fredag 24. desember 2010

God jul!

av Sparebloggen

Me ynskjer spararar i det ganske land ei god sparejul, og eit godt nytt spareår!

måndag 20. desember 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kanontilbod på svinesteik, fersk, surra edelgris 29,90 pr kg. Årsbeste frå Joker. Til samanlikning går den surra "Juleskinka" til 89,90 pr kg på same butikk.

* Spar/EuroSpar
Juleskinka går her til 119,90 pr kg, me held oss til edelgrisen til Joker. Enno eit luretilbod, 500g Findus fiskegraten til 35,90. Eit latterleg tilbod når ein veit kor ofte Spar og andre kjeder sel 450g Findus fiskegrateng på 10-kronarsmarknad. Styr unna Spar-kjeda denne veka, årsverste!

* Rimi
Ribbeprisane er tre- og firedobla sidan bunnen for nokre veker sidan. Me reknar med røynde sparar alt har sikra seg ribbe. Peparkaker 300g 8,90. Elles labert frå Rimi.

* Rema
"Ikke spar på julekosen. Spar penger!" oppfordrar Rema. Me er heilt samde, og handlar ikkje på Rema denne veka.

* Kiwi
24,90 pr kg for kalkun, me har sett det billegare - men prisen er likefullt brukbar. Klementinar til 6,93 pr kg er truleg årsbeste.

* Mega
Smått dyrare på kalkunen enn Kiwi, me styrar klar. Julestemninga har innteke Mega, og prisane stig etterkvart som varene får prefixet "Jul-".

* Obs
Den økologiske kalkunen selgast til dobbel pris i høve til Kiwi sin ordinære kalkun. Tilbodsavisa frå Obs er denne veka omlag like kjedeleg som dei andre, bladet bugnar av julevarer og stive prisar. Me går snart lei jula før den er ringt inn!

* Bunnpris
Som førre veke sett bort i frå at Grandisen til 19,90 er bytt ut med lutefisk av torsk til 19,90 pr kg. Originalt!

Konklusjon: Det er tydeleg at daglegvarebransjen har lært av elektrovarehusa, prisane pumpast oppover før jul.

måndag 13. desember 2010

Tilbod veke 50

av SR

Spar
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er den nye standardprisen etter ribbekrigen. Du får likevel ferdigkrydra tynnribbe til tilsvarande pris hjå Rema. Vidare får du First Price-mandarinar til 7,90 kr/kg, noko som er bra samanlikna med "momskutt-kiwi" som krev nærare 20-kroningen for mandarinar. Du får òg eple, pære og appelsiner til 12,90 kr/kg.

Joker
Har denne veka Grandiosa til 19,90. Julepølse frå Gilde får du denne veka til 16,90 for 400 gram, røykt og urøykt. Du får òg karbonadekaker til 39,90 for 800 gram. sjølv laga eg 2,5 kg kjøtkaker til noko over 100-lappen. Betre, sunnare og omlag same prisen. Oppskrift kjem.

Mega
40%-aren denne veka er COOP-kaffi av typen raud, gul og paz. Elles lite å melda om, med mindre du vil ha klementinar i frivekt, som du får til 11,90 kr/kg.

OBS
Klementinar til 9,90 kr/kg og same kaffi-tilbodet som Mega er noko av det OBS har denne veka. Elles kan du sikra deg ei billeg julegåve til junior med skipakke til 699.

Rimi
Med krydra ribbe til 39,90 kr/kg, Klementinar til 8,90 kr/kg, 400g julepølse frå Gilde til 14,90 kr, og pinnekjøt til 93,90 kr/kg er jula klar.

ICA
Ikkje så mykje å melda om, sett vekk frå 40% på tex mex-produkt hjå Maxi.

Rema
Sikrar budsjettet i julegåvehandelen med blåfjell-DVD eller jule-cd frå Kurt Nilsen til 99 kr. Elles lite nytt å melda om, forutan om at milliardbedrifta går godt.

