laurdag 31. mars 2012

God påske

av SR

Det er påske, og me ynskjer alle våre lesarar ei god og nøktern høgtid.

Eit offer for den store ølkrigen.

onsdag 28. mars 2012

Tilbodsjuks avslørt!

av KR

Me har lenge gitt Rimi det glatte lag, og innimellom også andre, for å ha lokketilbod og varer til ordinære prisar i tilbodsavisene. No har Blabladet avslørt tilbodsjuks på ein ytterst pinleg måte for Ica, for øvrig eigaren av storjuksaren Rimi:

http://www.dagbladet.no/2012/03/28/tema/klikk/mat/20883958/

Me gratulerar fotografen med eit fantastisk skot, som nok ein gong syner oss at Sparebloggen sin tidvise kritikk mot Rimi og andre innanfor daglegvarebransjen er heilt berettiga!

Me vil halde fram som før og rapportere om dei verkelege tilboda der ute. Du kan stole på Sparebloggen!

måndag 26. mars 2012

Tilbod

av SR

Mega
Norvegia til 59,90 kr/kg er ein god gammar klassikar. Så lengje den gamle tilbodsprisen på 49,90 verkar til å vera sparehistorie, tilrår me hamstring. Elles får du røyka svinekam til 39,90 kr/kg, og 30% på coop-kaffi, spekemat og nidar sine sjokoladeposar. 2 x 300 gram potetgull frå Kims til 30 kr er heller ikkje til å griva over, same med appelsiner til 9,90 kr/kg.

Spar
Byr denne veka på lammelår til 59,90 kr/kg, samt 40% på appelsiner frå Cevita, grill- og wienerpølse frå Gilde.

Joker
40% på tex-mex frå Old el Paso gir grunn til hamstring. Wienerpølse til 15 kr er heller ikkje feil.

ICA Nær
Grillpølser til 24,90 er ok, men denne prisen skal ned. Appelsiner til 9,90 kr/kg er derimot bra, same med to store plater frå Nidar for 30 kr.

ICA Suparmarked
Denne veka får du Stangekylling (visst nok fyrste klasse) til 89,90 kr/kg er billegare enn vanleg. Elles får du fersk laks til 79,90 kr, men pass opp for "fersk" fisk som er forderva. Ikkje alt i ferskvaredisken er ferskt. Elles får du appelsiner til 9,90 kr/kg og 40% på Big One.

Kjøper du varer for meir enn 500 kr, så får du eit gåvekort på 100 kr, med andre ord ein fin rabatt som må med i rekneskapen.

ICA Maxi
Ikkje før hadde eg slege fast at eg ikkje hugsa sist eg såg ost til 49,90 kr/kg, så kjem Maxi med Synnøve til nettopp denne prisen.

Rimi
Slår opp tre pakkar grillpølser til prisen av to. Les ein òg den lille skrifta, ser ein at det likevel er dyrare enn tilbodet hjå ICA Nær. Lammelår til 58,90 kr/kg er bra, det same er "påskeskinke" til 49,90 kr/kg. Fersk brokoli til 9,90 går òg an. Det same med store Freia-plater til 17,90.

torsdag 22. mars 2012

Test: Coop røykjalaks

av SR

Produkt: COOP røykjalaks
Pris: 89,90 kr/kg (fram til nyleg 69,90!)

Funksjonalitet 5 av 5
Sjølv om røykjalaksen nok må seiast å ikkje inneha det opphøga posisjonen den hadde for 15-20 år sidan, er det likevel heva over ein kvar tvil at bruksområdet er breitt. Kven slit vel ikkje med å fylla tilrådd mengde fisk i veka? Ei skive med laks ordnar opp. Til fest høver det seg med taco- eller potetlefse påsmørt snøfrisk og røykjalaks delt opp i bitar.

Nokon vil kanskje reagera på at eg ikkje gir trekk for at prisen gjeld for ei heil side, noko som kan vera upraktisk. Bruksområde og pris veg opp for dette. Det er dessutan ikkje noko problem å dela opp i mindre stykke, pakke dei i plast og frysa dei ned.

Nei, ta det med ro, du er ikkje komen inn på passion for baking!
Appetitt 4 av 5
Fyrste gong eg kjøpte ei side av COOP sin variant, blei eg til å byrja med skuffa. Fisken hadde konsistens som røyka peparmakrell, og ikkje den tradisjonelle faste konsistensen. Dette kan ha noko med at eg kjøpte den til halv pris, grunna den gjekk ut på dato dagen etter. Når eg fann ut kor hendig det var å berre smøra laksen på, snudde derimot inntrykket.


