måndag 30. mai 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kjøtdeig 400g 19,90 - ein sparebloggklassikar! Og dette kom på eit særs gunstig tidspunkt, då underteikna sitt farselager faktisk gjekk tomt på fredag. 40% på sjokolade frå Nidar kan romme godbitar. Elles er det mykje overprisa grillmat her som på diverse andre kolonialar for tida. Vekas tikroning er 2 posar potetmos (90g), kanskje ein rask middag - men dyrt når poteter går til 4 kr kg.

* Spar
40% på alt fersk pålegg frå monopolistane Gilde og Prior (kva seier du til den Steensnæs?!). Med dette når ein kanskje ned på FirstPrice-prisar. 200g sjokolade for 18,90, godt under veiledande men me har sett det billegare. Elles byr Spar på skinkesteik til 99 kr kg, regelrett skammeleg å kalle dette eit tilbod når desse skinkene jamnleg dukkar opp til 30-40 kr kg. Lite og ingenting å hente på Spar denne veka.

* Rimi
Held fram kotelettsalet til 27,90 pr kg, noko som gjev ein billeg middag. Kven seier det er dyrt å leve i Noreg til slike prisar? Skinkesteika går til 59,90, framleis dobbel pris av det me er vande med. Lite å hente hjå Rimi denne veka, sett bort i frå det etterkvart så vande tilbodet på kotelettar.

* Kiwi
Grillpølser 27,72 kr kg frå pk á 3x600g. Vekas Go'helg-tilbod er filet av svin til 70 kr kg, som selgast frå pk á 2 filetar til 16,90. Middag for to til 20 kr med poteter og steikesky attåt. Kven seier det er dyrt å leve i Noreg?

* Coop Obs!
Også her finn me det vitgjetne kotelettilbodet 27,90 pr kg. Elles er det mykje dyrt og marinert kjøt å finne i disken til Obs. Bananar til 9,90 kr kg er bra, og Farris Bris 6,90 + pant til medeigarar av Coop-imperiet.

* Coop Mega
Pushar denne veka ytrefilet av svin til 119 kr kg. Minst 40 kr for dyrt pr kg, sjå heller Kiwi sitt tilbod om du er lysten på svinefilet. Sjokoladeplater á 200g til 19,90, ikkje billegast denne veka.

* Ica
Maxi har denne veka 40% på alt frå Findus, og med det når me nesten FirstPrice-prisar også her. Elles er det heilt utruleg kva Ica får seg til å servere som tilbod denne veka, ta til dømes hamburgarar til 100 kr kg.

* Bunnpris
Grillpølser 26,50 kr kg er uvanleg billeg til Bunnpris å vera. Elles lite å hente også her, og særleg gjeld det i den overprisa grilldisken.

Konklusjon: Joker frå premie for sitt tilbod på kjøtdeig 400g til 19,90. Elles er det eindel billeg kotelettar og grillpølser kringom i landet. Sparebloggen bevisar nok ein gong at det ikkje er dyrt å leve i Noreg!

måndag 23. mai 2011

Tilbod

av SR

Spar
650 gram ferske kyllingfiletar til 69,90 er ikkje spesielt bra, uansett kva Spar måtte påstå. 22,90 kr for 400 gram kjøtdeig er derimot greitt viss du treng fersk kjøtdeig. Utover det er det berre ein haug oppskrifter og dårlege prisar Spar byr på denne veka.

Joker
Har denne veka svinekotelettar til 29,90 kr/kg og Norvegia til 59,90 kr/kg. Bra, men det blir betre. Reker til 19,90 kr/kg kan òg tilrådast.

Rimi
Har denne veka frosne sommarkotelettar til 27,90 kr/kg. Blå druer til 19,90 kr for 500 gram er greitt, og 6 sandwich til 29,90 er ein fin pris. Blir nok ein tur innom Rimi denne veka. 500 gram kyllingpølser til 17,90 er òg bra, særleg for dei som alltid endar opp med å kasta dei to siste pølsene i 600-gramspakken

Mega
Denne veka får du Norvegia til 49,90 kr/kg. Her er det berre å rekna på datoen og rydda plass i kjøleskapet. Utover det er det 40% på ei rekkje produkt frå Findus, samt fersk flintsteik til 49,90 kr/kg. Er du glad i noko litt meir ekstravagant enn dei vanlege grillpølsene når du grillar, kan me tilrå 3 for 69-tilbodet. Men ver obs på luretidboda. 4 x 1,5 liter coopjus til 50 kr er heller ikkje verst.

