fredag 21. september 2012

Billeg bilhald

av KR

Fyrst av alt vonar me at særs få av våre faste lesarar eig bil. For å eige bil er det same som å fyrst verte flådd levande, og deretter legge hovudet på blokka for å få meir blodsutgytelse. Eg er sjølv ein av desse sadistane av nokre bileigarar, men prøvar å gjera det med måte. Å føre eit billeg bilhald er ein kunst, og Sparebloggen lærar deg korleis.

* Fyrste leksjon: Ein billeg bil
Det største tapet ved å eige bil er avskrivingane. Det er som dei seier at ein ny bil straks reduserast 50 000 når han trillar ut frå forhandlar, og det stoppar nemleg ikkje der. Gjennomsnittsbilen fell 50% i verdi dei fyrste fem åra. Så kva fortel dette spararen? Lat andre ta verditapet, så klart! Ikkje lat deg skremme av åtvaringane om dyre reparasjonar, det folk normalt seier om 5-10 000 kr, for det er langt dyrare å eige ein bil som tapar seg 20-50 000 kr i året. Sparebloggen tilrår 10 år gamle bilar til 20-25 000 kr, og i den klassa er det mykje fint for tida. Dette er bilar som knapt har verditap, kanskje eit par tusen kroner i året, men dei har 10-15 år att i levetid.

* Andre leksjon: Ikkje bry deg om småfeil
Har du skrapa opp lakken? Har vindauget på venstre bakdør hengt seg opp? Får du ikkje låst bagasjerommet? Ikkje bry deg med å kaste bort tusenvis av verkstadkroner på å fikse småfeil, som uansett ikkje påverkar bilen si evne til å gå frå A til B. Underteikna har siste året gjort dette til ein sport, og går no inn passasjerdøra sidan sjåførdøra har gått i vranglås. Ingen grunn til å late verkstaden få 5000 kr for ein slik jobb, når det tilsvarar halve verdien av bilen. Pay yourself first!

* Tredje leksjon: Bytt dekk sjølv
Bruk eit par timar i året på å bytte til sumar- og vinterdekk sjølv, og spar 1000 kr. Dette er greitt betalt for timar du elles ville ha skusla bort framføre PC eller TV. Pass på å setje skruane inn med grease, så du slepp stå der i uføret neste gong du skal i elden. Det imponerar ingen å stå der å hoppe på pipenøkkelen.

* Fjerde leksjon: Bytt olje sjølv
Eit oljeskift varierar kraftig i pris, men felles for alle "gratis" oljeskift er at olja du får på tanken er svindyr. Gjer difor som Sparebloggen og kjøp olje på Biltema, der du får 4l til 179 kr. Sett av ein halvtime og bytt olje sjølv ein gong i året. Annankvart år kan du slenge på eit oljefilterbytte, og legge 79 kr ekstra på rekninga.

* Femte leksjon: Køyr varsamt
Sjølv om me likar statskassa, treng me ikkje overdrive innbetalingane. Sparebloggen oppmodar difor samtlege om å halde fartsgrensene, og soleis spare tusenvis av kroner i året.

* Sjette leksjon: Køyr varsamt II
Bilen er mest effektiv når motoren ligg mellom 1500 og 2500 omdreiningar i minuttet. Dette betyr køyring i høge gir, og at du på veg opp til femte-/sjettegiret gjerne hoppar over nokre gir. Sjølv starta eg ein Passat i andregiret ei periode, men har no gått over til å starte i fyrstegiret og deretter gå rett over til tredjegiret. Passar det seg slik, setjast bilen deretter rett i femte. Samstundes må du ute i trafikken sjå framover og planlegge neste manøver. Unngå unødvendige nedbremsingar, og dersom du må bremse bør du heller bremse på giret enn på klossane. Over tid vil du her spare nokre lappar på utslitte bremser. Dette kjem frå ein som normalt ligg i andregiret ned fjellovergongane her til lands. Ingenting er som å koma ned til bygdene med avkjølte bremser. Lat det difor heller lukte av kronasje enn av svidd gummi!

* Sjuande leksjon: Drivstoffet
Det er velkjend at drivstoffet av marknadsomsyn er billegast på sundagar og måndagar før kl 12. Fyll difor drivstoff på desse dagane, og aller helst som eit mellomstopp på veg til anna ærend. Her vil me samstundes nytte høvet til å lansere eit sparetips frå ein gamal stortingspensjonist på sørvestlandet: Når du står ved pumpa må du passe på å løfte slangen opp, slik at du får med dei siste restane. Dette er restar du (og forgjengaren din) har betalt for, som elles ville vorte liggande att hjå bensinstasjonen.

