tysdag 26. april 2011

Vekas tilbod

av KR

Påska er omsider over, og oppstandelsen er her! Me forsterkar med dette måndagsfølelsen, her kjem vekas tilbod:

* Joker
Bogskinka er ein klassikar, og tilbyr høveleg billeg skinke når tilbodet er 16,90 per boks (325g). Det fins billegare kjøtressursar, må vite, men alt til sin tid! Elles er det lite å hente hjå Joker, sumarkotelettane til 49,90 pr kg er stivt - me ventar til halve prisen er kutta.

* Spar
40% rabatt på all pizza frå Stabburet kan gje nokre gode tilbod, men pizza er framleis best og ofte billegast som heimelaga. Minst det same kan seiast om 40%-tilbodet på "gamaldags" brød, sjå sparebloggbrødet i kokeboka.

* Rimi
Du veit det vårast når flintsteika og aspargesen kjem for sal på Rimi, men så ofte før er prisane for stive på denne sida av nasjonaldagen. Me ventar på sumaren.

* Kiwi
Framleis meir opptekne av momsen enn av gode tilbod.

* Coop Obs!
Halleluja! Våre bønnar er høyrde, 19,90 pr kg for kyllinglår er ein bra start på våren. Elles held Obs ein større 10-kronarsmart denne veka, alle standardvarene er med: Kremost, blodpølse, mjølblandingar, salatar - og ikkje minst fiskegratengen. 450g fiskegrateng til 10 kr går ein aldri lei av. Elles tek me med 400g kjøtdeig til 20 kr, ved kjøp av 5 pk (sum 100). Moccamastar til 899 kr skal òg nemnast, som eit dyrt alternativ - men eit særs godt tilbod. Luftrensar til 1999 kr er tvert om, me tilrår at du heller opnar eit vindauge!

* Coop Mega
Flintsteika er her nede i 39,90, me trur ikkje botnen er langt unna - og tilrår forsiktig hamstring til denne prisen. 40% priskutt på diverse ost frå Tine kan romme nokre tilbod. Har Steensnæs sitt utval noko med dette å gjera? Neppe, skal me tru landbruksministar Brekk!

* Ica
Maxi førar denne veka ein sokalla gigantisk 10-kronarsmarknad. Klassikarane som nemnt over er med, og i tillegg nemner me fattigmannspålegget krabbepostei - 2 for 10! Elles plukkar me villig med oss nakkekotelettar til 29,90 pr kg. Ein joker på Maxi denne veka kan vera 1 kg storfelever til joviale 10 kr. Dette steikast gjerne i skiver i panne. Frysevare som dette kuttast ved halvtint tilstand, kutt bort hinner. Steik på sterk varme i 2-3 minutt, rikeleg med salt og pepar. Avslutt prosessen med å tømme noko mjølk eller fløte i panna, og du får god skysaus. Serverast med poteter og anna tilbehøyr som naturleg høyrer til lever, gjerne lauk, gulrot, erter og sopp. Me snakkar her herremåltid til 5 kr per pers!

Konklusjon: Ein god start på våren!

tysdag 19. april 2011

Tek påskeferie

av SR

Me tek påskeferie, men me lovar å koma sterkt attende. På den andre sida av høgtida kan du sjå fram til ein serie om korleis KR sparar inn ein uventa utgiftspost.

torsdag 14. april 2011

Senk matbudsettet!

av SR

Etter at eg i lunsjpausa røpa at eg har eit matbudsett på maksimalt 7-800 kr i månaden blei eg oppforda til å komma med eit blogginnlegg om korleis dette kan gå. Tanken var fyrst å fylla ei handlekorg, men eg slo då frå meg, då innhaldet vil variera frå person til person. Eg baserar difor det heile på gyldne reglar, og ynskjer med dette velkommen inn i mi verd:

- Gjer få, men store innkjøp. Gå berre i butikken ein eller to gongar i veka. På den måten unngår du å komma på ting på "berre må ha".
- Bruk litt tid på å laga ei handleliste. La den gjerne henge på kjøleskapet slik at det som det er behov for, og ikkje noko anna, blir ført på.
- Kjøp så få halv- og heilfabrikat som mogleg. Ikkje berre er det usunt, det er dyrt i tillegg! Gå i stikkordsregisteret i margen til venstre, og finn fram til "kokebok", der finn du ein del tips til korleis du kan laga saker og ting frå botn av.
- Ikkje ver redd for å gjera store innkjøp. Varer er som regel billegast i stort kvantum, her er 5 kg-sekkane med poteter eit godt døme. Ikkje ver redd for å svi av ein del i starten, du får det att i tida som kjem.
- Ha alltid kontroll på tilbodsvarene. Skaff deg ein frysar, og fyll opp med det som er billeg denne veka. Så slepp du å kjøpa tilsvarande vare til full pris.
- Sjå alltid på tilbodsvarene si datomerking. Ikkje noko er surare enn å ha hamstra for mykje, slik at det går ut. Men ver obs, dette går òg den andre vegen. Det er ingen grunn til å kjøpa éin kg tilbodsost, når det er 3-4 månadar til den går ut på dato. Då kan du like godt fylla opp kjøleskapet.
- Ikkje nedvurder restemiddagen. Ikkje høyr på bakteriefreaksa sine tvangstankar. Middagsmat held seg godt i kjøleskapet 2-3 dagar. Kall gjerne restemiddagen for tapas om det hjelper.
- Aldri ha meir enn 2-3 typar pålegg i kjøleskapet samstundes. Mange typar pålegg er ferskvare, og før du veit av det må halvparten kastast.
- Bak ditt eige brød. Det er meir mat pr. skive (lågare forbruk av pålegg), smakar betre og er veldig lett. I tillegg er ofte ferdigblandingar på 10-kronersmarknad.


Hugs at det ikkje er noko problem å laga middag til under 20 kr pr. mann, berre du gjer store og riktige innkjøp.

måndag 11. april 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nakkekotelettar 29,90 pr kg er eit bra tilbod. Den røynde spararen klarar seg med ein halv nakkekotelett per hovud per middag, med poteter og skysaus har du då middag til 5 kr. Er du det sløsne hjørnet, doblar du porsjonen og et middag til under 10 kr. Elles gremmar me oss over luretilbodet frå Joker denne veka, skinkesteik (med påskeemballasje) til 99 kr kg berre veker etter at den same skinka (med ordinær emballasje) gjekk for 30-35 kr kg?! Dette vert for dumt.

* Spar
Senkar prisane på lammelår. 59,90 kr kg er tåleleg bra sjølv for frysevare og det som må vera fjorårets lam. Elles er det labert på tilbodsfronten, minigulrøter til 50 kr kg får ikkje oss i påskestemning!

* Rimi
Fell akterut med sitt lammelårtilbod 69,90, me hamstrar hjå Spar. Elles er kvikklunsjen i hyllene, og ein 6-pk til 29,90 verkar då billeg. Det er då interessant at matvarekjedene senkar prisane på ei vare som alle må ha kring påske. Etter Sparebloggen sitt skjønn burde Rimi flå kundane sine også på denne vara, slik dei har for vane elles om året! Påskeskinka til Rimi er rett nok berre 59,90, likevel ein god 20-kroning over normal tilbodspris på skinkesteik. Appelsiner til 8,90 kr får oss imidlertid i påskestemning.

* Kiwi
Inga tilbodsavis denne veka, berre ei påminning om at dei har kutta momsen på dei dyre nøkkelholprodukta sine. Zzz.

* Ica
Maxi har denne veka Norvegia til 59,90 pr kg, tåleleg bra sjølv om me plar vente til 49,90. Nykverna kjøtdeig til 59,90 pr kg er imidlertid eit tilbod det går an å nytte seg av, om du har mista siste tids 19,90-tilbod. Hamstre likevel forsiktig, og be til høgare makter om 19,90 over påske. Supermarked har denne veka eit luretilbod, kjøtkakene frå Gilde som me plukka opp hjå Joker førre veke til 29,90, går denne veka til 59,90 hjå Ica. Skammeleg.