Obs
Denne veka får du 8 x 1,5 liter coopjus til 80 kr. Då går det an! Du får òg Synnøve sin brunost (800 gram) til 39,90, og er ikkje first price-såpa bra nok til deg, får du fire lanoprodukt til 50 kr. òg her får du sommarkotelettar til 27,90 kr/kg. Det er òg 40% på potetgull, snacks og nøter frå Kims denne veka.

ICA Maxi
Har denne veka ikkje kundeavis, men ber oss vera vakne i regionsavisene. Spørs om me kostar på oss det.

ICA Supermarked
Fersk makrell til 39,90 kr/kg er greitt, men me tilrår heller å finna ein lokal sildestim, og kasta ut sluken der.

onsdag 18. mai 2011

Billeg 17. mai

av SR

17. mai kan fort bli ei dyr affære. Uteplassane veit å smi medan bunaden er varm, og kvir seg ikkje for å krevja godt over hundrelappen for litt is og nokre jordbær. Så til glede for dei som svidde av litt for mykje på grunnlovsdagen skal eg dela mi 17. mai-feiring:

Det heile starta med at eg var invitert til frukost - 0 kr

Turen gjekk vidare til sentrum for togunderhaldning i 2 til 3 timar - 0 kr

Etter toget sto gratis pølse og pils på univeristetet for tur - 0 kr

Så var det tid for middag, og det var sjølvsagt rømmegraut som sto på menyen. Eg kjøpte 900 gram frediglaga graut for 19,90, samt vossafår til 22,50. Halvparten av grauten, og 5-6 skiver vossafår var nok - 15 kr.

På ettermiddagen var det sosialt samkvem, kaker og leikar. I dette høyrer det med litt øl - ein svenskimportert og ein ekstravagant nasjonalromantisk norsk ein - 60 kr

Med god hjelp frå vêrgudane fekk eg pressa dagen godt under 100-lappen, grunna fråveret av is. Totalt blei dagen på 75 kr, og eg understrekar at det var ein upåklageleg dag.

måndag 16. mai 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
600g grillpølser frå Gilde til 19,90 er eit høveleg bra tilbod, men pass på Kiwi er billegare denne veka. Det same gjeld klassikaren 200g assortert freiasjokolade til same prisen. Vekas tikroning er pastasaus frå Dolmio. Denne er god som basis, og gjev ein billeg middag. 10 kr kg for importepler er heller ikkje billegare enn kva det må vera for omtale hjå oss. Karbonadekakene styrar me imidlertid klar, 49,90 for 800g kan gjerast mykje betre - som i april då Joker hadde tilsvarande vare til 29,90. Atter ein gong ser me at innhaldet i tilbodsavisene kan vera tvilsame også andre stadar enn Rimi.

* Spar
2 kg Sørlandsis til 19,90 er etterkvart ein klassikar. Elles lite å hente hjå Spar denne veka, ytrefilet av svin til 199 kr kg er ei stor skam.

* Kiwi
3 x 600g grillpølser frå Gilde til 49,90 (27,72 kr kg) er eit særs godt tilbod. Go' helg-tilbodet er pepparbiff til 113 kr kg, porsjonar á 16,90, eit høveleg bra tilbod trass i varierande kjøtkvalitet.

* Rimi
Plasserar seg mellom Kiwi og Joker kva gjeld gildepølsene. Elles er kotelettane nede i 34,90, me tilrår ikkje hamstring før ein bikkar under 30 kr. Grillvarene er komne i hyllene, som i fjor prisast gamalt kjøt til det tredoble straks det er kome i marinade. Styr unna.

