere for SR sin test av alt i frå sandpapir til dopapir onsdag!

* Joker
Sokalla tikronarsfest på Joker denne veka, og då forventar me meir enn dei tradisjonelle tikronarsmarknadsvarene. Joker har mellom anna 1,5l juice frå Eldorado til 10 kr, tre stk paprika, ymse torosausar, 0,33l clausthaler og enno fleire dyre, unyttige tilbodsvarer. Somme tradisjonelle tikronarsvarer finn ein i Tine Kremost og King Oscar sine sardiner. Dei to sistnemnde er for så vidt billege tilbod, men me finn sardinene til FirstPrice minst like billege og velsmakande.

* Spar
Nygrilla kylling til 35 kr har etterkvart vorte standarden, men kyllingane vert ikkje større med åra, snarare tvert om. Me lengar framleis attende til tida der 29,90 var å finne overalt. Om me byrjar og verte gamle? Nei, berre gnitne.

* Rimi
Så enda det slik som me har spådd i fleire år. Ica, med håplause Rimi i si portefølje, er ute av norsk daglegvaremarknad. Og det er ein siger for forbrukarane, Konkurransetilsynet kan ikkje tru noko anna! Rimi har bidrege til å halde prisane oppe i norsk daglegvarehandel med sine utspekulerte tilbod, snedig prisa varer og generelt høge prisnivå. Denne veka får ein 250g Friele til 15 kr, 4 pizza grandis til 100 kr og norske epler til 19 kr kg. Ingenting å rope hurra for, sjølv om veiledande ligg noko høgare. Me bakar pizzaen sjølv, takk.

* Ica
Stor tikronarsmarknad denne veka, eller ein forsmak på opphørssalet? 250g kronekaffi til 10 kr tek me med oss, sjølv om me normalt føretrekk europriskaffien på tilbod. Utanom dette finn ei alle dei kjende tikronarsvarene, også 400g blodpølse og lungemos. Sistnemnde Noregs mest undervurderte middagsrett? Sjå fram til test på Sparebloggen seinare denne hausten! Me må fyrst manne oss opp...

* Coop obs
Gjer som Nordthug og køyrer i grøfta. Dette har me ikkje sett dårlegare på fleire månadar. Kvitosten går til 59,90, ein ublu pris på ei vare me skal ha under 50. Elles for det meste berre tilbod på kliss, som Pepsi max, chips og juice 1,5l til ein pris som langt overgår Joker.

* Mega
Fersk seifilet til kr 59,90 er noko i overkant for oss, ettersom også torsken i ei heldig stund dukkar opp fersk til denne prisen. Elles er det då nok av seiblokker til ein langt billegare pris å oppdrive om ein absolutt vil eta sei. Dette er ikkje ein fisk me tykkjer er fin nok til å eta fersk mot prispremium. Også Mega har juice 1,5l på tilbod denne veka, og er ikkje verre enn at dei doblar prisen til Joker...

* Kiwi
300g laksefilet (orsak; lakseloin) til 54,90 er kanskje årets dårlegaste fisketilbod. 185 kr kg for laks i ei tid der prisane er svakt fallande kan ikkje karakteriserast som anna enn ufisk. Derimot er det langt betre kva gjeld lammelåret, som denne veka går til 57,90 kr kg. Ypparleg slik det er, men også til salting og speking.

* Europris
Halv pris på motorolje, 4l av premiummerker som Mobil og Total til kr 199,50 er kanskje forlokkande, men svakt dyrare enn standardprisen til Biltema. Også Biltema sin motorolje vert, så vidt me kjenner til, også prosessert av anerkjende oljeselskap... Tilbodet gjeld berre til tysdag.

måndag 6. oktober 2014

Tilbod

av SR

Joker
960 g ferdiggrilla kyllinglår til 39,90 er innanfor. 10-aren denne veka er bananar og 6 egg.

Spar
Viss du er glad i grandis og big one så kan me tilrå 40 % avslag. Det er òg 40 % avslag på alt av eple.

ICA
Køyrer på med 10-kronersmarknad - her er det mange klassikarar, så det er berre å fylla opp lageret.

Matkroken
Norske eple til 19,90 kr/kg er innanfor. Det same gjeld òg lammelår i skiver til 79,90 kr/kg. Vidare er det 40 % på alle Toro-supper og vatn frå Olden. 2 x Lano-produkt for 30 kr er heller ikkje feil.

Rimi
Dette er visst veke for grandisfolket - på Rimi er det denne veka 4 x Grandiosa for 100 kr. Vidare får dei merkjemedvitne 250 g kaffi frå Friele for 15 kr. Norske eple til 19 kr/kg er òg bra.

Bunnpris
Køyrer denne veka på med nakkekotelettar til 29,90 kr/kg og poteter til 5,90 kr/kg - deter heilt klart haust! Kims Mexican Fiesta til 16,40 og 2 x store sjokoladeplater frå Nidar til 30 kr er heller ikkje feil.

Coop Obs!
Gir denne veka 40 % på tex-mex frå Santa Maria, div. norske grønsaker, div. kjeks frå Freia, ulike eldfaste former, samt vaske- og skyljemiddel.

onsdag 1. oktober 2014

Husfar: Svineknoke

av KR

I desse tidene der pulled pork får for mykje merksemd, finn Husfar fram til den saftige, tradisjonelle svineknoken:

måndag 29. september 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Inga god veke. 40% på grandis fristar ingen, og 10 kr for 2-pk kvikklunsj er langt i frå eit påsketilbod. Styr unna!

* Spar
40% på ferdigrettar frå Findus er kanskje forlokkande, men likevel eit fordyrande innslag i høve til å kjøpe inn råvarene sjølv. Sparebloggen føretrekk å koke i 10-litarsgryte, porsjonere og fryse ned. Det kallar me fastfood, heller enn å stå i kassakø kvar dag.

* Coop Marked
30% rabatt på oppskåren ost vekkjer berre harme over sløseriet i dagens samfunn. Kjøp deg heller ein ostehøvel for mellomlegget!

* Obs
Me seier det igjen; kjøp aldri ost til over 50 kr kg, for det kjem stadige tilbod under. Denne veka er det Synnøve sin kvite til kr 49,90 pr kg. Beinfri laksefilet til 69,90 pr kg er heller ikkje så gale, trass i at råvareprisen har kome ned noko siste tida. 40% rabatt på alle kasseroller og steikepanner.

* Kiwi
Gilde sitt frosne fårikålkjøt til 34,90 likar me, og dette passar vel så godt i brennsnut som i fårikålgryta. Det same gjer for øvrig svineknoke til 29,90 pr kg, og til denne kjem Husfar med ein spesial på onsdag.

* Rimi
Me registrerar at fårikolkjøtet til Smart365, Ica sitt eige merkevare, no stig i pris faktisk - frå 39,90 til 49,90. Det er feil tid på året, Rimi!

* Ica
Lammelåret går no til 79,90 pr kg, noko for stivt for oss, som avventar til 59,90 eller 69,90 til nøds. At svenskehandel ikkje lønnar seg veit me, og det er lite hjå Ica som vekkjer åtgaum denne veka.

* Europris
Det er lenge sidan me har høyrt i frå ho "mer til overs"-dama, og sant og seie har me lite til overs for den typen humre-humre. Stort sett går det mest i smågodt og plastbokser på Europris, så også denne veka. Likevel ynskjer me framheve såpeutvalet, store kvanta, der 4 liter salmiakk og klor (i separate behaldarar, humre-humre) går til 26,90. Upraktisk seier somme, utruleg praktisk og billeg seier me!

...og det var tilbodsnytt.

laurdag 27. september 2014

Test: Ein transportabel røyrtelefon frå USA

av KR

Kor mykje tålar eigentleg nye iPhone 6+? Det ville Sparebloggen finne ut då nye iPhone 6+ vart lansert i Noreg fredag.

Eigentleg er den nye iPhone 6+ ganske stor. Omlag som eit nettbrett, er me vorte fortalt. Dei sa so på Elkjøp, då dei var utselde.

Eit betre kamera på marknaden, seier dei, er du på jakt etter ein telefon bør du imidlertid sjå deg om etter ein Alcatel eller eit apparat frå Elektrisk Bureau.

Dei seier at ein iPhone 6+ knusar lett om du slepp han frå bakken. Sparebloggen har naturlegvis ikkje kjøpt ein iPhone, og heller ikkje sluppe denne frå bakken, men sikre kjelder seier at den ikkje tålar å verte slept ned på eit marmorgolv frå 10 meters høgde (det var ikkje vatn i bassenget den dagen).

Resultat? Me finn ikkje ord for dagens kvalitetskrav, inkje fins der kvalitetssjekkar og inkje fins der kvalitetsskjema. Korleis kan talartuten overleva i dagens samfunn, spyr mange, me veit ikkje svaret. Me rår i frå å kjøpe denne talartuten, då han mest truleg knekk i to om du set deg på han. Me går klar dette yankee-åket.

Thorstein Veblen hadde rett i sin pamflett av 1899. Av omsyn til lesarane lenkjar me her.

måndag 22. september 2014

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % avslag på gulrot, blomkål og brokkoli. Vidare får du 1 kg kvitost frå Synøve til 59,90 kr/kg.