* Obs
Lammelår til 59,90 også her, me tilrår. Appelsiner til 8,90 for kiloen plukkar me med oss på veg ut. Underteikna har lenge vore på jakt etter ei større kasserolle, etter å ha mista denne sjansen, men seier nei til 10-litaren til 249 kr. Gje meg det gamle 10-litartilbodet før eg vert galen!

* Mega
Røkt svinekam til 39,90 kan vurderast i desse tider, surra oksesteik til 99 kr kg er heller ikkje så halvgale. Lammelåret til 79,90 er imidlertid godt over samanliknbare tilbod denne veka, så styr unna. Mega førar òg 6-pk kvikklunsj til 29,90.

Konklusjon: Ja til lammelår 59,90 pr kg, sjølv om det er sekunda vare. Hugs at dette ikkje treng gå i komfyren, det kan til dømes spekast og nytast når sumaren kjem. Fenalår er ingen kunst å lage, sjølv om veiledande prisar skulle tyde på noko anna:

1. Feinsmeckaren byrjar med å trykke og kna innsida av låret med tomlane, slik at årer tømmast for attverande blod.
2. Finn fram ein badestamp, og kast bornet ut med badevatnet. Dekk låret til med grovt salt, berekne 2 kg (10-12 kr i butikk). Lat ligge kjølig i to dagar per kilo lår, altså ofte ei knapp veke.
3. Ta fram låret att, og skyll av saltet.
4. Lat låret henge kjølig, luftig og tørt i 2-3 mnd.

onsdag 6. april 2011

Plukk opp att den der!

av KR

Kvar fjerde matvare eg kjøpar går rett i søpla, påstår VG Nett. No er det vel strengt teke berre VG eg let gå i søpla. Nuvel! Dei har no fått ånden over seg og vil bedrive folkeopplysing, og forklarar her skilnaden på datomerking:

"«SISTE FORBRUKSDAG»
(Kan være helsefarlig å gå over dato!)
«BEST FØR»:
(Kan spises etter datostempling!)
"

Datohysteriet har innteke redaksjonen, forstår me. Ikkje desto verre ser det ut når VG presterar å plassere eit "siste forbruksdag"-stempel på entrecôte med perfekt marmorering, og oppmodar lesarane om å kaste denne ved passert dato. Hårreisande! Best etter, plar eg seia om kjøtmerkinga (farse her unnateke). Ein veterinær på sørvestlandet plar seia at skrottar helst skal parterast med klype føre nasa. Me er samde, for ein har mykje å gå på i høve til "siste forbruksdag"!

Den same merkinga plasserar VG på frukt/grønt og mjølkeprodukt. Dette er då berre tull. Det er berre krigshissarane hjå Folkehelseinstituttet som vil påstå at det er helsefarleg å eta ei vassen plomme eller ein skilde yoghurt. Ja, og Mattilsynet som med sitt offisielle råd frårår konsumering av utgådde varer. Eit råd som openbart er gått ut på dato! I går fekk omsider Tristram Stuart norsk pressedekning for si mangeårige romstering i søppelbøtter i britiske bakgater. Konsumering av utgådde varer er solidarisk og miljøvennleg -- og følgeleg moderne!

Dessutan lønnar det seg. Gode kjøpmenn dumpar varer nær datoen til halv pris. Støtt opp om desse! Andre norske kjøpmenn derimot kastar til saman 50 000 tonn mat årleg "fordi den er i ferd med å gå ut på dato", skal me tru informasjonssjef Søyland hjå NorgesGruppen. Me snakkar her om fyrsteklasses mat, ofte godt modna, lagra eller mørna. I våre augo skulle dette medføre ei prisauke, ikkje raka vegen åt containaren. Desto meir fristande å romstera bak butikken nattestid?