Bunnpris
Òg Bunnpris har ein kilo mandarinar til 7,90 kr/kg. Elles får du den tynne Grandiosaen til 19,90 kr. Elles er det lite nytt å melda om denne veka some er verdt å bita seg merkje i.

torsdag 9. desember 2010

Julebord

av SR

Etter finanskrisa fekk arbeidsgjevarane ei orsaking for å ikkje arrangera gratis julebord og gje vekk gåver til sine tilsette. Saman med den dårleg utviklinga innan at kvar minste lille gåve no blir kalla korrupsjon, og ikkje gåve, er dette dårleg nytt for oss spararar. Skulle du likevel vera så heldig å ha ein arbeidsgjevar som ikkje har lete seg inspirera av denne bloggen, har me nokre tips til deg før julebordet.

Ein post arbeidsgjevaren sin sparekniv stadig oftare skjerer over, er drikkevarer. Både av økonomiske og sosiale grunnar. Her er det likevel blitt ein trend med bongar eller eit tal glas vin til maten. Her er det eit klassisk tips å setja seg saman med den gravide kollegaen, eller han som er avhaldande av andre grunnar. På den måten kan du fint spørja om å få dei frie einingane, og vera 100% sikker på at det går greitt. Med mindre kan du tilby deg å spandera ei brus i byte.

For som kjend er bongane ikkje ei løysing på dei sosiale utfordringane eit julebord førar med seg, men meir ei overdraging av det økonomiske ansvaret for underhaldninga det førar med seg. Omsettinga er likestor i baren som elles, og då er det fint med eit ekstra sett bongar.

Ein annan klassikar er å setja seg på eit stort bord. Servitøren vil då umogleg klara å servera alle på bordet samstundes, og må ut for å henta meir. Hiv då i deg desserten i mellomtida, og be om ein til. Det same kan gjerast med drikkevarer.

Elles har det å ta med seg eige øl fått eit ufortent dårleg rykte. Er du dame er det berre å leggja det i veska, og er du mann kan du fjonge på deg ei manneveske eller insistera på å ha med frakka inn i restauranten. Blir du sett stygt på av dei andre, er det berre å skulda på at du ikkje likar det ølet/vinen dei har på den plassen. Mest truleg blir dette uansett ikkje noko problem, då du nok vil ha full forståing frå dei andre. Særleg om du har fina på deg noko ekstra dyrt øl (alt anna enn Pokal).

Lukke til på julebordet, og hugs: det blir ikkje meir pengar enn du sparar sjølv!

måndag 6. desember 2010

Tilbod

av SR

Spar
Har tre hovudtilbod denne veka. Kjenninga heil grilla kylling til 29,90, druer med 40% avslag (OBS, dyrt i utgangspunktet) og julepølse til 14,90. 4 kg mandelpoteter til 29,90 er heller ikkje feil for den kresne.

Joker
400 gram kjøtdeig av storfe eller kylling til 22,90 er ein ny pris, men me ser at det har blitt inngått eit kompromiss i høve til den nye standardrisen på 24,90 som nokre har freista seg på. Elles får du 1,5 liter coka cola til 10,90 + pant. Eit glas Dolmio spagettisaus til 10 kr er heller ikkje verst for dei som ikkje klarar å laga slikt sjølv. Joker har òg pære til 10 kr/kg denne veka.

Rimi
Pære er visst på moten denne jula, og Rimi diskar opp med pærer til 9,90 kr/kg. Dankar hermetiserte pærer ut moltekremen denne jula? Vidare får du fersk og krydra ribbe til 39,90 kr/kg, samt pinnekjøt til 99 kr/kg. Lutefisk får ein òg til 13,90 kr/kg og 1,5 liter julebrus til 5,90 + pant. Ei bra veke dette altså!

Til sist får du sjokoladeplater frå Freia (både 200 gram og Melkedrøm). Dette er bra, og godt!

