måndag 25. februar 2013

Tilbod

av SR

Bunnpris
Har i tillegg til sine faste dagstidbod frå måndag til laurdag, no òg kome med grandiosa til 24 kr. Trur det er ein del tømmermenn som jublar for nettopp dette.

Joker
Grandis er tydelegvis eit stikkord, for denne veka får du 40% på all ferdigpizza frå Stabburet. Vidare kan me tilrå Bixit til 10 kr. Elles lite å melda om.

Spar
Byr denne veka på heil grilla kylling til 29,90, samt 40% på kutta salat (OBS, ruccola er ikkje å rekna som kutta...), Bendit Smoothi, fersk pasta og pizzabotn frå Fersk&Ferdig, og frosne fiskeprodukt frå Fiskemannen. Vidare er det 3 for 2 på jogurt-produkt frå Tine, samt Jordan tannkostar og tannkrem frå Solidox og Pepsodent.

Alt i alt ei veldig bra veke hjå Spar!

Ica Nær
God Gameldags fiskegrateng til 19,90 er billegare, men ikkje så mykje meir. Marknaden har andre produkt som gir meir for pengane. Ei korg (800 g) med kiwiar til 9,90 er derimot veldig bra! Det same er pizza ristorante til 19,90.

Ica Supermarked
Har denne veka 10-kronersmarknad. Me kan tilrå ei rekkje produkt, mellom anna 250 g kronekaffi, eple/pære/appelsiner, omnsbaka leverpostei frå Mills og korg med kiwiar.

Rimi
Har prosentar på div. taco. Det er derimot vanskeleg å finna ut av prisen både på nett og i butikk. Ver difor varsam med dette! Avokado til 7,90 stykk er bra, det same er kvitost frå Synnøve til 59,90 kr/kg. Vidare er det 30% på ei rekkje varer, samt 9,90 for ei korg med kiwiar.

Mega
Har denne veka 40% på ei rekkje typar pålegg frå Gilde. Det er òg 30% på div. gryter frå Toro. Selbu Blå til 18,90 er heller ikkje til å kimsa av.

Obs!
Den er endeleg tilbake - eg snakkar sjølvsagt om kvit synnøve til 49,90 kr/kg. Vidare får du 30% på alle nøtteblandingar frå Polly, og 40% på 1,5 liter Pepsi/Pepsi Max. 2-pakk modne avokadoar til 19,90 er billeg, men me har sett det billegare denne veka, det same gjeld eple til 12,90 kr/kg. Du får òg 40% på alle nøtteposar frå Den lille nøttefabrikken, samt 30% på alle Regal brødblandingar noko som vil seia 11,55. Er du sugen på is med smak, kan me tilrå 4 x Dream for 100 kr.

laurdag 23. februar 2013

Mammutsalet

av KR

Sparebloggtradisjon tru kvesser me støyttennene (applaus, takk) og kjem her med tilrådingar for årets Mammutsal. Kvifor ikkje ta julehandelen alt no?

* Vedboka til Lars Mytting har hamna på Mammutsalet år, men prisen er då (drum role) brennbar og heile 179 kr.

* Coffeetablebooks er ein klassikar på Mammutsalet, og Laurtizen si bok FjellNorge går her for NittiNi kroner.

* Fjodor Dostojevskij er ein av dei forfattarane me berre høyrer i frå på Mammutsalet, og dette året har han tydelegvis kome med ei ny bok (orsak oss, me veit ikkje betre) nemleg Netotsjkas barndom til kr 79!

* Knausgård er ein gjengongar på årets Mammutsal med prisar frå kr 99 til 149 for innbundne permar. I fare for å høyrast ut som indremisjonsdamer, seier me "tenk å utgje slikt på stiv perm..."

* For patrioten tilrår me dette året utgjevinga Instilling fra Undersøkelseskommisjonen av 1945. Ingen avvik avdekt, naturlegvis. Og det berre for 99 kr! Me går ut i frå at bokkjøpet kan trekkast frå på likninga.

* Punk er ikkje berre US/UK og siste halvdel av 1970-talet. Det syner Mathiesen i si bok om Norsk post-punk 1980-1985 til kr 149.

måndag 18. februar 2013

Vekas tilbod

av KR

Etter ei lita vinterferiestille her på bloggen er me no attende med vekas tilbod!

* Joker
Svulten på lasagn utan usporbart hestekjøt? 22,90 for 400g Gilde kjøtdeig av storfe er akseptabelt, sjølv om me normalt ynskjer denne vara under 20 ved hamstring. Vekas tikroning er 1 kg bananer, ikkje billegare enn det må vera.

* Spar
1 kg Norvegia til 59,90 er billegare enn veiledande, men her føretrekk me no kvitosten under 50-lappen før det vert storhamstring. 40% rabatt på Ali kaffi, Hennig-Olsen og druer.

