onsdag 19. desember 2012

Varsel om priskrig: kalkun

av KR

Me venta på det i 2011, og no er kalkunkrigen eit faktum. Daglegvarehandelen hadde ein innbitt svineribbekrig i 2010, og har sidan mangla ei retteleg julevare å krige om. Måndag melde me at Rema hadde 18,90 kr kg for kalkun, og i dag fann underteikna kalkun for 19,90 på Rimi. Den gamle 29,90 er med andre ord forlatt, og me vonar fleire følgjer på. Lat oss sjå 14,90 før nyttårsaftan!

Billege middagar er mogleg heile året, til og med når det skal vera høgtid. Sparebloggen gjev deg oppskrifta på kvardagskalkunen, og den skal vera som om det var fest.

Finn fram ein kalkun på minst 5 kg, rens ut innmaten.
Fjern låra, skjær ut ryggbeinet og nakken. Hiv dette så opp i ei steikepanne eller gryte ilag med pepar, laurbærblad, nellik, timian og grønsaker som kvitlauk, gulrot, selleri, lauk, nokre tomatar og rikeleg med poteter. Legg på lokk og svak varme i eit par timar, og etterfyll med vatn ved behov. Her har du ei perfekt kalkungryte til kvardag og fest.

Kvifor ikkje hive heile fuglen inn i omnen? Fordi kjøtstykka treng ulik steiketid.

Difor går du no frå lår, rygg og nakke over til brysta som framleis sit på skroget. Press noko bacon/baconfeitt eller smør under brystskinnet, for å tilføre kjøtet saftigheit. Pepre og salte godt, og set inn i omnen på 150 grader. Pass på å etterfylle med vatn her også, og ause sky over fuglen ein gong i kvarteret. Lat stå i 1,5 time. Serverast med alt frå ris til poteter, pass på å lage til noko saus av skya.

Gjer du dette på ein sundag, har du middag i 14 dagar framover.

Sparebloggen ynskjer alle lesarar ei god jul, og eit godt, nytt spareår!

måndag 17. desember 2012

Tilbod

av SR

Joker
Familieribbe til 49,90 kr/kg imponerar ingen. Bananar får du denne veka til 10 kr/kg.

Spar
Òg desse har familieribbe til flåpris 49,90 kr/kg. Det er elles 40% på appelsiner, eple og pære. Mandelpotet til 7,90 kr/kg går fint an!

Mega
WTF? Familieribbe til 49,90 kr/kg her òg, snakkar me prissamarbeid? Coop kaffi gul og raud får du til 25 kr for to posar. 6,89 kr/hg for smågodt er ikkje feil, det same med 40% på dessertis frå Diplom is.

Obs!
Henriette-pinnekjøt til 149 kr/kg er ikkje feil, coop sitt får du til 94,80. Kålrabi er denne veka til 6,90 kr/kg. Julebrus til 7,90 for 1,5 liter er ikkje feil. Òg her er det  40% på dessertis frå Diplom is. Julegåvetips: Philips Senseo kaffimaskin til 399.

Extra
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er òg noko over det me forventar, men det lønnar seg aldri å vera seint ute, med mindre du handlar julepynt - denne veka er det 50% på all julepynt.

Rimi
Køyrer på med 2 for 3.

Rema
Kalkun til 18,90 kr/kg er ein klassikar som aldri slår feil! KR sin spådom frå i fjor om priskrig på kalkun, ser ut til å verte ein realitet i år. Elles er det interessant at den ferdig krydra tynnribba er billegare enn den ubehandla. 5 kg mandelpotet kostar 29,90, og pinnekjøt får du heilt ned til 94,50 kr/kg. Kålrabi til under tre kroner imponerar.

Prix
Òg her er tynnribba som er krydra til 39,90 kr/kg.

fredag 14. desember 2012

Sauseskulen - Brun saus

av SR

Sauseskulen går vidare, og denne gongen er det ein ny klassikar som står for tur, nemleg brun saus.

Som med den brune sausen startar òg denne med å smelta 2-3 ss smør, tilsett så 2-3 ss kveitemjøl, og lat det stå å surre i nokon minutt med hissig omrøring. Viss du er skikkeleg i slaget kan mjølet ristast litt i ei tørr panne før det tilsetjast smøret.

Når mjøljamninga er ferdig surra, heller du i ein halv liter vatn, samt ein kjøtbuljong. Smak så til med pepar ol. Skal sausen nyttast til julemat kan buljongen med fordel erstattast med ribbefeitt eller liknande.

No sit du med ein beige saus. Er du veldig fin på det kan du kosta på sausen ein sprut med sukkerkulør (eller Negro som det gjekk under i gamledagar, så blir den mørkebrun og fin.