Seinare innkjøp synar likevel at den fyrste opplevinga nok berre var det som i musikkmiljøet kallast ein one hit wonder. Det kan likevel vanskeleg trekkja ned at konsistensen er slik ein forventar at den skal vera.


Når det gjeld smak, er det ein klar og god smak, mykje betre enn Rema sin billegvariant som eg har erfaring med at må saltast på nytt for å i det heile smaka noko. Når det er sagt er det sjølvsagt ikkje på nivå med td. Sognefjord Gourmet. Må slik trekkjast eitt poeng, sjølv om me er fullt klar over at det ville vore galskap å ha så dyr fisk på skiva kvar dag.


Mange av billegmerka har små og slintrette kjøtstykker. First Price har derimot store og fine kjøtstykke, noko som klart aukar appetitten. Rett nok er det stundom frysemerkje på stykka, men dette er ikkje til å unngå når det trass alt er eit frose produkt. Smaken er vidare utmerkja!

Fordøying 5 av 5
Det kan vanskeleg utsetjast noko på denne fisken når eg truleg har ete ei side med halvveges forderva fisk utan å så mykje som kjenna eit stikk i magen. Fyrsteklasses kvalitet her altså!

Tilråding: Me går god for dette produktet.

onsdag 21. mars 2012

Luksusfellen

av KR

Ein av våre gode lesarar har tipsa oss om Luksusfellen si sesongpremiere i dag. TV3 er like gode som NRK til å nytte nettet som plattform. Lat deg difor gremme, grøsse og sjokkere av millionar i kredittkortgjeld gratis på TV3Play.

måndag 19. mars 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ali Kaffi er vekas joker til 15 kr pr 250g. Som me har vore inne på har kaffiprisane skote i veret, så utrulege 15 kr pr pk er noko me nesten må gå god for i desse dagar. Då er det meir fristande å tilrå 400g kyllingkjøtdeig frå Gilde til 15 kr pakken. Eit særs bra tilbod.

* Spar
400g Gilde karbonadedeig til 29,90 er kanskje bra i høve til veiledande, men om det er farse du er på jakt etter plar me normalt ikkje tilrå stort over 20 kr pk. Elles var det lovleg skrint i hyllene til Spar denne veka.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Obs
Dei vil kundane sine vondt, Obs, 40% rabatt på både (nøkkelholmerka...) Grandis og Coca-Cola. Lammelåret klarar dei ikkje presse lågare enn 139 kr kg, og torskefiletane med pappsmak frå Findus let dei gå til 83,33 kr kg. Håplaust!

* Ica
Maxi sel nykverna karbonadedeig til 89,90 kr kg, eller 20% dyrare enn Spar denne veka. 6 Pizza Originale kostar framleis 100 kr samla på Ica. Då har me større tru på Supermarked, som sel nykverna kjøtdeig til 59,90 pr kg (24 kr pr 400g). Fersk skrei får du òg du 59,90 kr kg, ta den Obs og Findus! Ica Nær følgjer opp, men kjøtdeiga går for sedvanlege 24,90 pr 400g, då er det nesten so ein bør føretrekke karbonadekjøtdeig til 29,90 på Spar...

* Mega
Høyrygg av storfe til 69,90 er eit høveleg bra grytekjøt. Kutt det i småbitar, steikt det og lat putre i kjelen minst ein time. Tilset så frosne grønsaker, potetbitar, salt og pepar. Avslutt gjerne med ein pose brun saus oppi gryta. Dette er billeg middag, eg plar stipulere 10 kr pr middag pr hovud.

* Rimi
2 kg appelsiner til 12,90 er påskespesialen, me trur ikkje prisane vil gå særleg under 10 kr for 2 kg-nett i år. Frå Chicago-børsen høyrer me appelsiner står høgt i kurs, juicen er td tredobla frå bunnen i januar 2009.

laurdag 17. mars 2012

...om lidt er flisen klar

av KR

I Sparebloggredaksjonen drikk me naturlegvis dobbeltrakta Cirkel-kaffi. Den er både billegast og følgeleg dobbelt så god som dei hine.

Den siste tida har imidlertid flisene i kaffien vorte større og større. Treflisene altså. Her seinast over 1 cm lange. No har me då frå før av god kjennskap barkebrød, men trefliskaffi er eit nytt bekjentskap for oss. Og dette skjer altså samstundes med at kaffiprisane her til lands er kraftig stigande, og prisen på tømmer går motsett veg. For eit par år sidan fekk ein 250g Cirkel for 10 kr, i dag må ein over 15 stort sett over heile landet. Det er vel dette ein kallar fair trade, 5 kr meir pr pk rett i lomma på Joh Johannson. Fair enough, hadde det ikkje vore for desse treflisene.

Så Sparebloggen har klaga. Fleire gongar. Me har til og med funne trefliser i erstatningskaffien me har motteke rett frå Joh Johannson sitt kontor. To gongar. 1 treflis gjev 0,5 kg kaffi, og store sjansar for å finne nye trefliser.

Det offisielle svaret frå Joh Johannson er at flisene kjem frå esker kaffibøndene deira sender nordover frå kaffifarmane. Skuld på den fattige kaffimagnaten.

No fryktar underteikna for fleire fliser i munnen for kvar sup kaffi. Skal kaffiskapet verte like fullt som frysaren er av gratis kjøt?

Treflisene er servert, vel bekomme.

torsdag 15. mars 2012

Spararen i statistikk

av SR

Ein stereotyp sparar?
Me har vel alle eit stereotypt bilete av eitt eller anna, anten det måtte vera feministar, høgrefolk, SV-arar, innvandrarar, trygda eller nordlendingar. Alt har oftast rot i røynda, men ofte heller ikkje meir enn som så heller.  Då me er kjende med mytane om oss sjølve - spararane - følar me ei plikt til å òg kunngjera informasjon om vår folkegruppe.

Det naturlege utgangspunktet er slik å byggja på informasjonen om sparebloggen sine tilhengjarar på Facebook.

Har gått grundig til verks.
Det som kanskje overraskar mange av våre mannlege lesarar, er det faktum at folkegruppa sparar består av 57% kvinner. Vidare er det store fleirtalet i aldersgruppa 18 til 34 år. Anar me her eit oppgjer med ein sløsete etterkrigsgenerasjon som er ivrige om å fortelja om at det ikkje er dei som sym i pensjonar og sosiale goder som er den faktiske dessertgenerasjonen? Eller er det rett og slett ein motreaksjon på luksusfellegenerasjonen? Køyr debatt!

Ikkje overraskande ser me òg eit skilje når det kjem til landsdelar. Omlag 75% kjem frå Vestlandet, noko som nok kan vera med på å gje vind i segla til disputten mellom aust og vest om kven som faktisk brukar opp skattekronene.

Gamle pengar.
Elles har bloggen blitt kontakta av fleire nynorskmedia pga. vårt skriftsspråk. I debatten om nynorsken si framtid er det i alle høve klart at lesarar som ikkje soknar til nynorsken kjem berre innhaldet er bra nok. Av språka spararane nyttar, kjem nynorsk på ein tredjeplass etter både bokmål og engelsk med knappe 15%.

Diverre er me ikkje i stand til å få gjort undersøkingar knytt til spararane si inntek og formue, all erfaring tilseier likevel at gamle pengar er synonymt med sparing. Dette tilseier at det mogleg kan sluttast at det ikkje blir spara grunna naud.

måndag 12. mars 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle pizza frå Stabburet, men framleis er det nok billegast å bake sjølv. Elles selgast surra skinkesteik til 49,90 pr kilo, ein billeg middag me normalt føretrekk å kjøpe enno billegare (30-40 kr kg).

* Spar
Sokalla pølsefest 40% rabatt på pølser frå Gilde, Prior og Finsbraaten. Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Rimi
Ferske kotelettar av svin 39,90 kr kg er ein billeg middag, men me plukkar normalt kottisar til 20-25 kr kg når sumaren nærmar seg. Sjå heller Ica Supermarked.

* Ica
Maxi sel denne veka 6 Pizza Originale til 100 kr, og prøvar seg elles med diverse luretilbod. Me let oss ikkje imponere. Supermarked nærmar seg sumarprisar på nakekottisar 29,90 pr kg, som kan tilrådast. Ica Nær freistar med 400g kjøtdeig frå Gilde til 24,90, me ventar naturlegvis på 19,90-tilboda. Elles er 40% rabatt på fiskegrateng frå Findus (veil ~35) ikkje særleg bra for den som plar plukka slikt på 10-kronarsmarknad.

* Obs
Epler til 7,90 kr kg for medlemmar av kooperasjonen er ein pris me kan tilrå. Elles er det lite imponerande i disken, og tildels manglande merking. Kva Obs meinar med "oksestek" 129 kr kg veit me ikkje, men me fryktar det er grytekjøt.