Joker
Køyrer på med karbonadedeig til 34,90 for 400 gram. Vidare er 10-aren denne veka Ritz-kjeks til 10 kr - ei sjeldan tilbodsvare. Så er det 30 % på div. munnprodukt frå Colgate, samt div. Asan-produkt. Hovudkål får du til 2,90 kr/kg.

Matkroken
Slår Joker med hovudkål til 1,90 kr/kg. For dei som føretrekk ferdigpizza kan me tilrå Grandiosa til 19,90.

ICA Supermarked
Norske epler til 19,90 kr/kg er innanfor. Tordag til og med laurdag er det vidare 40 % på alt pålegg frå Stabburet.

Rimi
Hiver seg på den nye standarden med 5 x store sjokoladeplater frå Freia til 99 kr, Elles er det denne veka ein del 3 for 2-tilbod.

Bunnpris
Lammelår til 69,90 kr/kg er innanfor. Vidare held tacokrakket fram, samt at det er 30 % rabatt på alt av lerums utvalde utan sukker.

Rema
Her held kampanjevarene koken ut september. Med andre ord ikkje noko nytt denne veka.

Obs!
Innfører denne veka omgrepet "Kronesmarked". Det er med andre ord ikkje av den tradisjonelle sorten, men det er likevel mange gode kjøp, og dei gode gamle 10-arfavorittane kostar framleis 10 kr.

onsdag 17. september 2014

Tilbodet eg fyrst takka ja til, hamstra for lite av, og så angra, og (nesten) fekk att seinare på året

av KR

Ny fast spalte på Sparebloggen: "Tilbodet eg fyrst takka ja til, hamstra for lite av, og så angra, og (nesten) fekk att seinare på året". Her ynskjer me dykk velkomne til ettertanke, tungsinn og framsyn i ein elles hektisk sparekvardag. Denne spalta er ein del av angreføljetongen på Sparebloggen, kvar me ilag med støttegruppa har ein gjønågång av våre missar i daglegvaremarknaden. Det er ei vidkjend sak at me i Sparebloggen er så gnitne at me anten overser tilbod, berre for å sleppe dra kortet, eller regelrett hamstrar for lite av tilbodsvara.

Slikt kjem ein ikkje fort over, og det gneg ein i sinnet og sjela. Stundom kan det gjera så vondt at ein òg mysser sparegneisten. Her får me stadig inn tragiske historier, både frå ex-spararar sjølve eller deira aller næraste. Seinast i går høyrde me om ein tidlegare skatteoppkrevjar frå Tynset som året 1992 hadde mista det store tilbodet på kvitost der borte. Dette gnog han så ildt i sjela at han både sa opp jobben som oppkrevjar, og slutta gå på tilbod på sin lokale nærbutikk. I dag ser me han, tragisk, sitte og drikke caffe latte og eta grovbrød på Godt Brød og Deli De Luca.

No skulle det ha seg slik at underteikna kom over eit rålekkert parti med Luxus-kaffi på Europris tidlegare dette året. 4,90 per 250g var prisen, altså under 20 kr kg i ei tid der dei internasjonale kaffiprisane var på full fart oppover på Chicago Mercantile Exchange. Me (eg seier 'me', for det kjennest slik) sette regelrett kaffien i halsen av tilbodet, og sette oss straks i bilen med eitt mål for auga; hamstring av kaffi.

Og tilbodsdisken til Europris bugna, å den bugna, i billeg kaffi. Folk stimla i kring av denne billege råvara, ein høyrde gisp og gasp frå forsamlinga. Kunne prisen vera rett? Mangla der eit 1-tal framføre prisen, kanskje eit komma ein stad? Eg raska til meg nokre posar, kanskje var det 6-7 posar. Nesten 2 kg kaffi, jau det skal vel halda. Lenge. Tenkte eg. Og tida gjekk, og det same gjorden traktaren. Snart var ein tom, kvardagen kom. Kaffilukta den gav seg, traktaren vart stille. Dødsens stille. Slik det før hadde sildra dråpar frå traktaren, rann det no tårer ned mitt kinn.

Men kva er det eg ser, er ho attende... tilbodsvara... Luxus-kaffien? Jau, ganske riktig. Denne veka går tilbodet av stabelen att, om ikkje Luxus-kaffien kostar 4,90 lengre, så er prisen 3 for 20 - eller 6,67 per 250g. Me jublar ikkje av slikt. Me angrar at me ikkje hamstra meir.
Lat aldri, ALDRIG, eit slikt kaffitilbod gå dykk hus forbi ein gong til. Hamstre så du må støttast ut or butikken, til du må støttast ut or butikken seier eg, dersom du nokonsinne får sjå kaffi 250g til 4,90 att!

måndag 15. september 2014

Vekas tilbod

av KR

No når sumaren er over kjem Sparebloggen sterkt framover, og vil alt på onsdag lansere ei ny spalte. Følg med framover - også på onsdagane!

* Joker
40% rabatt på alle typar kaffi frå Ali. Surra svinesteik kr 29,90 per kilo, Noregs billegaste middag?

* Spar
Er du fin på det? Nytt sjansen og handle kaffi frå Evergood til 40% rabatt denne veka.

* Obs
Skiva lammebog til 89,90 er svindyr pris for det som normalt omtalast som fårikålkjøt. Kjøtdeig av lam 400g 26,90 er også i øvre hjørnet prismessig, og denne frårå me på det sterkaste. Ei feitare kjøtdeig er knapt å oppdrive på marknaden. Sparebloggen kjøpte denne for 17,90 for eit par år sidan, og siste rest av partiet ligg framleis nederst i frysaren.

* Mega
2x400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er akkurat innanfor dersom du er tom, men storhamstringa får vente... 50% rabatt på diverse tacoprodukt frå Santa Maria er likevel ikkje særleg konkurransedyktig med FirstPrice.

* Bunnpris
Kjøtdeiga er heile 29,90 pr 400g her, og truleg produktet der dei hentar inn sitt tacokrakk på. Elles går lammelåret til gode 69,90 kr kg, men pass på å kjøpe eit stort for å minimere beinkostnaden. Fårikålkjøtet 49,90 her, ikkje heilt kurrant...

* Rimi
Tre vaskepulver (Omo, Blenda, Milo) for 99 kr er likevel ikkje billegare enn FirstPrice sine konkurrerande merkevare. Det same må seiast om 5 for 99-tilbodet av diverse vaskeutstyr.

* Ica
Når fårikålkjøtet kostar 79,90 pr kg freistar det kanskje heller med 2 x grandiosa til 50 kr, humre-humre. Lammekotelettar til 139 kr kg må då vera noregsrekord i frekkheit og svineri. Me styrar unna.

* Europris
Med tilstanden i tilbodsmarknaden i dag kan einkvar få grå hår, og difor sel Europris denne veka hårfarge til 40% rabatt. Me kjenner det alt gro betre der oppe... Malingsutstyr kjøpar du helst om hausten, og denne veka går kostar og anna til 50% rabatt. 3x250g kaffi (merke: Luxus) har me testa før, og prisen er nesten like uslåeleg som sist. Passar fint dette sidan Sparebloggen berre har 1 kaffipose att frå førre storhamstring.

måndag 8. september 2014

Tilbod

av SR

Spar
Opnar veka med heilgrilla kylling til 35,94 kr/stykk. Vidare er det 40 % på ferske bær og pizza frå Dr. Oetker.

Joker
Har skrudd opp tilbodsprisen på kvitost til 59,90 kr/kg, men denne gongen er det Norvegia som ligg i potten. Elles får du 40 % avslag på store plater frå Nidar. 10-aren denne veka er blomkål og tannkrem frå Colgate.

Matkroken
Salte svineknokar - røykt og urøykt - til 19,90 kr/kg er på ingen måte feil! Det same må seiast om grøne druer til 14,90 kr/kg.

ICA Supermarked
Har denne veka kvitost frå Synnøve til 49,90 kr/kg, og grøne druer til 14,90 kr/kg. Vidare er det 40 % avslag på storfekjøt frå ferskvaredisken og flat pris på 10 kr for all småis.

Rimi
Seier dei har kutta prisen på 200 varer, men ikkje kva. Me har ein sunn skepsis til dette.

Bunnpris
Same som dei siste vekene.

Mega
Har sjømatveke, og markerer det med fersk filet av laks til 89,90 kr/kg og sei til 49,90 kr/kg, og mellom anna heil laks til 69,90 kr/kg og aure til 79,90 kr/kg. Vidare er det 40 % på div. reingjeringsprodukt frå Ajax og div. ferdigrettar frå Fjorland.

Obs!
Køyrer denne veka på med 40 % avslag på supper og sausar frå Toro og 1,5 litersflasker med Pepsi og Pepsi Max, lettsalta torsk til 49,90 kr/kg og 2 x store sjokoladeplater frå Freia til 35 kr.