* Obs
40% rabatt på all tex-mex som med det skulle kunne konkurrere med FirstPrice. Appelsiner til 9,90 kr kg er akseptabelt, det same er syntetiske dyner frå 129 kr stk.

* Extra
Diverse "kjøp 2"-tilbod, der høgdepunktet nok må vera 2x400g karbonadedeig for 65 kr.

* Mega
40% rabatt på all juice og yoghurt på tysdag, 40% på alle frysevarer frå Findus onsdag og 40% rabatt på all Ringnes (brus) laurdag. Me er på befolkningsnivå generelt skeptiske til dagskupp, ettersom det aukar sjansen for impulskjøp - men for den disiplinerte sparar kan situasjonen fortone seg anleis!

* Rimi
Også her 40% på tex-mex, 59,90 kr kg for kvitost frå Synnøve, men stakkarslege 29,90 for 400g svinekjøtdeig er skammeleg dårleg.

* Bunnpris
Dei ordinære 24- og 34-tilboda, der kjøtdeig 400g og 500g laks er hovudingrediensane.

* Meny
30% rabatt på Ybarra-produkt er sjeldsynt, meir skeptiske er me imidlertid på prisen på Meny sin ferdigpakka fisk trass i same rabatten.

* Europris
Langt mellom dei ekstraordinære tilboda, men 99 kr for 4 Trysil-sokkar er eit bra alternativ til den dyre Ulvang-sokken.

fredag 8. februar 2013

Test: First Price Sjokoladeputer


av SR

Det er lengje sidan me har testa billegprodukta som er på marknaden, men no er me endeleg attene!

Produkt: First Price sjokoladeputer
Pris: 31,90 kr for 200 gram.

Funksjonalitet 5 av 5
Eg kom over dette produktet ved rein tilfeldigheit. Dei sto framme i ei skål, blanda saman med annan sjokolade og marsipan. Eg trudde dette var ein av dei svindyre juleblandingane (både før og etter eg hadde smakt på dei), overraskinga var difor stor når eg blei gjort merksam på at dette var First Price.


For dei som legg eksklusivitet inn i funksjonalitet, må det difor bli full score. Vidare er det verdt å understreka at posen er enkel å opna. Elles er det klart at ei skål med dette produktet tek seg bra ut på eit kvart kaffibord, uansett samanheng.

Appetitt 5 av 5
Dette må vera First Price sitt svar på Smash. Som namnet tilseier er det eit luftig produkt. Det består av ei knasande kjerne som er forma som ein firkant. Denne har ein saltsmak, og det heile er kledd i eit sjokoladetrekk. Smaken er fortreffeleg av salt og søtt.

Fordøying 1 av 5
Som me tidlegare har vore inne på har nokon av billegprodukta hatt ein lei tendens til å påverka fordøyinga negativt. Med eit moderat inntak av sjokoladeputer er derimot det ikkje noko problem med dette produktet.

Tilråding: Her er det pengar å spara i høve til Smash, sjølv om prisen ikkje er heilt der me forventar når det står First Price på pakken. Når det er sagt er produktet lett å forveksla med dyrare variantar, noko som for mange vil vera eit pluss. Som ein ekte og uttala sparar kan derimot nettopp det vera eit minus, i og med at det går utover spararen sitt omdøme.

måndag 4. februar 2013

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka er det 40% på kjøtdeig av storfe og tomatar. Elles lite å melda om.

Joker
Her er det 40% på tex-mex-produkt frå Old el Paso, samt 3 x store sjokoladeplater frå Freia til prisen av to. Sistnemnde har me sett langt billegare, så det er ikkje så mykje å ropa hurra for.

ICA Nær
Denne veka er det 30% på sørlandschips og Stir-Fry-Saus (kva no det er). Ikkje så mykje å jubla for her heller.

ICA Supermarked
Denne avdelinga har meir å by på. Mellom anna 40% på svinekotelettar, 3 korger bær til prisen av 2, fersk skrei til 59,90 kr/kg og "Italiensk Pizza" til 19,90.

Rimi
I tillegg til 3 for 2, har Rimi no kome med ei kampanje i samband med sleppet av utvalde nye varer. Kjøper du  td. ein Grandiosa Kebabpizza (!) til 62,90, får du ein Grandis original med på kjøpet. Framleis noko stivt, men ikkje så gale mtp. alle samtalane du kan halda i gong med samtaletemaet kebabpizza.

Mega
1 kg lys og mørk brunost, samt Jarlsberg får du til 59,90 kr. Vidare er det 40% på gul og raud Coop kaffi.

Obs!
Me kan tilrå 3 x 1,5 liter jus (appelsin, eple, tropisk og frokostjus) frå Coop til 30 kr. Bananar til 10 kr/kg er òg innanfor.

Bunnpris
Frosen torsk i skiver til 49,90 kr/kg er ikkje feil. Det same må kunne seiast om to Stratos til prisen av éin og kvitost frå Synnøve til 59,90 kr/kg.