* Obs
5 grandis til 100 kr er billegare enn normalt, men likevel ingen god pris mtp det låge næringsinnhaldet. Kotelettar til 27,90 er noko me kan tilrå. Elles er det mykje overprisa marinert kjøt her som på Rimi. Moccamaster til 899 kr er bra, og her kan ein sikre seg ein traktar med livstidsgaranti. Eit anna solid elekronikktilbod frå Obs denne veka er klassiske øyretelefonar Koss Porta Pro til 299. Treng du joggesko førar Obs denne veka Asics til 399 (str 37-47).

* Ica
Maxi har denne veka "2 for 1"-tilbod, mellom anna får du 2 x skinkeboks for 33,90 og 2 x pizza originale for 31,50. For oss ser det ut til at utgongsprisen per vare er sett opp med 20-25%, men sluttprisen er likevel attraktiv.

* Mega
Ei rekke varer er prisa ned 40%, men utgongsprisen er som kjend høg - og ein kjem med tilboda ned i det me reknar som FirstPrice-sjiktet. Typisk kjem Tine-varer ned i prisen av alternativ vare frå FirstPrice. Elles førar også Mega freiasjokolade 200 g til 19,90, og legg på Farris til 9,90. Til sist nemner me 40% rabatt på shampo frå Sunsilk. Me er usikre på prisen her, men kan seie sopassa at Mega også sel Zalo til 26,90...

Ein dråpe er nok! God 16. og 17. mai.

måndag 9. mai 2011

Tilbod veke 19

av SR

Spar
Det nærmar seg vår, og denne veka får du alle typar melonar 40% billegare enn vanleg, samt 600 g grillpølse til 19,90 kr. Elles styrar me klar "spar".

Joker
Sommarkotelettar til 39,90 kr/kg er greitt, men ikkje objekt for hamstring. Isbergsalat til 10 kr er bra, for dei som vil vatna ut salaten.

Mega
Mega hiv seg på trenden frå sist veke med 40% på dessertisar og ispinnar ol.. Du får òg 40% på reven ost frå Tine (denne jobben klarar du fint sjølv), shampoo og balsam frå Sunsilk, samt ulike kakeblandingar frå Toro. 200 gramsplater frå Freia til 19,90 er greitt om du er i nød (i den grad ein kan vera det med sjokolade). Treng du jordbær til champagnen, så får du ei korg (500 gram) til 19,90.

Rimi
Same som sist veke, samt 500 gram jordbær til 19,90 òg her!

Bunnpris
Kvardagstilboda som blei landserte står framleis ved lag. Mykje bra her!

ICA Maxi
Òg her er det jordbær til 19,90 for 500 gram. I tillegg får du fersk sei til 29,90 kr/kg, fersk laks til 39,90 kr/kg. 40% på mineralvatn frå Ringnes, samt 30% på butikkpakka ost (altså dei små som er i ostedisken med plastfolie rundt). For den som vil ha litt kraftkost, kan me tilrå bjørnekjøt. Har sjølv smakt bjørn, og det er noko for seg sjølv! Rett nok er kiloprisen stiv (899 kr/kg), men tips ein du kjennom om det, og sei at du er ein racer på viltkjøt. Viss han spanderar, så kan du laga det. Skyld på bjørnen om det går feil.

Obs!
Denne veka får du 40 rullar med lambi toalettpapir, eller 20 rullar med lambi tørkerull til 99 kr. Du får òg 3 x 400 gramsposar frå Minde med sjokolade til 99 kr. Frosne sommarkotelettar frå Gilde får du til 27,90 kr/kg.

tysdag 3. mai 2011

Uventa utgiftspost: Fartsskatt

av KR

Det er naturlegvis på sin plass at UP prioriterar skatteobjekt som meg, der eg skjødeslaust er litt sein med nedbremsinga frå 80-sona til 60-sona (som er knappe 500 m lang før ny 80-sone ventar!). Eg prøvar ikkje å frifinne meg sjølv, for eg vil heller berømme UP for taktisk og kløktig plassering - samt god ressursbruk (og -inndriving). Eg føresler at fleire valdssaker i Hordaland henleggast, og at fleire stiller seg opp i Vaksdal for å melke denne gyldne halvkilometeren av ei 60-sone. Me i sparebloggen er gode betalarar, gjev alt for statskassa og fartsskatten er alt betalt! Likevel ligg det an til budsjettsprekk, for me budsjetterar ikkje med slikt. I den kommande tida vil me difor følgje innsparinga, og mottek gladeleg tips til utprøving.