Sausen er no fiks ferdig, og nesten gratis. Om du hiver i litt lauk kan du forfina han endå litt meir og kalla den for lauksaus.

måndag 10. desember 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er skuffande nok 1 kg bananar, forholdsvis daglegdags og me har då sett det billegare òg. Derimot; surra svinesteik 29,90 pr kg er rekordbilleg generelt, og nærme jul spesielt. Me er overraska over at Joker tek denne, når dei kunne teke den doble med juleetikett! Ei stor stjerne i boka til Joker, som sikrar rekordbillege middagar. Vidare er det stadig prisras på svinekjøtdeig, og for dei som har ganane i orden må ein seie det var på tide. Aldri så gale at det ikkje er godt likevel, for 15 kr pr 400g smakar godt nok for underteikna.

* Spar
40% rabatt på karbonadedeig er nok billeg, men håplaust å rekne eksakt på så lenge Spar held attende prisen sin. Skal me tippe 22-23 kr pr 400g? I tilfelle konkurransedyktig i høve til Joker sin vassete svinekjøtdeig. Sokalla julemandelpotet til 7,90 pr kg, men langt i frå billegast i marknaden. No er mandelpoteta ei soppassa sterk merkevare at å besudle denne med jule-prefixet faktisk gjer meg meir skeptisk enn godt er.

* Rimi
Stadig lureri og 3 for 2.

* Kiwi
Ingen særskilte tilbod denne veka, men at dei har kutta momsen på økologiske varer har faktisk gjort nokre merkverdige utslag. Her om dagen var det økologiske rømmebegeret omlag 1 krone billegare enn den ordinære rømma. Dei økologiske bøndene har no omsider skjønt det, alt handlar om pris - og ikkje berre lågare produksjon per dekar.

* Ica
Nygrilla kylling til 34,90 er ikkje godt nok, denne hønsa skal me ha under 30. 4 kg poteter til 24,90 pr pose må karakteriserast som bra, så lenge det berre er sekunda vare. FirstPrice si tredjesortering går for 19,90.

* Bunnpris
Tynnribbe til 29,90 er bra, men pass på pakkedatoen! Du vil ikkje ha gris som har overvintra på lageret. Mandelpotet til 29,90 for 5 kg er særdeles bra.

* Obs
Coop ynskjer å drepe kundane sine før jul, og sel denne veka 10 x 1,5l Pepsi Max til 100 kr samla. For oss enkle sjeler er ei mandelpotet, ei mandelpotet. Det er forvirrande nok som det er med denne ordsamansettinga, men når Obs sel 2 kg for 29,90 svartnar det for oss. Kalkun til 29,90 pr kg er framleis bra, og kan etast både før og etter nyttår. Rekordbillege middagar!

* Mega
Feirar 25-årsjubileum, men kotelettar til 25 kr kg er då ikkje noko å invitere til fest på i desember. Billeg ja, men ingen jubilant verdig.

* Europris
"Mer til overs" reklamerar dei, og det stemmer nok så lenge du styrar unna all nipsen dei sel. Apropos nips; denne veka sel ein 180 cm kunstig juletre til 149 kr. Dette er særs billeg, og lågare enn Sparebloggen sitt utgongspunkt for tidlegare berekning av lønnsemda med plast vs trevirke i julestova. Så om du på død og liv skal trekke ein trestokk inn i stova, kan du likegodt gjera det på billegaste og minst motbydelege måte (med 20.000 insekter og midd mindre). Sparebloggen tilrår plast.

måndag 3. desember 2012

Tilbod

av SR

Joker
Gjengangaren 40% på div. big one er òg å finna denne veka. Elles er Sørlandschips til 15 kr ikkje til å kims(a) av. For dei som er fine på det, og ikkje vil ha first price såpe, kan me denne veka tilrå Palmolove-såpe til 10 kr.

Spar
Byr denne veka på klassikaren heil grilla kylling til 29,90 kr. Kan elles lokka med mandelpotet i sekk til 7,90. Ver merksam på at Rema brukar å dumpa prisen på slike sekkar over nyttår, så ikkje kjøp for meir enn ein månad.

Mega
Her kjem det meir ferdigpizza: 40% på alle typar grandiosa. 40% er det òg på hårfarge frå L'Oréal. Vidare er det 2 coop gul/raud kaffi til 25 kr, det same gjeld store sjokoladeplater frå Nidar.

Rimi
Held fram med 3 for 2.

Rema
Heil kalkun til 19, 90 kr/kg er ikkje feil. Elles får du ferdigvatna pinnekjøt til 89,90 kr/kg. Me er usikre på kor mykje tyngre pinnane blir etter vatning, men går utifrå at det framleis er billegare å vatna sjølv (129,90 kr/kg). Noko som har erfaring på dette planet? Ferdigkrydra tynnribbe ligg forøvrig på 39,90 kr/kg. To store Freiaplater til 30 kr er heller ikkje å forakta.