måndag 28. februar 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Svinekotelettar til 29,90 pr kg er billeg kjøt, og kan tilrådast om ein ikkje alt har frysaren full. Det same gjeld kvitosten til Synnøve for 49,90 - etterkvart ein klassikar! Den inneheld D-vitamin i følge etiketten, og med det kan ein helse farvel til den engelske sjuka etter nokre osteskiver. Elles lite å hente av gode tilbod.

* Spar
Kylling på storleik med høns 29,90 pr stk, gjev med litt FirstPrice-ris, grønsaker og kraft ein særs billeg middag - som kan vare heile veka med litt kløkt. Elles har me sansen for lammelåret til 89,90 pr kg sjølv om det er frysevare på denne tida av året.

* Rimi
Kokefaste poteter til under 5 kr/kg er tåleleg bra om du ikkje finn FirstPrice sine til under 4 kr/kg. Elles var det lovleg tynt hjå Rimi denne veka.

* Kiwi
Surra svinesteik (ZzzZzzz) til 39,90 pr kg har etterkvart vorte ein sparebloggklassikar, sjølv om me har sett den tikronaren billegare. Ein seier det går an å mette 5000 med ei slik steik, og den går me god for så lenge du ikkje bevegar deg "ner'i låndi".

* Obs!
Coop-kaffien går med 40% rabatt denne veka. Bananar til 8,90 pr kg er årsbeste. Og 400g bordsmør frå Soft flora til 12,90 er rekordbilleg. Det er ikkje ofte me kan tilrå bordsmør på tilbod, så dette var verkeleg kjærkome. Slike tilbod varmar eit sparehjarta. Det varmar godt. Og då treng ein ikkje Björn Borg-boxarar til 99 kr stk. Takke meg til Sputnik-truse.

* Mega
Aj aj aj! Det er VM-fest hjå Mega denne veka, men kvar har dei gjort av tilboda?

* Bunnpris
Nei, no må dei gje seg med dette grytekrakket. FFS!

* Ica
Stor tikronarsmart denne veka både hjå Maxi og Supermarked. Her kan ein boltre seg i alt stort sett, bort i frå polvarer. Tilrådast!

* Rema 1000
Berre faste...og so bortetter.

Konklusjon: Ein steikje bra vekestart, seier dei som har greie på det.

måndag 21. februar 2011

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 400 g karbonadedeig til 29,90. Dette er billeg for å vera denne sorten, men etter å ha samanlikna innhaldet opp mot vanleg kjøtdeig er skilnaden marginal. Elles får du 200 gramsplater med sjokolade frå Freia til 19,90, billeg, men avvent hamstringa til prisen er 16,90. 19,90 kr/kg for kyllinglår kan heller ikkje kallast feil.

Bunnpris
Har gryterettkrakk denne veka òg

Rimi
Same tilboda som sist veke. Appelsiner til 8,90 kr/kg er særs bra! Gode kampanjetilbod denne veka! Nokre butikkar har òg blitt sett med reklame for kjøtdeig til 19,90!

Joker
Picnic-skinke til 14,90 er så bra at du bør hamstre. Grillpølse til 19,90 for 600 g er òg bra, men rykta går om frosne grillpølser.

Mega
40%-aren denne veka er frosenpizza frå Big One og Orginale (her har Rimi konkurranse med sine 15,90). Kjøtdeig til 24,90 er greitt for dei som ikkje har tid til å tina opp frosen.

ICA Nær
Har denne veka appelsiner til 8,90 kr/kg. Elles får du store Freia-plater og Melkedrøm til 19,90, samt smågodt til 7,90 kr/hg.

ICA Maxi
Har appelsiner til 8,90 kr/kg, smågodt til 6,90 kr/hg, 40% på alle formar for nyskåre kjøtpålegg, og 30% på topping til pizza frå peppes-serien. Her bør du likevel vera obs på at du får td. pepperoni i påleggspakkar.

Obs
Byr denne veka på fem Grandiosa for 100 kr. Dette er ein bra pris, men ikkje eksepsjonelt mtp. på kor stort kvantum det er. Men har du god plass i frysen er dette tilrådeleg. Tran til 79,90 er ein bra pris. Skal du trena, kan me tilrå å kjøpa eigne treningsapparat til halv pris.

torsdag 17. februar 2011

Mal for klagebrev

av SR

Me har tidlegare lagt ut i det vide og det breie om våre klagebrev på varer, og kor innbringande dette er. Sjølv sit eg med planar om eitt nytt eit i skrivande stund.

Ein av våre lesarar har lete seg inspirera av dette, men etterlyste ein mal for korleis ein slik mail skal skrivast.

1) Innleiinga bør innehalda kva produkt det er snakk om (gjerne med produksjonsnummer), kvar du kjøpte det og når du kjøpte det. Dette er med på å gje det heile ein viss profesjonalitet.