Som sparar flest nyttar eg meg at gode tilbod heile tida, og kjem stadig over ekstrainntekter. Desse fell utanfor i dette prosjektet, då det er sjansar som ville dukka opp uansett. Det er her tale om ekstraordinær innkniping i eit allereie stramt budsjett, sparing som eine og åleine fremjast grunna statskassa sin inngripen i budsjettposten "andre utgifter".

Lat oss fyrst raskt gå over budsjettet. Det er 4000 kr per mnd eks husleige/straum, elles er alt inkl. Tatt ut her er mobiltelefon og andel av bilkostnadar, som er betalt av arbeidsgjevar. Budsjettet har sine rom for innsparingar, då det er lagt inn noko luksus (les: øl), sjølv om faktiske kostnadar per mnd i 2010 enda på 3548,50 eks husleige/straum. For å illustrere kor stram dette allereie er, så føreset Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) sitt standardbudsjett at eg brukar 9620 kr pr mnd på dei same postane. Me snakkar her altså om eit budsjett som alt er på 1/3 av SIFO sin standard. Dette skal i dei kommande månadane kuttast ytterlegare til beinet!

Til dette treng eg kreative innspel frå kjernen, lesarane, men de skal vite at her er det allereie kjøpestopp på nips, klede, møblar - og eg fyller berre bensin sundag kveld og har ikkje TV-abonnement. For vidare innsparing må det kløktige tips til, og her veit eg de kan hjelpe.

Som ein lett start til spareprogrammet er følgande ekstraordinære innsparingar i hushaldsbudsjettet føretekne siste 10 dagar:

* totalstopp i yoghurtinntaket, ca 45 kr spart
* fekk to middagar gratis, ca 40 kr spart
* droppa eit par utepils trass i sumarvarmen, ca 120 kr spart
* reduksjon i rømmeinntaket, ca 15 kr spart

Sum 220 spart, 2680 står att.

Det vert ein lang sumar.

måndag 2. mai 2011

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka nygrilla kylling til 29,90. Her har du kjøt til fire middagar. Vidare får du store sjokoladeplaret frå Nidar til 16,90 kr. Elles lite å melda om.

Joker
Denne veka er det 40% på all pizza frå Stabburet, altså grandis, big one osv. 10-aren denne veka er ostepopp.

Rimi
Det nærmar seg 17. mai og sommar, og tradisjon tru slår Rimi i bordet med 18 kroneisar til 89,90. Dette er ein sikker vinnar. Til grillen får du flintsteik til 49,90 kr/kg, men styr unna sommarkotelettane til godt over 100 kr/kg. Eit typisk rimi-"tilbod". Laksefiletar til 81 kr/kg er likevel bra.

Mega
Har 40% på alle typar Grandiosa denne veka. I tillegg går du Go'morgen jogurt til 7,90, noko som er bra. Fire 1,5-litarar med coop-jus til 50 kroner er heller ikkje å forakta.

ICA Nær
Her har dei sommarkotelettar til 29,90 kr/kg. Framleis ikkje optimalt, men synar galskapen i Rimi godt.

Obs
Enno billegare på kotelettane, 27,90 kr/kg for dei frosne til Gilde. 1,5 liter Farris 9,90 + pant.

ICA Maxi
Nok ein gong er det 10-kronarsmarknad, ikkje alt er like fantastisk, men det er verkeleg verdt å ta turen innom.

Bunnpris
Har byrja eit nytt konsept med tilbodsvarer på ulike dagar. Mellom anna fire laksestykker i 100 grams-porsonar til 29,90 kr på måndagar, 840 g middagspølse til 19 kr på tysdagar, 300 g strimla svinekjøt til 19 kr på onsdagar, 750 g grilla kyllinglår til 29 kr på torsdagar og 400 g kjøtdeig til 19 kr på fredagar.

Dette går an å lika!