fredag 12. oktober 2012

Tilbodet eg fyrst takka nei til, og angra, men (nesten) fekk att 3 år seinare

av KR

Ny fast spalte på Sparebloggen: "Tilbodet eg fyrst takka nei til, og angra, men (nesten) fekk att 3 år seinare". Her ynskjer me dykk velkomne til ettertanke og framsyn i ein elles hektisk sparekvardag. Me i Sparebloggen er kjende for å vera så gnitne at me av og til let sjølv gode tilbod passere, berre fordi me i jakta etter den siste krona ikkje skjønar vårt eige beste.

Det var oktober 2009. Ein månad som hadde vore prega av fleire gode handlerunder. Denne haustmånaden i 2009 hadde Rimi ei fårikålgryte på 10 liter til sals for 79 kr. Eg lot dette tilbodet passere, og angra meg straks deretter. Sorga over det tapte tilbodet vart delt med dykk her på bloggen, men eg kom aldri over denne 10-litarsgryta. På kvart eit kjøken eg gjekk, såg eg andre kose seg med sin 10-litar.

Me sa den gongen at slike tilbod aldri kjem att. Det har me nok rett i, men denne veka er me nærme. Coop Obs selger ein 10-litar til 99 kr, og denne har til gjengjeld glaslokk i motsetnad til Rimi-gryta i heilstål frå 2009. Me har rekna og rekna, og ved hjelp av Noregs bank sin priskalkulator har me funne ut at dei 20 kronene i mellomlegg, hensyntatt glaslokket, gjer dette til eit høveleg bra tilbod. Eit tilbod me ikkje kan seie nei til.

Lat det koke frå gryterettar og lapskausar over det ganske land denne hausten! Tenk kor mange middagar du kan fryse ned berre etter eitt oppkok. Her kan du spare fleire år av ditt liv framføre komfyren. Smertene sidan 2009 har vore for store, og dei heilt store lapskausgrytene har mangla. Tilbodet er for godt til å late passere, kjære lesar, og sjølv underteikna har no omsider sikra seg ein 10-litar.

Lat aldri eit slikt tilbod gå dykk hus forbi ein gong til, ta turen innom Obs på laurdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar