måndag 27. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ferske nakkekotelettar til 29,90 pr kg kan me tilrå. Elles er det ikkje stort å hente, frosne reker til dyre 29,90 er eitt av mange gjesp hjå Joker denne veka.

* Spar/EuroSpar
40% rabatt på allereie overprisa kaffi, ferdigkutta salat og brød. Sommarskinka går til svindyre 99 kr kg, surra svinesteik skal under 40 kr kg for å vera bra (sjå prisstatistikken). Årsverste frå Spar.

* Rimi
Sommarskinke til 59,90 kr kg er framleis for dyrt for oss. Frosne reker til 19,90 er imidlertid OK, men langt i frå billeg. Flintsteika går atter eingong for 49,90 kr kg. Heller inga bra veke for Rimi.

* Kiwi
Go'helg-tilbodet denne veka er ytrefilet av svin til 105 kr kg, ikkje særleg billeg - men OK i små mengder.

* Mega
Nakkekotelettar til 39,90 er ikkje godt nok denne veka heller, sjå Joker. 40% rabatt på Tine yohurtar kan romme nokre greie tilbod, me nemner her 500g-begeret til veil 14,90 - no under tikronaren.

* Obs
Dei frosne sumarkotelettane frå Gilde går framleis til 27,90 kr kg, og elles er det skuffande lite å hente på Obs denne veka.

* Ica
Maxi har umarinert flintsteik (dvs ferskare) til 29,90 kr kg, noko som er særs billeg. Supermarked har 40% på frosenpizza, medan Ica Nær legg doblar prisen på flintsteika (marinert) i høve til Maxi. Oppsiktsvekkande dyr marinering frå Ica!

Konklusjon: Ei skuffande veke, men flintsteika på Ica Maxi trekkast fram som vekas høgdepunkt.

måndag 20. juni 2011

Tilbod veke 25

av SR

Spar
Sommaren er unekteleg komen, og denne veka får du 40% på alle "sparepakkar" med is. 19,90 for ulike typa grillpølser frå Gilde er heller ikkje feil. Elles lite å melda om.

Joker
500 g grillpølse frå Findsbråten til 14,90 er kanskje årsbeste, om ein ser vekk frå dei frosne som det aldri blir reklamert for. På ispinnefronten får du Isabella og Friskis til 16,90, noko som gir ein finfin stykkpris. 10-aren denne veka er 350 gram rømmegraut, sjå heller Obs.

Rimi
Reker til 19,90 kr/kg er smaken av sommar, men me ventar oss ein endå sterkare smak dei kommande vekene, men det er likevel grunnlaget for ein billeg middag. 129 for 24 boksar med cola er ikkje spesielt billeg. Ikkje lengje sidan eg såg det same til 89 og 99.

Mega
Marinert flintsteik til 49,90 kr/kg er korkje fugl eller fisk (det er svin høhøh). Ikkje noko å hamstra etter med andre ord. Spekematen til Jonsokafta kan du kjøpa hjå Mega, der det er 40%. Men styr unna rømmegrauten, den er dobbelt så dyr som på Joker. 1 kg nektarinar til 12,90 kr er rimeleg bra.

Obs!
3x600g grillpølse får du til 48,90, noko som er bra. Du får òg treningsskjorte og shorts frå kappa for tilsaman 199, noko som er veldig bra! 800 gram rømmegraut til 19,90 er ein veldig fin pris, det same er 40% på ei rekkje Findusprodukt.

ICA Supermarked
Norvegia til 59,90 kr/kg er verdt å kjøpa meir av, men ikkje for mykje. Elles diskast det opp med pærer til 9,90 kr/kg.

ICA Maxi
Lite å melda om frå denne kanten, einaste er Koss porta pro til 199 kr. Hugs kvitteringa, så har du hovudtelefonar resten av livet - det er livstidsgaranti!

onsdag 15. juni 2011

Det er herleg å vera norsk i Danmark!

av SR

Det nærmar seg ferietid, og me har jo tidlegare gitt tips om gratis tur med Hurtigruten. I denne samanhengen tenkte eg å fortelja om min helgatur til Danmark. Den totale prisen på turen blei 32 danske kr for tre dagar. Korleis kunne dette skje?

Nei, det heile gjekk ikkje føre seg framfor ein tv- eller pc-skjerm. Eg var faktisk i Danmark.

Trikset var å reisa med svigers. På den måten var både fly, hotell, mat, drikke og inngangsepengar på jazzfestival dekka. Ikkje nok med det blei tax free-kvota påspandert òg! Moralen er med andre ord som i fjellvettreglane, legg aldri ut på tur åleine.

Men kva gjekk så dei 32 kronene til? Postkort sjølvsagt. Heilt klart eit potensiale for sparing, særleg i og med det eine ikkje kom fram pga. ca tusen nummer for høgt postnummer.

Takk for ein fin og økonomisk tur til Danmark!

måndag 13. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

Sparebloggen tek ikkje pinsefri, her kjem vekas tilbod.

* Joker
Ein klassikar i smårettar, skinkeboks 325g til 16,90. Elles er diverse BigOne-pizza prisa ned til 29,90, men det er framleis ein stiv pris gitt heimelaga alternativ (td med ei halv skinkeboks i fyllet). Vekas tikroning er Oreo-kjeks. Kall oss umoderne, men me kjenner ikkje til veiledande pris - kjekspakke til 10 kr er likevel i det billege hjørnet.

* Rimi
1,2 kg grillpølser til 36,60 er billeg frå den kanten, men Rema har pølser til 19,90 pr kg. Entrecôte av storfé til 118,90 kr kg er billeg, og kan tilrådast. Det same kan Gilde sine karbonader 800g til 39,90, men berre i små mengder - me har sett det til 29,90 tidlegare. Elles er det frosne reker til 19,90 kr kg, akseptabel pris som nok vil koma ned nokre kroner til utover sumaren.

* Spar/EuroSpar
Nygrilla kylling til 29,90 pr stk (omlag 1,2 kg) kan gje middag til ein stor familie, eller vare ei heil veke om du koker suppe på den. Kvitost frå Synnøve til 59,90 er i dyaraste laget, og kjøpast berre om du er tom og ikkje kan oppdrive EuroShopper sin til 55 kr kg.

* Kiwi
Pushar framleis dyre varer (med nøkkelhol) til svakt nedsett pris.

* Ica
Framleis tikronarsmarknad på Ica Maxi. Ica Supermarked sel 400g kjøtdeig til 19,90, kan tilrådast i store mengder. Ica Nær har ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Mega
40% rabatt på Grandiosa er kanskje billeg for den som et papp. Skinkeboks til 19,90 styrar me klar, då joker sel tilsvarande til 16,90. Ytrefilet av svin til 119 kr er også for dyrt, me forventar at Mega slår av ein liten femtilapp her. Elles sel Mega rund makrell til 29,90 pr kg. Sparebloggen vil her koma med eit ultrasparetips: Kontakt næraste fiskemottak og spør om å få kjøpe ei 25-kiloskasse med agn (mellomstor sild eller makrell). Denne kostar deg truleg 100 kr eller 4 kr kg.

* Obs
Har også prisa ned BigOne, men 3 for 100 kr er framleis dyrt. Det same gjeld skinkebokstilbodet 2 til 40 kr, som er dyrare enn Joker denne veka. Elles held Obs stor tikronarsmarknad. 430g fiskekaker, 500g yoghurt, diverse Denja-salatar, 150g servelat og blodpølse 400g er alle varer me tilrår til 10 kr stk. Til sist vil me tilrå Philips hårklyppar kr 199 på det sterkaste!

onsdag 8. juni 2011

Ferietips: Gratis hurtigrutetur!

av KR

M/S Nordnorge sig frå kai i Bergen 16.06.11 kl 19:45, og seglar nordover heilt til 22.06.11 kl 09:45 -- og du kan få vera med heilt gratis! Turen går i sin heilskap på nyskapande NRK2, og er ein naturleg oppfølgar av kassasuksessen Bergensbanen minutt for minutt.

God tur, og god ferie i sofaen får ein vel seie! Me snakkast ombord, erm ja -- frå sofaen.

måndag 6. juni 2011

Tilbod veke 23

av SR

Spar
Denne veka er det sokalla fryseshow frå Findus. 40% på alle Findus sine fiskeprodukt. Du kan òg få heil melon til 9,90 kr/kg, samt isbergsalat til 9,90 kr pr. hovud.

Joker
Sommarkotelettar frå Gilde til 29,90 kr/kg er greitt, men me har sett billegare. Står valet mellom 2 liter sørlandsis til 19,90 og ispinnar, tilrår me to-litaren. 10-aren denne veka er vannmelon, pr/kg sjølvsagt.

Rimi
Startar veka med å pissa på oss forbrukarane. For å kjøpa sommarkotelettar og "filetkotelettar" til 116,33 kr/kg må ein vera både full og dum. 1,2 kg grillpølser til 36,60 kr er derimot bra, det same er laksefiletar til 72,80 kr/kg. Vekas hit er tydeleg vannmelon, òg Rema tek 9,90 kr/kg. Anar me ein framtidig priskrig? Du får òg Lollipop og Pin Up til 24,50 for ein tipakning.

Bunnpris
Ikkje så mykje å skriva heim om, utover dei faste dagstilboda. Biola med smak til 25,50 er billegare enn vanleg, men det er på ingen måte grunn til å bytta ut den nøkkelholsmerka mjøka frå Kiwi.

ICA Nær
Det er uvisst kva ein "Grillrakett" består av, men mykje tilseier at det er svinekjøt. Sett i lys av at den er marinert er 99 kr/kg ein fin pris.

ICA Maxi
Inga kundeavis, men det ryktast om "Gigantisk 10-kronersmarknad".

ICA Supermarked
Måndag og tysdag får du makrell til 39,90 kr/kg. Utover det er det lita å melda om.

Coop Obs!
Byr denne veka på norvegia til 59,90 kr/kg, for dei som ikkje fekk hamstra til 49,90 for nokre veker sidan er dette tilrådeleg. Elles må karbonadedeig til 29,90 kr/kg vera rekord, men som me tidlegare har vore inne på er det ikkje verdt pengane i høve til vanleg kjøtdeig. Treng du nye sandalar tilrår me deg å ta turen til Obs, der du får sandalar frå Timberland til 299 kr. Du får òg 40% på ei rekkje varer: mellom anna Fun light-saft, ketchup frå Idun, jejeje heimelaga frå Gradiosa og sjokoladeposar frå Minde. Er du coop-medlem får du i tilleg sekspakk med kroneis til 29,90 (19,90 på Rema), Bris til 6,90 for 1,5 liter og 40% på kaffi frå coop.

Mega
Fersk grillribbe til 69,90 kr/kg er bra for sorten, men du kan få meir kjøt pr. krone andre stadar. 40%-aren denne veka er pølser frå Gilde. Utover det KAN du gjera nokre kupp på 3 for 69. Sett deg godt inn i dei opphavlege prisane, og kjøp det dyraste.


Ymse
Me kan denne veka få hjelp til sparinga! Det blir mogleg bankstreik, noko som gjer det vanskelegare å bruka pengar. Takk til fagforeiningane!

Elles skal eg denne veka nytta meg av Fjordland sitt introduksjonstilbod på fire nye rettar. Du kan kjøpa ein, og få att pengane om du fyller ut eit skjema, og sender kvittering i posten. Det er berre éin pr. husstand, men her er det mogleg å vera kreativ. Studentar har minst to. Adresser gjerne til arbeidsplassen, studiestaden og liknande i tillegg til hytta, hybelen og heimen.

torsdag 2. juni 2011

Prisstatistikk

av KR

Etter oppmoding frå ein av våre lesarar, har me her utarbeidd Sparebloggen sin prisstatistikk. Statistikken rommar prisar på tilbodsvarer som her er publisert sidan hausten 2009. Du vil med andre ord ikkje finne luretilbod og andre stive prisar i denne statistikken, berre låge prisar og utviklinga på tilbodsfronten. Me kan sjå at prisnivået svingar til dels kraftig på enkelte varer, og særleg der det er sesongmessige variasjonar. Likevel er totalinntrykket er at prisnivået på typiske tilbodsvarer held seg nokonlunde stabilt, og at gode tilbod alltid kjem att om ein er tålmodig. Klikk på bileta for å studere nærare.