* Åttande leksjon: Det mest elementære
Ikkje ver så dum at du kjøper deg bil.

2 kommentarer:

  1. Kan vel kanskje vera lurt å byte filter ved kvart oljeskift, samt å byte olje meir enn ein gong i året viss ein køyrer ein del, og brukar mineralolje. Viss du brukar syntetisk olje, er olja på felleskjøpet same olja som statoil sel for dobbel pris.

    SvarSlett
  2. Må absolutt si meg enig i at filter det skifter man ALLTID!
    Man får kjøpt pumper for å skifte olje, som suger olja opp via en tynn slange du dytter ned i røret for peilepinnen. Bare ikkje tenk på det en gang. Du fåri kkje skifta all oljen!

    Bruker selv Biltemas olje, både i Berlingoen(1999 modell med stooort soltak) og i scooteren.

    Lite tips ang dørlåser(den på førersiden på min forrige Berlingo var også ødelagt) er at disse er enkle å bytte selv.
    Se i dørkanten så finner du gjerne et plastdeksel på høyde med låsen. Fjern dette og se rett inn på låsen. Låsen holdes ofte på plass med ei låseplate med en grei gripekant. Trekk ut låseplata med tang, og pass godt på at du ikkje mister den ned i døra...
    Dørlåsen kan nå trekkes ut av hullet sitt og et stag hektes løs.
    Monter ny lås i omvendt rekkefølge...
    'Ny' lås finner du på passasjersiden på bilen...

    Eldre biler trenger ofte dyre deler...
    Eller gjør de det?
    Min trengte nye bensin injectorer.
    (1500.- og bestillingsvare de fleste steder)
    På http://www.nbfbildeler.no/ fant eg et sett fra en maken bil, for 750.- inkludert frakt.
    Fikk tilogmed høytrykksreservoaret. Eg trengte ikkje den delen, men tror du ikkje det var en oppgradert del i forhold til den eg hadde?
    (Den nye har en ventil for å lette på trykket ved demontering. )

    Har også skifta registerreim, vannpumpe, dynamoreim og servopumpereima.
    Man får kjøpt sett med registerreim og vannpumpe til de fleste biler. Kjøp det,ikkje vær gnien og skift bare reima. Pumpa slites... Ryker lagrene i den ryker reima og da ryker motoren også!
    Eg skifta dette fordi eg ikkje stoler på det arbeidet som var gjort på bilen før eg fikk den.
    (Radiatoren var full av brunt 'peanøttsmør' som vanligvis betyr at motorolje har kommet inn i kjølesystemet - enten ødelagt toppakning eller sprekk i blokka - men alt trykktesta OK, så eg mistenker slett arbeid på motoren en gang tidligere.)

    Nå begynner den kalde sesongen...
    Låstiner skal ikkje ligge i hanskerommet, men i jakkelomma. Husk å bruke PTFE-type olje etterpå ellers blir låsen ødelagt.
    Isfjrner er dyrt. Dekk heller ruta med en presenning eller lign. Minner om at kravet til isfri rute er det området vindusviskerne dekker.
    Silikonstift eller spray må på gummilistene FØR det begynner å fryse til.
    Rull gjerne ned vinduene og gi gumilistene i vindusåpninga en omgang også. (Ødela et feste for ruta en gang da eg forsøkte å sveive ned ei rute som var frosset fast)

    Hvor mye luft er det i dekka?
    Sjekk lufttrykket jevnlig, gjerne en gang i måneden. Lavt trykk = mer dekkslitaje og høyere forbruk.

    Ha alltid reservepærer i bilen. Husk at bilen skal være i forskriftmessig stand ved starten av turen, og i FORSVARLIG stand iløpet av turen. Å kjøre med ei lykt foran er ikkje forsvarlig i mørket.

    Eg bruker vanligvis kobberpasta på hjulmuttrene. Mest fordi eg har en tube liggende. Det holder med en veldig liten dasj. Halv ert eller så. (Eg har egentlig pastaen for bruk på batteripoler, og på bremseklosser for å hindre hyling.)

    Når du legger om, ikkje bare pakk vekk de dekka du tok av. Det er på slutten av sesongen at nye dekk er rimeligst. (Sommerdekk holder seg fint. Vinterdekk liker eg å kjøpe 'sesongferske' )
    Se også etter om det er søl på innsiden som kan indikere lekkasje f.eks i bremsesystemet. Og vask deretter bort all dritt.
    Mens jula er av, sjekk bremsene. Fortsatt godt med belegg på klossene, ingen unormal slitasje på skivene. På drivhjula, sjekk også gummimansjett på drivaksel. Skade der blir raskt veldig dyrt.

    SvarSlett