Europris
40% rabatt på panner og kasseroller frå OBH Nordica. 30% på alt garn. 40% på alle handverkty.

tysdag 2. september 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er 251g vaffelrøre, men som me alle veit får du det mangedoble om du lagar den sjølv. Gilde sine karbonader 29,90 for 720g gjev nok billege middagar, men Sparebloggen føretrekk å lage sine eigne om det er billeg kjøtdeig å oppdrive.

* Coop obs
...og med det meinar me ikkje 3x400g karbonadedeig til 100 kr. Sjølv om ei vare er under veiledande pris, treng det ikkje vera eit godt tilbod. Me er enkle sjeler og aksepterar heller ein litt annan feittprosent mot ein heilt annan pris. Me ventar stadig på 19,90 per 400g kjøtdeig. 40% rabatt på all coopkaffi. Trøye og stillongs i merinoull frå Janus til 149 per del.

* Rimi
Kjøtdeig av svin 400g til 24,90 er billegare enn vanleg, men får ingen overskrifter her på bloggen. Denne vara rører me knapt om den kostar 14,90, og faktisk har me sett den til 10 kr på eit par eksepsjonelt gode tikronarsmarknadar. Elles køyrer Rimi diverse 3 for 2-tilbod.

* Ica
Fårikålkjøtet er i hyllene, og ferske bitar til 39,90 er ein bra start på sesongen! Me forventar at prisane skal nedover dei neste vekene, men for ferske varer er nok nedsida låg. Frosne bitar kan me nok sjå til halve prisen.

* Mega
1 kg Norvegia til 59,90 er ikkje noko særleg, men om du er tom for ost, og gløymde storsalet i august, kan du få innvilga kjøp av éin kilo. 2 kg vaska nypoteter til 16,90 er innanfor slik verda no har blitt.

* Europris
Halv pris på Maarud sitt potetgull, 250g for 15 kr stk. Elles går det i det vanlege, plastboksar, syntetiske ullpledd, og elektronikk til vanvittig låge prisar. Ein 1200w støvsugar til 149,50, og likevel klagar folk på at det er dyrt å bu i Noreg?!

* Spar
Kjøtdeig frå Gilde 400g til 24,90 er lov å kjøpe om du er tom, men berre i små mengder. Me registrerar elles at nyvinninga "Hackit" held fram med å stupe i pris. Den byrja vel på 199, var deretter innom 99 og går denne veka for 69,90. Me reknar med å finne Hackit i diverse rabattkorger til 10 og 20 kroner om få år. Inntil dess får kjøtdeiga hakkast på gamlemåten.

* Bunnpris
Framleis tacokrakk som tyder 30-50% på dei kjende merkevarene, men sjå opp for billege (og gode) etterlikningar i form av FirstPrice! Kjøtdeig av svin 400g til kr 19,90.

måndag 25. august 2014

Tilbod

av SR

Spar
Køyrer denne veka på med 40 % avslag på fisk frå Findus, samt druer i 500 gramsboks. Vidare er det 30 % av på div. kjøtpålegg frå Gilde.

Joker
Byr inn til pølsefest med 40 % på det meste frå Gilde og Prior. Vidare er 10-aren denne veka ein bunt med brokkoli. Elles lite å melda om.

Rimi
Ingen ting å melda om...

Rema
Same som det har vore den siste månaden. Får nye tilbod neste veke

Bunnpris
Har bananar til 9,90 kr/kg, Norvegia til 59,90 kr/kg, samt 30 % avslag på div. Toro-produkt, pastaprodukt frå Barillo og Sopp, og fiskeprodukt frå Kløver.

Obs!
Gir denne veka 40 % avslag på alt frå Maarud, alt frå Dove, div. nøtter og div. produkt frå Barillo. Vidare er det 30 % på Biola, Cultura og Kulturmjølk. Fersk og beinfri lakseside til 49,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på.

ICA Supermarked
Har denne veka nygrilla kylling til 34,90. Vidare får du filet av sei til 69,90 kr/kg og 30 % avslag på alt av krabber frå torsdag til laurdag. Avokado til 6,90 er ikkje feil, det same gjeld salatposar med 40 % avslag.

Matkroken
Køyrer denne veka på med 10-kronersmarknad. Her snakkar me klassikarar som leverpostei, smørost, taco og kjekspakkar.Vidare får du kjøtdeig av storfe til 24,90.

måndag 18. august 2014

Vekas tilbod

av KR

Sumaren er definitivt over! Haustjakta nærmar seg, og me ladar "sparebørsa".

* Joker
480g kvitost frå Synnøve til legendariske 19,90 er rekordbilleg kvitost. Dette er billegare enn grensehandel, og du sparar truleg ein bensintank også. Hamstring tilrådast på det sterkaste!

* Spar
Kaffiprisane kjem omsider ned att, også i Noreg, der Spar no sel Ali 250g til 10 kr. Tilbodet er ein del av ein tikronarsmarknad med alle dei kjende varene.

* Rimi
Gjer sitt beste med 730g kvitost til 39,90, men det er likevel ikkje godt nok samanlikna på Joker sin kilopris. Profilerar seg elles på skulestarten denne veka, og då veit me klokt å styre unna dei varene.

* Obs
Coop Obs har sokalla "Barnas uker" denne veka, og me som trudde det var Barnas uker heile året... Vel, vel, 1 kg Norvegia til 59,90 er kanskje billegare enn veiledande, men likevel dårlegare enn både Joker og Rimi. 5 Findusgratengar til 100 kr er heller ikkje særleg bra, når dette er ei vanleg tikronarsmarknadvare. 4-pk yoghurt frå Tine (4x125g) til 12,90 er eit par kroner billegare enn normalt.

* Kiwi
350g strimla svinekjøt til 17,90 (51 kr kg) er faktisk bra for å vera ferdig kutta og emballert. Her kostar kvitosten også 59,90. Me forstår at kvitost framleis er skulestartpålegget.

* Mega
10-kronarsmarknad også her med kjende varer som 500g yoghurt, Coop sitt sukra syltetøy, mm.

* Europris
5 liter motorolje til kr 299 er rimeleg bra i høve til bensinstasjonane, men me veit jo alle at Biltema sel 5 liter motorolje til under 200 kr. Lite å hente på Europris denne veka, kanskje 3 liter spylarvæske til 15 kr om du er tom. Hausten er nærme.

* Rema 1000
Sunn skolestart! heiter det i reklama, men kvifor er då 800g kjøtpølser til 29,90, 6-pk Coca-Cola 84,90 og sørlandschips til 15 kr hovudtilboda? Me vrir oss i smerte.

onsdag 9. juli 2014

Anar ikkje kva maten kostar...

av KR

...det einaste me veit er at han ikkje er for dyr.

Ola Dunk veit ikkje kva maten kostar, sler VG fast i dag. 96% av tenåringane veit ikkje kva ei flaske Zalo kostar. Det veit ikkje me heller, for me kjøper aldri Zalo. Me handlar andre merkevare til halv pris av Zalo. Me traff også dårleg på fleire av dei andre spørsmåla. Årsaka er enkel; me kjøper aldri varene til fullpris, og me går normalt for nummer 2-vara til halve prisen.

Ikkje veit me kva eit VG kostar heller. Kan det vera 20 kroner for mykje?

At nordmenn ikkje veit kva matvarene kostar skal vera eit utslag av velstand. Tvert om, vil Sparebloggen innvende! Den som ikkje opnar augene, må opne lommeboka. Gjeldsveksten i hushaldningane talar også sitt klåre, depressive språk.

Å, lat oss ikkje øydelegga sumaren heilt enno. Kom dykk ut att i sola!

måndag 2. juni 2014

Ferietid på Sparebloggen

av KR og SR

Sparebloggen tek no ferie i eit par veker. Me har ikkje tenkt og bruke opp sparepengane, men heller ligge og ruge litt på dei i sommarvarmen. Det oppmodar me også andre til å gjera dei neste to vekene!

måndag 26. mai 2014

Tilbod

av SR

Spar
Norvegia til 59,90 kr/kg er innanfor. Det same er sekspakning med Ali kaffi til 69,90, men her er det viktig å understreka at det er lengje sidan me har sett 10-kronersmarknad, og her er kaffi ein sikker vinnar. Vidare får du 40 % avslag på ananas, kiwi og mango, og 30 % på produkt frå Define og bleiar og barnemat frå Libero.

Joker
960 gram kyllinglår til 39,90 kr er bra. Elles lite å melda om sett vekk frå bananar til 10 kr/kg.

Bunnpris
Gir denne veka 30 % på spesialpølser og ferdigrettar frå Fjordland. Vidare får du 40 % på alle produkt frå Jordan, Solidox og Pepsodent.

Matkroken
Slår av 30 % på div. premiumis frå Diplomis. Vidare får du bunt med asparges til 24,90 kr og Kims potetchips til 14,90.

ICA Supermarked
Går deg 40 % avslag på Pizza Ristorante og multipack med is frå Hennig-Olsen Is.

Rema
Same som for to veke sidan.

Rimi
Ketchup til 13,60 trur me er billeg. Elles lite å melda om.