* Mega
Lammelår 89,90 kr kg er billeg, men me ventar på at prisen skal ned nokre tikronarar til før pesach. Sjå også Sparebloggen sitt speketips. Elles selgast eindel kjøtpålegg frå Gilde til 40% rabatt denne veka. Skulle nærme seg FirstPrice-nivået då.

* Bunnpris
Det sprikk i krikar og krokar hjå Bunnpris, og det til det kjedsommelege; sokalla taco-krakk denne veka òg...

onsdag 7. mars 2012

Dagstur til Sverige

av SR

Sist veke tok eg turen over fjellet frå Bergen til Østfold, naturleg nok med flybillett Flesland - Rygge til den nette sum av 349 (DAT legg ved midnatt i kvart månadsskifte ut billege billettar på sine ruter neste månad). Ikkje berre er det herleg retro med frukost inkludert i flybilletten, men det er òg fritt fram å sjekka inn bagasjen.

Midt på denne brua synk prisane dramatisk.
Det naturlege høgdepunktet når ein er i desse trakter er å leggja turen over svenskegrensa - og ja, det sto til forventingane. Fyrst ei lita faktaboks, før eg tek til med med høgdepunkta:

  • Det er omlag 20-30 minutt i bil frå ei rekkje av dei store byane i Østfold til matbutikkane på Svinesund. Det er ytterlegare eit kvarter til polet i Strømstad.
  • Du får omlag 120 svenske kroner for 100 norske.
  • Det er ein fordel å leggja turen til arbeidstida viss du liker å underhaldast av spesielle folk.

Lat oss starta med matvarebutikken:

Det nærmar seg årets høgdepunkt - skjærtorsdag.
Me ha lagt det til ein vane å rakka ned på dyr karbonadedeig. Sett saman med at at rykta skal likevel ha det til at ein bør styra unna det som heiter kjøtdeig i Sverige, landa eg på karbonadedeiga. Og kvifor ikkje? Omrekna til norske kroner og 400-gramspakkar blei det 22 kr pakken når eg kjøpte fersk deig i to kilospakkar. Det er under den nye tilbodsprisen på vanleg kjøtdeig, og eg må innrømma, det var meir kjøt og mindre vatn i denne.

Vidare blei det spareribs av den marinerte sorten til 75 SEK/kg og gauda til 60 SEK/kg, for ikkje å gløyma pepperonien eg fekk kasta etter meg. Og framleis var det meir!

Prisane på systembolaget var det heller ikkje noko å utsetja på. Etter å ha lagt 8 x 0,5 liter (5,2%) øl i korga a 10,40 SEK, gjekk turen vidare mot raudvinen. I rein lukkerus over å ha lagt ein treliterskartong med Gato Negro i korga til finfine 189 SEK, gjekk eg mot Chiantien. Ruffino til 75 SEK er ikkje feil.

Når transporten i tillegg var gratis, var dette dømd til å bli ein økonomisk klassikar!

Sjølv om freistinga var stor, heldt me oss likevel unna pengesluket til både bingodamene og grekaren på Gott og Grillat. Det var truleg òg grunnen til fråveret av østfoldharryane. For det var berre éin ting som mangla, og det var synet var laukmannen eller sjefsharryen.

Det burde ikkje vera naudsynt, men eg presiserar likevel at eg sjølvsagt tok eg tog attende for å unngå overvekt på flyet.

måndag 5. mars 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka er det 30% på bær, grønsaker og poteter i frosen form frå Eldorado. Du får òg nygrilla kylling til 29,90 og 40% på alle salatar. 30% på tex-mex frå Santa Maria er likevel ikkje nok til å koma ned på nivå med first price. Fersk skrei til 59,90 kr/kg går derimot an.

Joker
For dei som tyr til karbonadedeig er 400 gram til 29,90 ikkje å forakta. Elles er det ein klassikar med sjokolade på tilbod, men denne er ny: 40% på Nidars favoritter Troika og Caramello. Heil regnbogeaure (500g) til 10 kr høyres for godt ut til å vera sant, men me slår tilbodavisa i bordet og hamstrar.

Rimi
Pink lady er sinnsjukt gode eple, og med 19,90 kr for seks epler nærmar det seg etande òg prismessig. 1,5 liter farris til 8,90 er heller ikkje feil, sjølv om me har sett det billegare. Du får òg ferske kotelettar til 39,90 kr/kg, men denne prisen sal ned no når me nærmar oss grillsesong.