Rema
I tillegg til faste låge prisar, har Rema denne veka fersk krydra tynnribbe til 39,90 kr/kg, gryteklart pinnekjøt til 88 kr/kg (årsbeste!) og 12 flaske Pepsi og Pepsi Max til 99,80 kr + pant er veldig bra! Vidare får du julepølse til 9,90.

Her får du mykje bra til jula, samt to store sjokoladeplater frå Freia til 30 kroner, noko som er årsbeste.

Bunnpris
Har denne veka tre posar potetgull frå Kims til 30 kr. Eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje verst. For dei som likar pizza i julestrida, får du Ristorante til 19,90. Elles lite å melda om.

ICA Maxi
Har denne veka ferske kyllingfiletar til 1300 g til 129 kr og Wienerpølse til 920 g til 60 kr. Dette er bra for å vera ferskt, men mtp. at ein vanleg vis kan nøya seg med det som er frose og mykje billegare er dette dyrt. 40% på alt frå Findus derimot er uomtvista bra! Det er òg ein mindre 10-kronarsmarknad.

Mega
Har 40% på store sjokoladeplater frå Nidar og Freia. Likevel lite truleg at dette er billegare enn hjå Rema. Du får òg røyka svinekam til 29,90 kr/kg! COOP har no innlemma 400 gram storfekjøtdeig frå Gilde i serien av tre for 69 kr, noko som gir ein fastpris på 23 kr/stykk!

OBS
Har denne veka 40% på supper frå Toro. Du får òg tre 400-gramspakkar med karbonadedeig til 100 kr, noko som er særs bra. Elles ikkje så mykje å melda om.

laurdag 4. desember 2010

Når 1 vert til 3

av KR

Den siste tida har Kiwi sendt ut ein løpeseddel til Trumf-kundar, der ein ved hjelp av denne kan få ei flaske Heinz Garlic sauce gratis i butikken. Underteikna nytta seg av dette tilbodet, men kom heim og oppdaga ein mangel ved flaska; korka var knekt. Som seg hør og bør tok eg straks kontakt med den norske importøren av Heinz, Haugen-Gruppen Nordic AS, og informerte om insidenten. I dag mottok eg i posten ny flaske kvitlaukssaus, med tilhøyrande smaksprøvar (flaskesaus av type curry og mango). Ingenting er vakrare her i verda enn når 1 vert til 3.

onsdag 1. desember 2010

Julegåvetips

av KR

Om du ikkje kjøpte julegåvene for 2010 på årets januarsal, kjem her nokre lyntips i siste liten. I denne omgong omhandlar me bøker under tréet. Av tre er du komen, til cellulose skal du verta.

Tor Bomann-Larsen - "Folket. Haakon og Maud II" går til 79 kr på haugenbok.no. Eit særs godt tilbod, boka er innbunden og Bomann-Larsen har eit namn som høver seg godt under juletréet. Ein heldig mottakar vil kanskje kunne byte inn boka på ein tilfeldig bokhandel til veiledande 398 kr (348 kr bokkilden.no). Alternativt kan du prøve stuntet sjølv, om du er ein av dei douchebagane som plar kjøpe julegåve til deg sjølv.

Tore Renberg - "Farmor har kabel-tv" går òg til 79 kr på haugenbok.no. Renberg har eit godt namn, og boka har hausta gode kritikkar. Den er innbunden (paperback 149 kr bokkilden.no) og har kvalitetar som ikkje kan slå feil på julaftan.

Fjodor D - "Idioten" i to bind 79 kr også på haugenbok.no (paperback 148 kr bokkilden.no). Ein gjengongar her på bloggen, og ei gåve som seier vel så mykje om avgivar som mottakar. Alle våre julegåvetips er innbundne, dei verkar då så dyre at avgivar då vil motta nikk frå forsamlinga rundt tréet.

Loe og Løken - "Jotunheimen" til kr 99 på haugenbok.no (veil kr 399). Innbunden. Coffee-table book. Treng me seie meir? Dette osar av kvalitet, og fjellbøker er ein sikker vinnar til jul. Til onder hundrelappen!