2) Gå så vidare med korleis du oppdaga feilen. Her er det lov å smøra litt tjukt på, gjerne med at du hadde gleda deg lenge til å nyta dette produktet, og at nedturen difor var stor når feilen blei oppdaga. Typisk vil dette vera at du har hatt med deg ein sjokolade på ein lang fjelltur, og når du endeleg var framme, trøytt og slite, synte det seg at den var heilt utan smak.

3) Legg til at du håpar denne informasjonen (produktnummer ol.) kan vera med til å unngå at andre opplever tilsvarande.

4) Avslutt med ei hyggeleg frase, type "beste helsing". Her er det avgjerande at du legg ved adressa di i same slengen. For å verka truverdig, kan du få det til å verka som at det er slikt som alltid kjem med når du sender epost. På den måten verkar det ikkje som at du er ute etter noko.


Viss du verkeleg vil gjera inntrykk på den du klagar til kan du øva inn ei sirleg handskrift og senda det heile pr. post. Slikt set ekstra djupe spor, og er du heldig får du eit feitare gåvekort.

måndag 14. februar 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nakkekotelettar til 29,90 pr kg er eit rimeleg bra tilbod, som bør kunne gje middagar til under 10 kr pr person. Må steikast på svak varme for å unngå å verte tørre, alternativt kokast dei i saus nokre timar. Mørare kan det ikkje verta på ein mandag. Elles er det labert med tilbod, og me let oss til dømes ikkje freiste nemneverdig av poteter til 10 kr kg.

* Spar
40% rabatt på alle grandisar og BigOne. Eit tilbod er eit tilbod, men spararar veit det fins både billegare og betre middagar enn dette! Elles er det tynt mellom tilboda, merkar me prisstigninga?

* Rimi
Om du vil ha dyr innpakning og ordinære svinepølser tek du med deg "Kollengrillen" til Gilde denne veka til 45 kr kg. Omlag 50% dyrare enn FirstPrice sine ordinære og smaklause svinepølser, men for å vera Gilde er det ikkje altfor gale. Pizza Originale 15,90 kr stk, ein billeg og liten middag. Skinkesteik utan bein og med skalk til 38,90 kr kg er ein klassikar som denne veka er prissett omlag midt i fatet.

* Kiwi
Som så mange andre denne veka førar Kiwi karbonadekaker frå Gilde til 39,90 pr 800 g. Eit høveleg bra tilbod, men me såg det til 29,90 hjå Joker i fjor! Go'helg-tilbodet er kalkunfilet til 104 kr kg, ikkje nett billeg med omsyn til kiloprisen på heil kalkun (19,90).

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på gryterettar for n-te veke på rad.

* Obs
Tikronarsmarknad der me vil trekke fram 0,5 liter Tine Yoghurt, Tine Kremost, Banos (skrella av svenskar), denjasalatar og ikkje minst klassikaren Findus fiskegrateng 450 g for berre 10 kr! Med nokre poteter kan du lett mette to personar for 12 kr samla.

* Mega
40% rabatt på allereie stivt prisa supper og gryter frå Toro burde kunne by på overkommelege prisar.

* Ica
Svinekotelettar til 34,90 kr kg hjå Ica Supermarked, me klarar oss med nakkekotelettane som nemnt over. Ica Maxi køyrer for øvrig det same nakketilbodet. 40% rabatt på fiskegrateng er ikkje godt nok, når denne går for 10 kr hjå Obs.

Konklusjon: Vekas tilbod er Findus fiskegrateng 450 g for 10 kr. Eit fantastisk tilbod.

onsdag 9. februar 2011

Ikkje heilt som andre bloggar

av KR

Me var ikkje inviterte på kjendisfest med bloggarane. Me var heller ikkje nominerte til noko. Me vart ikkje omtala som "dei nye opinionsdannarane" av Per Sundnes. Me vart ikkje omtala som "attraktive for næringslivet" av Petter Stordalen. Me fekk ikkje høyrd den hese stemma til Jenny Skavlan.

Om me føler oss forbigådde?

I grunn ikkje.

måndag 7. februar 2011

Tilbod veke 6

av SR

Spar
Har denne veka fersk surra svinesteik til 29,90 kr/kg. Dette er bra, og me tilrår hamstring. Elles er det 40% på alle typar frosne poteter, grønsaker, frukt og bær. For min del ligg det an til eit påfyll med grøne ertre. Er du av den late sorten kan me tilrå tilbodet ferdigsalatar frå Dole - 40%.

Joker
9,90 kr pr. pakke Ali kaffi er ikkje feil, det er heller ikkje 40% på tex mex-produkt frå Old el Paso. 10-aren denne veka er ein kilo gulerøtter i beger.

Rimi
400 gram fersk kjøtdeig av svin til 18,90 er ikkje kvardagskost, og er tilrådeleg å hamstra. Det same er ein kg brunost til 49,90.