Mega
Har denne veka nye tilbod kvar veke - kanskje dei endeleg klarar å faktisk ha varer meir enn berre den fyrste timen i opningstida på den måten?
Måndag: 40% på jogurt frå Tine.
Tysdag: 40% på reingjeringsartiklar frå Lilleborg.
Onsdag: 40% på frysevarer frå Findus.
Torsdag: 40% på coop kaffi.
Fredag: 30% på frukt og grønt.
Laurdag: 40% på sjokoladeplater frå Freia og snacks frå Maarud.

Ica Maxi
Røykt svineknoke til 24,90 kr/kg er på ingen måte feil. Torskefilet til 69,90 kr/kg kan la seg forsvara sett opp mot rund fisk frå Spar til 59,90 kr/kg. Vaskepulver frå Ariel til 19,90 er òg bra.

Ica Supermarked
Har torsdag 40% på alt frå Toro. Elles får du filet av steinbit til 99 kr/kg.

Ica Nær
Byr på ferske svinekotelettar til 39,90 kr/kg, bra her og no, men prisen skal altså ned. 400g svinekjøtdeig til 19,90 er ikkje feil, det same gjeld appelsiner til 9,90 kr/kg, sjølv om kvaliteten ikkje har vore heilt på topp dei siste vekene.

Bunnpris
I tillegg til dagstilboda, er Bunnpris no attende med taco-krakk. Dette inneber 30-50% på alt av tacoprodukt, inkludert bunnpris sine eigne. Dette gjer at du mellom anna får ein pose nachochips frå Santa Maria til 9,90. Kombinerar du det med å kjøpa kjøtdeig på fredagar, så kan det bli eit riktig hyggeleg måltid.

laurdag 3. mars 2012

Kiwi vart ribba - igjen

av KR

Kiwi kan det å drive butikk, dei let varene sine gå ut på dato - slik at me andre kan få plukke dei gratis. Som den trufaste lesar forstår, har underteikna på ny vore på Kiwi-raid.

Dette har vore eit langsiktig planlagt stunt, for eg har fulgt med på noko pinnekjøt i omkring 2 mnd. Det hadde seg slikt at like over nyttår, då Knut hadde jaga jula ut, kom eg over nokre stablar med pinnkjøt på Kiwi. Sesongen vart trygt over kan ein seie, men datomerkinga talte anleis; 28. februar 2012. Let's play the waiting game, tenkte eg - og la varene på minnet.

Og ganske riktig. Vinterferien kom og gjekk, og det var berre å spasere inn og forsyne seg av varene. 3 x 2,2 kg Lundals eldhusrøykt pinnekjøt til ein totalverdi av 1917 kr. Rett nok var det fristande å late varene gå ut på dato i ordets rette forstand, for soleis å kunne cashe inn pengane for godbitane. Kiwi kunne jo umogleg gje attende slik vare med jula passé for over 2 mnd sidan. Ein god arbitrage, då eg sjeldan kjøper kjøt for over 300 kr kg. Grådigheita var imidlertid for stor, frykta og fristelsen for at andre skulle finne varene det same - etter desse månadane skulle eg hente heim gevinsten. Som sagt så gjort, og ikkje berre det, røynde sparar. På vegen til pinnekjøtet ribba eg med meg 3 x fersk pizza av merket "Dagens" kjøtdeig, bacon og skinke til verdi av 283,50. Ein halv av desse kan drepe ein hest, middag for dagesvis skal eg seie. Dagen var fullendt då eg kom til kassa, betalte kr 17 for noko anna (ikkje-utgått) småtteri, smilte og takka for handelen.

Historia vil òg ha det til at eg dagen etter kom innom på morgonen og henta 1 kg serveringsklar Gilde skinkesteik til kr 161,30 som eg hadde merka meg dagen før (på pinnekjøtdagen), men den historia får eg servere ein annan gong.

På måndag er eg spent på om beteninga har plukka bort all den kyllingfileten som går ut 05.03.12... Vert det meir kylling i frysen min no, så er eg redd den stryk med av salmonella! Totalt har eg no raska til meg 23,7 kg kjøt på 9 veker. Dette skapar problem. Matlageret aukar meir enn eg klarar å putte i meg. Frysaren er på bristepunktet. 100-litaren har aldri vore så full som no, men heller ikkje så systematisk oppbygd og pakka. Lat oss likevel håpe på more, more, more!