Coop Mega
Gir nok ein gong 40 % på Coop-kaffi og 30 % på såpe frå Lano og Dr. Greve. Vidare får du stor grilla kylling til 34,90, Biola til 19,90 og 5 x Nidar-plater til 100 kr.

onsdag 21. mai 2014

måndag 19. mai 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
400g kjøtdeig frå Gilde til 22,90. Det byrjar verte lenge sidan me såg retteleg kjøteig av storfe til denne prisen, og me som har gått tomme vil nok nytte høvet denne veka. Moderat hamstring. 1 kg epler til 10 kr.

* Spar
Nygrilla kylling 34,74 kr stk passar fint i di 10-litarskasserolle når du lagar suppe/gryterett. Ytrefilet av svin til kr 99 er i høgste enden, men går til nøden om du treng noko fint kjøt.

* Coop Obs!
Nakkekotelettar 29,90 pr kg er ein klassikar, både på grillen, i panna, i gryta og pølsekverna. 40% rabatt på Coop sin eigen kaffi. Marinert flintsteik kr 59,90 teiknar ikkje heilt til sumar, me ser den nok under 50 kr innan ein månad.

* Kiwi
Diverse overprisa grillmat frå TV-kokken Tina. Me styrar klokeleg unna, ihvertfall inntil datoane byrjar lyse raudt og varene kan hentast gratis.

* Coop Extra
Når ikkje heilt opp med sine 2x400g kjøtdeig til 60 kr. Heller ikkje å selge klassiske tikonarsvarer til 2 for 30 er noko sjakktrekk om me skal entre butikken. Ekstra Lett Melk til 2 for 22 kr er imidlertid innanfor.

* Rimi
Store og små melonar til 10 kr kg, heiter det i vekas reklameblad. Me trudde slikt kosta minst 25.000 kroner. Sumarkotelettar til 29,90 kr kg går me god for.

* Mega
Kjøtdeig av svin 400g til 14,90 er billeg, og hamstring kan tilrådast for den som likar svinekjøtdeig. Sjølv tykkjer me den fort vert noko vassen og tam, men kan til nøds blandast 50-50 med storfekjøtdeig. Flintsteik til 79,90 er derimot reine svindelen. Så det er der kjøpmannen tek da innatte...

* Europris
40% rabatt på motorolje måndag og tysdag! På tide å gjera årets verste jobb med bilen.

* Ica
59,90 kr kg for Synnøve sin gulost. Eit høveleg bra tilbod om du missa hjå Obs tidlegare denne mnd.

måndag 12. mai 2014

Tilbod

av SR

Spar
Sommarkotelettar til 39,90 kr/kg er ti kr høgre enn tilrådd pris. 40 % på 2 liter is frå  Sørlandsis og 500 gram druer frå Bendit er derimot innanfor.

Joker
Køyrer på med 40 % avslag på kaffi frå Evergood, div. spekemat frå Stranda og store sjokoladeplater frå Freia. Vidare er 10-arane Bixit-kjeks og brokkoli.

Rema
Same som tidlegare.

Rimi
18-pakning med kroneis til 89 kr er eit sikkert vårteikn frå Rimi. Vidare får du denne veka 3 Entrecote og Ytrefilet for 2. Det same gjeld div. bakeposar frå Toro og spekemat frå Stranda.

Matkroken
Gir denne veka 40 % av på alle "multipakk" med is frå Diplomis. Vidare får du 780 g wienerpølse frå Gilde til 49,90 kr, samt 2 x 480 g grillpølse frå Gilde til 39,90 kr.

ICA Supermarked
Klaskar til med heil ytrefilet av storfe til 200 kr/kg og 40 % av på alle "multipakk" med is frå Diplomis. Vidare får du heil laks til 59,90 kr/kg, 920 g wienerpølse til 59,90 og jordbærkorger til 24,90 kr/stykk.

Bunnpris
Viss du treng bær til pavlovaen så tilrår me ferske bær frå Bunnpris - 2 for 1! Vidare er det 30 % på Big One-pizza, div. spesialpølser, bakemiksar frå Toro og Mølleren, samt bakevarer frå Hatting.

Mega
Gir denne veka 30 % på div. pølse frå Gilde, div. ferske bær, kakemiks frå Toro, rømmegraut frå Fjordland, Solidox/Jordan tannkrem og tannkostar, samt hårprodukt frå Head and Shoulders. På toppen av det heile får me denne 40 % avslag på dessertis frå Diplomis.

onsdag 7. mai 2014

Test: Luxuskaffe

av KR

Dette er ikkje berre kaffi, men luxuskaffe iflg forpakninga, og med det er naturlegvis forventingane høge. Me småkårsfolk i Sparebloggen er knapt nok vande med anna enn dobbeltrakta kaffi, og her kjem altså Europris med sin luksuriøse kaffi til berre 4,90!

Som rapportert ville denne kaffien verte behørig hamstra og testa. For oss som følgjer med på kaffiprisane er det velkjend at prisane har stige 70% sidan februar på Chicago Mercantile Exchange. Me sette difor kaffien i halsen då Europris solgte luksuriøs kaffe til 4,90 per 250g. Slike prisar har norske koffeinavhengige ikkje sett sidan kaffien måtte kjøpast på apoteket..!

Stor var difor dagen då me en morgenstond tok turen til Europris for å hamstre kaffi. Solen var rød og rund. Ikkje reint få spararar var samla til denne høgtida, og sjølv møtte Sparebloggen fleire pratsame kaffidrikkarar ved hyllene. Mellom anna møtte me på ei prateglad 80 år gamal dame, som kunne meddele at denne kaffien var den ho og hennar ektemann føretrakk i det daglege. Ho var imidlertid uroa for haldbarheita, ettersom det her låg an til storhamstring. Gløymd datoen, og gå skamlaust til kassa, formante Sparebloggen. Lykken er ikke det værste mand har.

* Pris 5 av 5: Kr 4,90 per 250g, veiledande (iflg den eldre) kr 17,90.
* Innpakning 4 av 5: Noko flatpakka. Særs eksklusiv, me likar naturlegvis at 'luksus' skrivast med X. Stempla med "Europris - Selected quality".
* Aroma 3 av 5: Luktar som ordinær kaffi, men verkar smått parfymert. Ah hvilken snerleduft!
* Fordøyelse 5 av 5: Normalt, ingen unormale hindringar notert. Og jeg spiser ostemad.

Konklusjon: Etter å ha hamstra eit par kilo, angrar ein allereie på at ein ikkje kjøpte meir. Kanskje kjem dette tilbodet (nesten) att om tre år?

...og om lidt er kaffen klar.

måndag 5. mai 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sumarkotelettar frå Gilde til 29,90 pr kg gjev billege middagar, pølser eller gryter. Sørlands-is 2 liter for 19,90 er ein god dessert.

* Spar
400g kjøtdeig 24,90 er så vidt innanfor, men berre om du er tom for kjøtdeig. Me skal helst sjå denne til 19,90 att før hamstring. Elles er det dårleg på Spar denne veka, der kotelettane går til heile dobbel pris i høve til Joker.

* Obs
Mista du ostetilbodet på Joker i april? No får du nesten sjansen att, men må då opp i 49,90 pr kg for Synnøve. Likevel eit bra tilbod! Elles går diverse sjokoladeplater til 2 for 30. Lettsalta torsk til gode 49,90 pr kg. Kven påstår det er dyrt å leve i Noreg?

* Mega
Kottisar til 29,90 også her. 40% rabatt på div tekstil frå Pierre Robert og La Mote. 40% rabatt på div Fjordland-middagar, men som vanleg tilrår me heimekoking. Elles er det særs skralt på Mega denne veka.

* Meny
Lettsalta torsk 69,90 når ikkje heilt opp i høve til Obs, men for filetar må du bla opp. Elles er det lite å rope hurra for på Meny denne veka. Me merkar oss at 17. mai er på veg.

* Rimi
4,94 kr stk for kroneis om du kjøper 18-pk, og 3 for 2 i biffhylla - pass på stive grunnprisar!

* Europris
Norsk handhelde flagg kr 5,90. Kransekake 18 ringar kr 99. Trillebår 80 liter kr 149. Huff og huff, her luktar det både vårarbeid og 17. mai.

* Ica
Nygrilla kylling (1,2 kg) til 34,90, truleg er tida med 29,90 forbi. Fiskepudding 400g kr 9,90 er ein billeg middag, sjølv om kiloprisen for fisken er noko stiv.

Teaser: På onsdag kjem vår test av Europris-kaffien - Luxuskaffien.

onsdag 30. april 2014

Husfar: Fiskegrateng

av KR

Trass i at Findus no og då sel sine fiskegratengar (450g) til 10 kr, så prøvar altså Husfar å utkonkurrere denne store fiskeflåta med sin heimesenkra fiskegrateng. Spanande! Som alltid kjem Husfar i mål med at heimelaga er både betre og billegare. Sjå berre her:

måndag 28. april 2014

Tilbod

av SR

Spar
Gir denne veka 40 % på ispakkar frå Hennig Olsen og ferske bær. Vidare er det 69 kr for 6 x Ali-kaffi, noko som er innanfor.

Joker
2x200 gram spekeskinke til 79 kr er innanfor. Det same er isbergsalat til 10 kr og 30 % på pølse frå Findsbråten.