Obs! Denne kjeda byggjer om butikkane om dagen, og tømmer difor hyllene. Kom over mjølk til 6,50 kr/l på Danmarksplass sist veke.

Bunnpris
Har same kundeavis som dei to siste vekene, og oppmodinga om å kjøpa gryterettar på tilbod står framleis ved lag.

Til dei som måtte lura etter at det før helga blei annonsert at underteikna skulle prøvesmaka tacolasagne kjøpt på 50% tilbod: Det var ikkje noko særleg å skriva heim om.

Rema
Diskar opp med 800 gram middagspølse til 19,90, 880 gram grilla kylling til 19,90, 500 gram laksekotelettar til 19 kr, tre pakkar potetmos frå Toro til 10 kr, tre paprika (gul raud og grøn) til 14,90 og bananar til 9,90 kr/kg. Dette er bra!

Det som ikkje er fullt så bra hjå Rema for tida er at det kan sjå ut til at 400 gramspakkane med frosen kjøtdeig i snabb er ute av produksjon, og erstatta av 1 kilossnabbar! 44 kr for snabben er jo billeg, men når treng ein 1 kilo?

ICA Nær
Har denne veka tomatar i lausvekt til 18,90 kr/kg, 40% på tex mex frå Santa Maria, samt mineralvatn frå Ringnes. Det ligg an til taco til helga med andre ord.

ICA Maxi
Har brunost frå Tine til 49 kr/kg. Elles lite å melda om.

Mega
40%-aren denne veka er gul og raud coop kaffi. Elles får du òg her skinkesteik til 29,90 kr/kg. Lettsalta svinekjøt til 69,90 kr/kg går òg an, og passar utmerka til raspeballar.

Obs!
Har denne veka fem 400 g-pakkar kjøtdeig til 100 kr. Dette er ein bra pris for dei som vil ha storfe. For den som er glad i sjokolade får du denne veka 3 store posar sjokolade frå Minde til 99 kr, noko som er bra, og held seg lenge. Seifilet til 49,90 kr/kg er òg bra. Elles er det mange gode pakketilbod på ski og anna hjå Obs.

torsdag 3. februar 2011

Berre gratis er godt nok

av SR

Etter oppmoding frå ei ivrig lesarinne vil me denne veka ta føre oss kva som er verdt å bruka pengar på, og kva ein like godt kan få gratis.

I bedriftene sin iver etter å marknadsføra seg sjølv, er det eit stort utval av varer som den sløsande brukar pengar på, men som me her inne på denne sida skaffar oss gratis frå andre kantar.


Det klaraste av alle varer ein kan få gratis, er den gamle travaren kulepennen. Ei kvar bedrift med respekt for seg sjølv har pennar med sin logo på. Sjølv trur eg aldri eg har brukt ei krone på pennar. Har utelukkande halde meg til pennar eg har fått eller funne. Det er klart at det er òg dårlege pennar på gratismarknaden, men utvalet er så stort, at det er inga orsaking for å kjøpa. Ein del bedrifter har no òg produsert opp markeringstusjar, gjerne med innebygd haldar med små lappar som ein merkar av sider i ei bok med. Ingen grunn til å bruka pengar på slikt heller med andre ord.

Men det er ikkje lenger berre pennar ein kan få gratis mot ein liten logo på. For meg er det eit marakel at det framleis blir produsert buffar frå merkje Buff - slikt får ein jo gratis kvar enn du er. Kva det er bilete av på buffen ser ein jo ikkje uansett, då den jo ligg samankrølla rundt halsen uansett.

Sekkar er òg noko mange brukar pengar på utan at det er behov for det. Eg har ikkje tal på kor mange sekkar eg har liggjande i storleiken rundt 30 liter, men eg brukar berre to av dei - begge har eg fått gratis.

I denne samanhengen vil eg gjerne avsløra eit triks for korleis ein kan god tilgong på marknadsføringsvarer: Bli venn med ein marknadssjef eller seljar eller likande i eit stort selskap. Sjølv kjenner eg ein i Glava, og der er det ingen grenser, og logoen er tilnærma usynleg. Han har bidrege i skapet med, og dette er ikkje kødd: treningsdress, slips, mansjettknappar, slippsnål, boksarar (rull'n ut!), hue og hanskar. I tillegg kjem tommestokkar, pastilløskjer og mykje meir.

I tillegg er det andre varer det er fullt legitimt å berre ta med seg. Det beste døme på dette er paraplyar. Slikt ligg att på bussar, trikkar, tog, forelesingar, uteplassar osv., og ingen kjem att og hentar dei. Det er nok av folk som brukar pengar på slikt, om ikkje du òg skal gjera det, så berre ta det med deg.

Elles er finn.no si avdeling for saker og ting som blir gitt vekk alltid populært: http://www.finn.no/finn/torget/gisbort/resultat. I skrivande stund kan til dømes du som bur i Oslo få deg ein, i mine auge, strøken 2+3 setar gratis.

Lukke til!