Daglegvarebransjen bør snarast gjeninnføre halv- og heilutgådde varer til halv pris, og gjera ein slutt på dette globale og groteske matsløseriet. I mellomtida bevæpnar me oss med frysekapasitet. Sparebloggen oppmodar samtlege lesarar å ta opp dette emnet med sin lokale kjøpmann!

måndag 4. april 2011

Vekas tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 400 g karbonadedeig til 34,90. Billegare enn vanleg, men me tilrår som kjendt vanleg kjøtdeig. 40% på tex-mex-produkt frå Old el Paso derimot er bra, særleg mtp kor overprisa dei produkta som ikkje har konkurranse frå First Price er. Skinkesteik til 59,90 kr/kg er greitt nok, men me reknar med at det blir feite tilbod på påskeskinke den komande tida.

Rimi
Har denne veka lammelår til 69,90 kr/kg (frå i fjor). Dei med ein kremmar i magen kan her salta og tørka dette, og vips har du rekordbilleg fenalår. Elles er sommarkotelettane på marknaden - 29,90 kr/kg er bra. Du får òg appelsiner til 8,90 kr/kg, sekspakning med Kvikk Lunsj til 29,90 og 1,2 kg grillpølser frå Gilde til 39,90. Det er òg mogleg å fylla opp påskeegget med smågodt for 7,90 kr/hg, men her er det ikkje urimleleg at me kan venta 6,90 når det nærmar seg påske. Ikkje verst dette frå Rimi.

Mega
Har denne veka 40% på jus minus coopjusen. Dette er bra, og gir moglegheit for litt luksus i kvardagen. Du får òg 800 gram brunost frå synnøve til 49,90 kr/kg. Dette er ikkje særleg å skryta av. 49,90 er nærast standardpris for 1 kg brunost for tida, så avvent her med mindre du er i naud. Picnic-skinke til 19.90 er billegare enn vanleg, men så vidt me veit er standard tilbodspris framleis rundt 17 kroner.

ICA Nær
40% på tex-mex frå Santa Maria samt mineralvatn på 1,5-litersflasker. Elles ikkje så mykje å melda om utover at du får store sjokoladeplater frå Freia til 19,90 kr.

ICA Maxi
Har frå måndag til onsdag flekksteinbit til 29,90 kr/kg (andresortering?). Dette er særs billeg fisk! I tillegg er det 40% på eit utval varer slik som jogurt, pasta, brødblandingar, kjøtpålegg, smørost, tex-mex og nyvinninga kyllingpinnar.

Bunnpris
Har fått nye varer på tilbod! Du får 2 stykk Freia Bergene melk for 29,90 kr. i tillegg får du 2 kg appelsiner frå First Price til 9,90 og 600 gram grillpølse for 19,90. Elles lite å melda om frå denne kanten.

Joker
Har 800 gram karbonader til 29,90. Saman med heimelaga potetstappe kan dette bli ein billeg middag. 10-aren denne veka er lasagne frå knorr, men kva skal vel du med det, når oppskrifta til SR ligg gratis på bloggen? Elles får du 400 gram kyllingkjøtdeig til 19,90, men minnar her om at Kiwi har tilsvarande til 17,90 fast.

Obs!
Har denne veka Synnøve sin kvitost til 59,90 kr/kg og 1,5 liter Farris Bris til 8,90. 5 kg poteter til 29,90 er òg bra på denne årstida. Me lengtar til hausten og 19,90 hjå First Price!

For den som er medviten på mote, og ikkje på pris, får du Hunter-stølvar til 799!

fredag 1. april 2011

Sparebloggen når nye jaktmarker

av SR

Som ein direkte konsekvens av at me berre leser aviser på nett ligg me naturleg nok litt etter på denne fronten. Gleda var til gjengjeld stor når eg kom over denne notisen frå ei av Aftenbladet sine novemberutgåver:



Den glade bodskapen har spreidd seg òg til den trykte dagspressa. Kva blir det neste?