ICA Supermarked
Slår av 40 % på Big One-pizza, snacks frå Maarud og ispakkar frå Hennig Olsen, samt 3 for 2 på "alle liker grill"-produkt. Vidare får du fersk seifilet til 69,90 kr/kg.

Matkroken
Sommaren er her med sommarkotelettar til 29,90 kr/kg. Vidare får du isbergsalat til 9,90. Store sjokoladeplater frå Nidar til 19,90 og 3 x 100 g kokesjokolade frå Freia til 30 kr er òg innanfor.

Rema 1000
Har fått nye varer i kampanja si, mellom anna 12 x kroneis til 59,90, wienerpølse til 49,90 kr/kg, grill- og potetsalat frå Delikat til 25 kr, iskaffi frå Tine til 10 kr, Zeroh! til 25 kr og vasktablettar frå Yes til 24,50 kr.

Rimi
Gir deg denne veka 5 pakkar med oppvasktablettar frå Sun til 99 kr, 6 Go Morgen-jogurtar til 49,90 kr og 1,5 kg nypoteter for 20 kr.

Mega
Her får du denne veka kvitost frå Synnøve til 49,90 kr/kg, samt 40 % avslag på div. Jif-produkt, potetgull frå Maarud, div. hårfarge og div. 1,5 litersflasker med brus.

Bunnpris
òg her får du denne veka Synnøve til 49,90 kr/kg. Vidare får ein 2 x store plater frå Freia til 40 kr.

Kiwi
Ikkje noko ekstraordinært frå denne fronten denne veka.

torsdag 24. april 2014

Husfar: Lapskaus

av KR

Husfar lagar i dag store mengder lapskaus, kanskje Noregs billegaste middag?

måndag 21. april 2014

Vekas tilbod

av KR

Påska er over og vonaleg kjem me til hektene att med normal celledeling sånn cirka like før jul.

* Joker
Omsider er han attende, Synnøve sin gulost til 41,46 kr kg servert i 480g til 19,90! Her bør det hamstrast i stor stil.

* Mega
900g kjøtpølse til 39,90 er kanskje semi-billeg, men me har sett det til 29,90, og dessutan er det ikkje vidare sunt heller. Lettsalta torsk til 79,90 pr kg er derimot sunnare, og meir mettande sjølv i små mengder. Diverse Findus-produkt 300g-750g til kr 24,90, klassikaren Kapteinens fylte kan vera hastverksalternativet.

* Spar
Frukt og bær med 40% rabatt, det same gjeld fisk frå Findus og vaskepulver frå Blenda. Pass imidlertid på billegare FirstPrice-alternativ!

* Obs
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende tikronarvarene, som inkluderar Tine Kremost, sjømathermetikk, Coop sitt syltetøy, blodpudding og lungemos naturlegvis!

* Ica
Nakkekotelettar til 29,90 kr kg er bra, både i panna, gryta og på grillen. Elles får ein 100g Freia mørk kokesjokolade til 3 for 30.

* Extra
Sokalla grillribbe til 59,90 kr kg er då særs dyrt, når me fekk det same stykket både ferskare og til halve prisen før jul. Ingen vidare gode tilbod andre stadar i butikken heller, så det synast som om plasseringa i VG sin matbørs har gått Extra til hovudet. Me har sansen for kloke kjøpmenn, men styrar naturlegvis klokeleg unna.

* Rema
Framleis diverse 3 for 2-tilbod, der utvalet minkar for kvar månad som går. 6-pk kvikklunsj smakar bra til 19,90.

* Europris
Istadenfor å kjøpe jord til 42,50 kr kg hjå Europris, kan du sende pengar til Spareblogg-redaksjonen. Me lovar og grave ned pengane for deg. Noko meir spanande: 250g Luxuskaffe til 4,90 pr pk er rekordbilleg kaffi, som selgast både filtermalt og kokmalt. Med verda sine stigande kaffiprisar vil Sparebloggen ta dette tilbodet så seriøst, at det leggast på testbordet i neste testspalte.

onsdag 9. april 2014

Sparebloggen lanserar samarbeid med Husfar

av KR

Kva er det du alltid har sakna på Sparebloggen? Ja, sett bort i frå bilete, reklame, produktplassering, selfies, identitetskriser og destruktive forslag til korleis ein skal forvalte sine livsprosjekt...

Videoar som kombinerar tilbodsvarer og matlaging, der siktemålet er raske, gode og billege middagar så klart!

(Trommevirvel)

Husfar gjev deg alt dette, og så mykje meir. I dag lagar han og kjøkenmaskina Sverre kjøtkaker etter å ha kjøpt kjøtdeig på tilbod. Sjå berre her kor enkelt det heile er:



Gå til Husfar sin Youtube-kanal.

måndag 7. april 2014

Tilbod

av SR

Joker
Gir denne veka 40 % rabatt på Evergood-kaffi og 30 % på alle Jiff-produkt. Vidare får du 330 g twist til 39,90.

Mega
Norvegia til 69,90 er akkurat innanfor på ein dårleg dag. Vidare får du 40 % avslag på div. spekemat og kjeks, samt 30 % av på tex mex frå Santa Maria og coop-kaffi.

Spar
Har denne veka 40 % på div. pølser og Cevita-appelsiner, samt ferske og frosne nakkekotelettar av svin til 29,90 kr/kg. Bunt med asparges til 29,90 er òg innanfor.

ICA Supermarked
Gir deg denne veka 2 x 600 gram grillpølse til 39,90. Vidare går appelsinene for 9,90, samt at du får 5 x store sjokoladeplater frå Freia til 100 kr. Lammelåret ligg her på 69,90 kr/kg. Denne veka er det òg 30 % på div. leverposteiar frå Mills og smørost frå Philadelphia. Smågodtet ligg her på 8,90.

Matkroken
Òg her får du denne veka 2 x 600 gram grillpølse til 39,90, lammelåret til 69,90 kr/kg og appelsiner til 9,90 kr/kg. Smågodtet går for 6,90 kr/hg. Fredag og laurdag får ein òg firepakning med jogurt frå Tine til finfine 9,90.

Rimi
Same som sist veke.

Rema 1000
Køyrer på med påskestemning: Smågodt til 6,50 kr/hg, 6 x kvikklunsj til 19 kr, store plater frå Nidar til 15 kr og potetgull frå Maarud til 15 kr pakken .

Bunnpris
Pimpar denne veka opp grillpølsetilboda og gir deg 2 for 3 på oste-, bacon- og kryddergrill frå Gilde. Vidare er det 6,90 kr/hg for smågodt, samt 2 x grandis til 50 kr.


Elles:
Kan lokka med ein ny midtvekeserie frå vår gjestebloggar AH!

måndag 31. mars 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på div overprisa ferdigpizza frå Stabburet. Vekas tikroning er Freia kokesjokolade.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende klassikarane. Me nemner 400g lungemos (undervurdert!), blodpudding og fløtepudding. I påleggsdisken finn du tikronarar som kremost. Er du i det late hjørnet får du 450g ferdiggraut til 10 kr også...

* Obs
40% rabatt på coopkaffien. Beinfri, fersk laksefilet 69,90 per kg. Tannkrem og tannkostar til 40% frå Solidox, Jordan og dets like slår imidlertid ikkje FirstPrice sitt nivå. Elles registrerar me at grillsesongen har byrja på Obs, men prisane reflekterar framleis manglande konkurranse i marknaden. 40% rabatt på alle gryter og panner, mellom anna frå OBH Nordica. Phillips hårklyppar kr 149, denne er tent inn att på èin klypp.

* Rimi
Indrefilet av svin kr 99 er ikkje så halvgale, medan lammelår til 58,90 går rett heim hjå oss. Pass på kjøtmengda, og kjøpt eit stort lår.

* Kiwi
16,90 for 150g pepparbiff er 113 kr kg, og følgeleg ein bra middag. Potene bør du imidlertid kjøpe på ein annan butikk, då 13,50 kr kg er noko dyrt.

* Meny
Ingen særskilt gode tilbod, me nemner 30% rabatt på Grandiosa og styrar unna...

* Europris
Lett høgtrykksspylar (100 bar/1300 w) frå Black & Decker til kr 299 er eit bra tilbod for den med normalt vedlikehalds-/reingjeringsbehov. Elles registrerar me at påska er nærme, og at Europris med nærast har dobla prisane på smågodt solgt i egg à 400g (!).

tysdag 25. mars 2014

Tilbod

av SR

Sparebloggen har vore på ferie, og orsakar forseinkinga!

Spar
Køyrer på med ti-kronersmarknad. Byr mellom anna på 250 g kaffi, kremost frå Tine, div 2 x hermetikk, tannkostar,

Joker
Gir deg 250 g kaffi til 9,90. Vidare får du 30 % av på div. matlagingsprodukt frå Tine, som fløte og rømme, samt oksesteik til 99 kr/kg. Vekas tiar er sausar frå Toro og bananar i lausvekt. Farris og bris til 12,90 kr er òg innanfor.

Bunnpris
Svinekjøtdeig til 19,90 kr/400 g. Vidare er det prosentar på alt frå sjampo til kjøkenspray.

Kiwi
Skuffar òg denne veka. Snart på tide å ta tak i kommunikasjonsavdelinga slik at det klarar å hosta opp ei kundeavis.

Rimi
Har denne veka pærer til 10 kr/kg. Elles nicht og nada.

ICA Supermarked
Gir deg denne veka 40 % avslag på Grandiosa Helmax. Vidare er det appelsiner til 9,90 kr/kg og 40 % avslag på kjøtpølse frå Gilde. Torsdag til laurdag får du vidare 40 % på alt frå Synnøve Finden (jogurt, ost etc.). Sterk veke!

Matkroken
Slår til med poteter til 6,90 kr/kg. Elles lite å melda om.

Mega
Køyrer på med ti-kronersmarknad. Gleda vert likevel drepen av at det for mange av varene vert krevd både to og tre og fire tiarar! Skammeleg.

onsdag 19. mars 2014

Test: Kaviar - same shit, new wrapping

av KR

Det er sjeldan me let oss affisere av ny innpakning, men når FirstPrice kjem med ny innpakning vert det reine jolekvelden. Spanande! Er det noko nytt på gong? Ny innpakning? Det må då bety new shit? Nei, same wrapping...

Men prisen er av den same gode, kr 7,90 for heile 190g kaviar. Dette er av Noregs billegaste pålegg, og sjølvsagt fædrelandets billegaste kaviar.

Før var kaviar berre mahogni og lekre silkeputer, men i dag er kaviar 7,90 og havrelefse. Sparebloggen har testa kaviar som einaste pålegg i fleire månadar, og trass i at new wrapping har gått opp 6 kcal, går me godt for shiten! Me anar ikkje kvar dei har funne dei nye kaloriane, ihvertfall ikkje på vår bilring, men den er no der på varedeklareringa åkke som. Same prisen, fleire kaloriar, tyder derimot meir pengar spart. Du vert mettare, medan pungen aukar i storleik. Leve rognposen!

tysdag 18. mars 2014

Vekas tilbod

av KR

Noko forseinka denne veka, men det var lite å skryte av på tilbodsfronten.

* Joker
Ingen særskilt gode tilbod, men me tek med oss brunost 59,90 pr kg og 680g kyllingfilet 49,90.

* Spar
40% rabatt på all grandis og bigone, men framleis er heimelaga pizza det billegaste alternativet. Elles er det uforståeleg for oss kva Spar driv på med. Annonsere 3dl rømme til 17,50, og frosne reker til 59,90?

* Obs
Nakkekotelettar 39,90 kr kg er billeg, men me ser helst 29,90 før hamstring. 40% rabatt på alt ullundertøy frå Ulvang, Janus, Ullrokken, Bj, mfl. Langt mellom tilboda med andre ord.

* Rimi
400g kjøtdeig av svin 24,90 er billeg om du er i beit for mat, men denne vara er me vande med å sjå på både 10, 14,90 og oppover. Tynt i rekkene av tilbod.

* Mega
40% rabatt på alt tørkepapir og toalettpapir inkl Coop sitt eige merkevare. 20 prioregg til 29,90. Kylling 1,15 kg til 39,90 byrjar og verte standard, men saknar 29,90. Lammelår fryst 79,90 er ikkje heilt der enno, me forventar at prisane skal ned framover.

* Ica
Fersk, rund laks til 39,90 kr kg er særs bra, særleg sett i lyset av dagens lakseprisar. Ytrefilet av svin 79,90 kr kg er også bra, lettsalta torskefilet går til same prisen. Bra av Ica i ei elles fattig tilbodsveke.

* Extra
Lettsalta torsk går her til 89,90, så me styrar unna. Det same gjeld kyllingfileten, der Coop sitt eige merke går langt høgare enn prisen på Prior nemnt over. Dårleg comeback av Extra her på bloggen!

* Matkroken
Nypoteter 6,90 og 500g fiskegrateng til 19,90 er då ein billeg middag, men fiskegratengen kjenner me helst att til 10 kr...

* Europris
5 Nidar Bergene melk 170g til 50 kr er rekordbilleg. 12 hermetikkbokser av til 30 kr, velg mellom tomatpure, champignon, mm. 4 kg jasminris til 39,90 er tåleleg bra, sjølv om me har sett billegare.

måndag 10. mars 2014

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka grilla kylling til 34,74 kr. Vidare er det 40% på både ferske bær og pizza frå Dr.Oetker.

Kiwi
Gir deg denne veka 350 gram strimla svinekjøt frå Gilde til 18,90 - Ikkje feil! Vidare kan me tilrå klassikaren vatn med kolsyre frå First Price til 7,90 kr/1,5L, samt 6,91 kr/kg for appelsiner frå FP. 8,87 for brokkoli er òg innanfor.

Joker
Gir deg denne veka 40% avslag på alle frosne produkt frå Findus. Vidare får du kvitost frå Synnøve til 29,90 kr/480g, men hald på kortet, me har sett tilsvarande til 19,90 før!

ICA Supermarked
Køyrer òg denne veka 10-kronersmarknad. Me kan mellom anna tilrå skogsbacon frå Gilde til 10 kr/hg - halv pris av ordinær pris.

Bunnpris
Ikkje så mykje å skriva heim om...

Rimi
Gir denne veka 40% avslag på ei rekkje sortar pålegg frå Gilde, mellom anna leverpostei og div. spekemat og påleggspølse. Vidare er det 10 kr/kg for eple.

Mega
Gir deg 40% avslag på supper og gryter frå Toro og vaskemiddel frå OMO og Blenda, samt 30% på Yoplait-jogurt, leverpostei, bacon og Ristorante-pizza. 2 x 400 g kjøtdeig frå Gilde til 50 kr er òg innanfor.

Rema
Skreifilet m/skinn til 69,90 kr/kg er innanfor. Det same gjeld surrasvinesteik til 25 kr/kg og 500 gram Friele-kaffi til 25 kr. For dei merkjemedvitne er 1,5 liter Farris og Bris til 12,50 akkurat innanfor.

måndag 3. mars 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Fersk, surra svinesteik til kr 34,90 pr kg er ein sparebloggklassikar. Av dei billegaste middagane som let seg oppdrive. Skyr er vekas tikroning.

* Spar
Karbonadedeig 400g 29,90 er kanskje billegare enn normalt, men framleis eit dyrt alternativ til kjøtdeig. 25% rabatt på liberobleiar og nestleprodukt til alle Trumf-kundar. 40% rabatt på allereie billege frosne grønsaker!

* Prix
Dårleg tilbodsveke. 2 Bixit for 30 kr, 2 brødmix for 30 kr og kjøtdeig 400g 28 kr er luretilbod av beste merke. Dette er produkt me normalt ser til 10 og 20 kr i dei beste tilbodsavisene.

* Rimi
Ferske nakkekotelettar til 39,90 er då billeg middag, men me likar dei helst til 29,90.

* Obs
...og her kjem kjøtdeig av storfe 400g til 19,90. 40% rabatt på Jif-produkt, men pass på prisen i høve til eigne merkevarer. Surra skinkesteik 49,90 her, noko som er for dårleg i høve til Joker.

* Kiwi
Inga kundeavis denne veka heller.

* Ica
Stor tikronarsmarknad med kjende varer som 400g blodpølse, lungemos (undervurdert), 450g fiskegrateng, denjasalatar og så mykje meir. Dette i tillegg til 400g kjøtdeig av storfe til mediocre 22,90.

* Meny
250g Ali-kaffe til 12,90 er med dagens kaffiprisar eit bra tilbod. Slår også Coop Extra sitt tilbod 2
x 250g til 30.

* Europris
Samanleggbart tørkestativ med samla 18 m snor til 79,90 er ein god pris. Gjer bilen klar til våren med 40% rabatt på motorolje måndag-tysdag. Sparebloggen timar alltid sitt oljeskift i høve til europris sitt oljeprisslepp.

onsdag 26. februar 2014

Sparebloggen avslørar

av SR

Når butikkar marknadsførar at ein får pris X når ein kjøper td. 3 av same vara, er dette som regel einstydande med kvantumsrabatt. Rema 1000 fått mykje indirekte kritikk frå Kiwi dei siste to månadane for dette, då det førar til at ein kastar meir mat. Rema har som ein følgje av dette sett i gong drastiske tiltak - kvantumspåslag:


måndag 24. februar 2014

Tilbod

av SR

Spar
Køyrer denne veka 40 % avslag på både eple i lausvekt og kaffi frå Evergood. Vidare er det 30 % av på tannkrem frå Colgate, og jordbærsylte til 19,90 kr/glaset.

Joker
Klaskar til med svinekotelettar til 19,90 kr/kg og 40 % avslag på pizza frå Dr. Oetker. 10-aren denne veka er ferdigblanda bolledeig og blomkål.

Kiwi
Sparebloggen flagga høgt sist veke på facebook at Kiwi skulle vera med denne veka, men Kiwi har ikkje publisert noko kundeavis...

ICA Supermarked
Køyrer denne veka på med 50 % avslag på Tradizinale-pizza, 40 % av på druer og 5 x store sjokoladeplater frå Freia til 100 kr. Appelsiner til 9,90 kr/kg er heller ikkje feil.

Bunnpris
Har 10-kronerskampanje på sukkererter, blomkål og brokkoli. Vidare får du 2 x Vanlig chips frå Sørlandschips til 30 kr.

Rimi
Påska nærmar seg, og det er tydeleg med 2 kg appelsiner til 15 kr og 5 x store sjokoladeplater frå nidar til 99 kr.

Mega
Har denne veka torsk til 69,90 kr/kg, noko som er mykje meir enn det me har sett tidlegare i vinter. I tillegg til dette får du 40 % avslag på pizza frå Big One og Grandiosa, samt smågodt til 8,90 kr/kg.

Coop Obs
Gir deg 40 % avslag på Tex-mex frå Santa Maria og raud/gul kaffi frå Coop. Vidare får du 5 x dusjsåpe frå VIC til ein hundrings, samt 5 kg poteter til 39,90 kr/kg, noko som er bra no for tida.

onsdag 19. februar 2014

Oppfrisking av gamalt brød

av KR

Det er ikkje berre i dag ein er opptekne av nøysemd og forsiktig livsførsel, men også i gamledagar opptok emnet folk flest. Frå sørvestlandet har me motteke fylgjande artikkel frå 1966, opphavleg trykt i eit venstreblad kalla Hardanger. Emnet tør framleis vera aktuelt, og brødristaren er like skummel i dag som han var den gongen.

***
Brødristaren er eit nyttig hjelpemiddel når me vil friska litt opp på gamalt brød
Men det er mange ting å vera merksam på ved kjøpet

Rista brød er noko me et av mange grunnar, - enten kan me ikkje tåla anna brød, eller me vil friska opp litt gamalt brød, eller me et rista brød rett og slett fordi me tykkjer det er godt.
Dei elektroniske brødristarane har etter kvart blitt populære og det er mange typar av dei på marknaden. Den eine kan sjå finare ut enn den andre, - og det kan derfor vera vanskeleg å velgja den rette. Men igrunnen treng ikkje valet vera så vanskeleg berre me held hovudet kaldt og er merksame på eindel praktiske detaljar.

Brødristarane kan i grove trekk delast i to hovudgrupper:
* Manuelle brødristarar der me sjølve må halda eit auga med ristinga.
* Automatiske brødristarar der ein termostat koblar ut straumen. Det er to måtar dette kan gjerast på, - nokon termostatar er tidsinnstilte medan andre er temperaturinnstilte. Dei sistnemnde gjev den sikraste ristinga av brødet.

Kva for ein type ristar me no bestemmer oss for, - så bør ein sjå etter desse praktiske detaljene:

1) Brødristaren må vera slik at me ikkje kan risikera å brenna fingrane hverken på sjølve ristaren eller på dei varme brødskivene. Det er ristarar med ein spesiell innrettning til å taka brødet ut av ristaren med, slik at ein slepp brende fingrar.
2) På dei manuelle brødristarane - der altså termostaten koblar ut straumen - må det vera ein brytar slik at me slepp bråket med ledning og støpsel.
3) Brødristaren må ha varmeisolerande handtak slik at den kan flyttast når den er heilt varm.
4) Smular som samlar seg inne i brødristaren må lett kunna fjernast.
5) Ein brødristar må stå stødigt og godt slik at den ikkje lett tippar over og gjer skade under bruk.
6) Ein brødristar som ristar på begge sidene på brødskivene på same tid, er å føretrekkja framfør dei typene som ristar på ei og ei side om gongen.
7) Ristaren må kunna rista eit høveleg skivetal om gongen.
8) Utenlandske prøver har synt at det i realiteten er liten skilnad på korleis dei manuelle ristarane ristar brødet. Her er det meir opp til den einskilde å regulera ristinga sjølv.
9) Noko annerleis stiller det seg med dei automatiske ristarane der termostaten sitt reguleringsområde kan variera sjølv frå ristar til ristar av same type og fabrikat. Det kan derfor her vera noko meir usikkert om me er heldige å få tak i ein ristar med ein teneleg og god termostatregulering. Me ynskjer oss sjølvsagt ein brødristar som korkje brenner brødet eller ristar det for lite, men med dei moglegheitene til å rista brødet slik me ynskjer det.

Til slutt eit par ord om bruken av brødristarar:

Ver aldri freista til å 'fiska opp' brødskivene med ein kniv, strikkepinne eller andre skarpe gjenstandar. Det er lite som skal til før skaden kan vera ute både på ristaren og på oss sjølve. Ver vidare varsam så ristaren ikkje vert utsett for vatn, - og hald born borte frå ristaren også når den ikkje er i bruk.
                 I.B

måndag 17. februar 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
400g kjøtdeig av storfe til 22,90 er godt nok til forsiktig hamstring. Bixit-kjeks er vekas tikroning, ein turfavoritt hjå Sparebloggen.

* Spar
Ferske svinekotelettar til 29,90 pr kg er billege middagar, leverast i 8-pk. 40% rabatt på appelsiner.

* Obs
Gulost frå Synnøve til 49,90 er hamstring, det same gjeld beinfri svinesteik til kr 39,90.

* Bunnpris
200g laksefilet og 150g filetkjøt i assorterte pakningar kr 15 pr stk. Ingen dum ide så lenge ein nøyer seg med ein pakke per person, då ein her har middag til omlag 20 kr.

* Prix
Når Tine Kremost til kr 18,60 lanserast som tilbod, forstår me det er magert i hyllene. Denne vara kjøper me berre til 10 kr på tikronarsmarknaden.

* Rimi
Påska er sein i år, men ikkje hjå Rimi; appelsiner 7,50 kr kg. 1 kg ketchup kr 7,90, 1 kg spaghetti 9,80, 1 kg penne-pasta kr 6,60. Me tilrår sistnemnde!

* Meny
Heilgrilla kylling 1,05 kg til 34,90 er i overkant dyrt for så liten fugl. Me ser helst 1,2 kg til 29,90 her i garden.

* Ica
Norvegia 59,90 pr kg er ikkje godt nok, me hamstrar osten hjå Obs. Appelsiner 9,90 når heller ikkje opp denne veka.

* Europris
Huff og huff, det går mest i brus, chips og smågodt denne veka. Mellom alt klisset; Petter Schjerven si kokebok til kr 29... ei perfekt julegåve!

måndag 10. februar 2014

Tilbod

av SR

Spar
Byr denne veka på Norvegia til 59,90 kr/kg, samt 40 % av på kutta salatar og 30 % på div. store sjokoladeplater frå Freia.

Joker
Inviterar til pølsefest og gir 40 % avslag på pølser frå Gilde og Prior. Elles er 2-pakning med kvikk lunch til 10 kr òg heilt innanfor.

ICA Supermarked
Har denne veka ferske nakkekotelettar til 34,90 kr/kg og skrei til 59,90 kr/kg. Vidare får du både mango og isbergsalat til 9,90 kr/stykk, samt 3 x 1,5 liter Farris til 30 kr + pant.

Rimi
Same som sist veke

Rema
Har bytta ut 3 for 2-sortimentet sitt, og byr no på pasta frå Barilla, div. sjokolade, salami frå Grillstad, samt div. vaskeprodukt og sjampo. Vidare er det ei rekkje andre produkt med redusert pris. Vel verdt eit besøk!

Mega
Skreien får du denne veka til finfine 39,90 kr/kg! Vidare er det (som vanleg) 40 % av på store sjokoladeplater frå Freia. Nygrilla kylling får du til 34,90, og div. ferdigrettar frå Fjorland er det 30 % rabatt på.

Bunnpris
Har denne veka 2 x vanlig chips frå sørlandschips og Pringles til 30 kr. Vidare får du topakning med mogne avokado til 19,90.

måndag 3. februar 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på all texmex, men pass på FirstPrice. Kremfløte 10 kr pr pk er eit sjeldan tilbodsprodukt. 19,90 for Freia sine sjokoladeplater 200g er billegare, men også etterkvart eit vanleg tilbod.

* Rimi
3xFarris 1,5l til 30 kr er bra. Kjøtdeig 700g er framleis dyrt når det kostar 64,90 pr pk. Diverse grønsaksblandingar rundt kiloet til 10-13 kroner er billeg, og ein skjult juvel, men faktisk standardpris.

* Obs
40% rabatt på coopkaffien er bra. Elles klarar me ikkje å verte engasjerte denne veka, nest-beste er Norvegia til 59,90 kr kg. Me har sett det billegare i ostedisken.

* Meny
Med eit særs folkeleg stunt i februar; halv pris på taco heile månaden. Kampanja gjeld diverre ikkje tacomaten til FirstPrice.

* Spar
40% rabatt på heilgrilla kylling, men når tilbodsprisen då er 35 kr stk (1,2 kg) vert me skuffa. Dette er då standardpris frå fleire ferskvarehandlar, sjølv 29,90 er observert seinast i år. Køyrer elles ei 25-årskampanje, der du ved kjøp av utvalde, overprisa varer får 25% rabatt frå Trumf.

* Prix
2x400g kjøtdeig av svin kr 30 gjev billege middagar, sjølv om me har sett kjøtdeiga nede i 10 kr pk.

* Bunnpris
Kyllinglår 19,90 pr kg går godt i gryta. Me må igjen sjå med undring på dei som hevdar det er dyrt å sette mat på bordet i dette landet.

* Ica
Vil du derimot leve litt dyrt og usunt kan du nytte deg av 40% rabatt på BigOne-pizza, eller kjøpe middagspølse til 33 kr kg.

* Mega
Svinekotelettar til 39,90 kr kg er i grunn billeg, men me er bortskjemde til under 30 kr kg.

* Europris
3 x 4 liter spylevæske til 50 kr er eit bra tilbod, og billegare enn Biltema sine kampanjar. Halv pris på superundertøy onsdag-torsdag, 39,50 og 49,50 per del for hhv ung og vaksen. Me går ut i frå at ullgehalten er låg, me slike prisar varmar uansett.

måndag 27. januar 2014

Tilbod

av SR

Spar
Køyrer denne veka 400 g kjøtdeig frå Gilde til 24,90, samt 40 % av på smoothiar frå Bendit.

Joker
Har denne veka 10-kronersmarknad. Det er rett nok noko skralt, men dei byr mellom anna på smørost frå Tine.

ICA Supermarked
Har denne veka 40 % av på skrei og skreiprodukt frå fiskedisken. Dette inkluderar òg rogn, lever og tunge. Tommel opp! Vidare er det 30 % på alt frå Findus i frysedisken.

Rimi
Same som dei føregåande vekene.

Bunnpris
Held fast på priskrakket på Findusprodukt. Vidare får du 2 x 1,5 liter taffelvatn til 15 kr pluss pant, 400 gram karbonadedeig til 29,90 kr, og lys og mørk brunost til 59,90 kr/kg.

Mega
Køyrer denne veka 40 % av på ei rekkje posar med coop-kaffi og produkt frå Blenda og Comfort, samt 30 % av på diverse Toro-posar, leverpostei frå Gilde, ferskpressa jus, dusjsåpe frå Palmolive og Nidar Favoritter.

Obs!
Køyrer på med 40 % avslag på coop-kaffi, Big One-pizza og nøtter i lausvekt frå den lille nøttefabrikken. Vidare får du 400 gram kjøtdeig til 19,90, samt 30 % av på salatar frå Delikat.

Rema
Same "fyll opp"-kampanjen som dei har hatt sidan nyttår.

laurdag 25. januar 2014

Grøt, graut, grjot -- utgått på dato?

av KR

Ingenting er som graut. Truleg landets eldste nasjonalrett. Serverast helst i frå steingryte. Billeg er det også. Gryna kostar 10 kr for 750g og kan fôre ein mellomstor landsby i fleire dagar. Det som imidlertid er surt, er å måtte bruke 1 liter mjølk for å få grauten på bordet.

Sparebloggen er raske på labben, men av og til står mjølka over tida også her i garden. Det er velkjend for spararar og anna godtfolk at gamal mjølk skal i graut, brød eller pannekakerøre.

Underteikna hadde denne veka ein liter, som var opna, og dagsett 21/12. 2013 skriv me då. Mjølk frå i fjor er ikkje skremmande, heller interessant slik min kjøleskåpskultur fortonar seg. Det var som om ein kunne høyre fjøslydane frå kartongen i det den gjekk i gryta. Alt skjedde imidlertid utan klumpar, og sjølv fjella ropte hurra! Korleis kunne denne mjølka, som for øvrig var gratisvare, framleis vera god og kvit? Jau, det var som om ein engel gjekk gjennom rommet.

Det var ei verdig feiring i det mjølka passerte ein månad over best før-datoen, samstundes om det var ei viktig påminning over dei sviktande merkingsrutinene til Tine. Eit selskap som skal vera eigd av bøndene må då for pokker kunne verdsette mjølka sjølv om den surnar!

måndag 20. januar 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Karbonadedeig kr 29,90 er billeg, men Sparebloggen føretrekk heller kjøtdeig til 19,90 og lågare. Kjøtdeiga er billegare også justert for feittprosent.

* Spar
40% rabatt på fisk frå Findus, og dei alt overprisa amadinepotetene. Oksesteik kr 129 pr kg.

* Obs
2 x 400g kjøtdeig av svin til 30 kr er bra. Superundertøy frå Bj kr 179 per del. Surra oksesteik kr 129 pr kg også her.

* Rema 1000
Utval av hygieneprodukt 3 for 50, men framleis er FirstPrice billegare. Diverse 3 for 2-tilbod.

* Rimi
Tynnribba framleis 29,90.

* Ica
Fersk torsk kr 59,90 pr kg og ytrefilet av svin kr 79,90.

* Mega
Stor tikronarsmarknad med mellom anna 500g youghurt, 400g blodpølse og diverse tacovarer. Grilla kylling 1,1 kg kr 30. Kjøtdeig av svin kr 20.

* Meny
Kjøtdeig av svin kr 16,90, halv pris på Pizza Ristorante, 30% rabatt på Go' og mager-pålegg.

* Bunnpris
Karbonadedeig kr 29,90 også her. Kystens fiskegrateng 450g kr 10,90, og andre rabatterte Findus-produkt 30-50%.

* Europris
4 x 3 liter spylevæske kr 50.

måndag 13. januar 2014

Tilbod

av SR

Spar
Køyrer òg denne veka på med 10-kronersmarknad. Her er det mykje bra, mellom anna appelsiner, 400 g kyllingkjøtdeig og ein del 2 for 10 på hermetikk.

Joker
10-aren denne veka er fiskegrateng og poteter. Vidare får du 40 % av på Evergood-kaffi. Elles lite å ropa hurra for.

Rimi
Køyrer denne veka på med 3 x 1,5 liter Farris til 30 kr. Vidare får du mellom anna 5 x kiwi til 10 kr. Vidare er det 3 for 2 på ei rekkje produkt, mellom anna frå Barilla, Comfort og Den lille nøttefabrikken.

Mega
Shit pommes frittes! Mega køyrer denne veka på med skrei til 39,90 kr/kg! Vidare får du 2 x 400 g kjøtdeig frå Gilde til 50 kr, 40% på div. drikke frå Coop og 30% på skiva lettost, Twings-te og Double 0 %-jogurt. Heil og fersk aure og laks får du vidare til 69,90 kr/kg.

Bunnpris
Byr denne veka på Norvegia til 59,90 kr/kg og 30-50 % av på alle produkt frå Findus. Vidare får du 2 x 1,5 liter Taffelvann naturell/lime til 15 kr + pant.

ICA Supermarked
Har òg denne veka 10-kronersmarknad og sel skreien til 59,90 kr/kg.

Rema 1000
Har over nyttår køyrd ei stor 3 for XX-kampanje. Mellom anna 1,5 liter Olden til 40 kr, hygieneprodukt frå Palmolove til 50 kr, Vidare får du tre for to av div. fiskeprodukt frå Godehav, kyllingprodukt frå Solvinge, pålegg frå Solvinge/Nordfjord og go'morgen-jogurt.

Coop Obs!
Byr på fersk laksefilet til 59,90 kr/kg, 40 % av på tex-mex frå Santa Maria, 1,5-liter pepsi og pepsi max og all linefanga fisk frå Ervik. Ikkje feil!

måndag 6. januar 2014

Vekas tilbod

av KR

Me ynskjer alle våre lesarar eit nytt, godt spareår!

* Joker
800g karbonader til 29,90 gjev mange billege middagar. Det er konkurransedyktig i høve til prise på heimelaga karbonader, men når neppe opp mtp smak.

* Rimi
400g kjøtdeig av storfe kr 19,90 er ein klassikar.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei gamle kjende. Kaffi frå Ali til 10 kr per 250g. 450g Kystens fiskegrateng til 10 kr er lenge sidan me har sett, og ein god start på året. Meir kvardagsleg er då 400g blodpølse, om enn så billeg til 10 kr snabben.

* Obs
Tikronarsmarknad også her, me nemner tine Kremost, 500g yoghurt og blodpølse. 2 bogskinke 325g for 30 er også innanfor.

* Mega
59,90 pr kg ost er utanfor, meinar me, men kan til nøds kjøpast i eitt eksemplar. Helst vil me sjå osten på 39,90 eller 49,90.

* Matkroken
Pærer 9,90 kr kg er akseptabelt. Fiskegratengen går her til 9,90 for 450g, men er fattigare på fisk enn den frå Findus nemnt over. Strimla svinekjøt 400g 19,90.

* Prix
Når 1,5l Farris annonserast som tilbod på 16,5 + pant skjønar ein kor dårleg det står til. Styr unna.

* Ica
Tikronarsmarknad her òg, men langt fleire luretilbod mellom tikroningane.

* Europris
Bergene Melk-serien frå Nidar til 10 kr stk er særs bra, om ein absolutt må kaste bort pengar på sjokolade. Diverse kjøkkenutstyr, som kaffitraktar, vasskokar, mm til 99 kr stk. Barbermaskin, hårfønar, krølltang, mm til 50 kr stk. Upåklageleg! Alt no kan ein altså byrje og planlegge julegåvene.