måndag 29. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Nakkekotelettar til 29,90 kr/kg er billeg, og kan tilrådast om du ikkje alt har frysaren full av billegare svinekjøt (jf siste vekene sine svingode tilbod, pun intended). Colgate er vekas tikroning, me frårår og tilrår FirstPrice sin tannkrem til under halve prisen.

* Rimi
Frosen lutefisk 13,90 pr/kg er ein pris me likar betre enn sjølve produktet. Det artige med lutefisk er at fisken stupar 80% i pris straks den har gått gjennom eit nytt produksjonsledd. Elles pregast Rimi av varer med juleetikett, og der tilhøyrande pris (2-3x veil med heilårsetikett).

* Kiwi
Kalkun til 24,90 kr/kg let seg høyre. Denne kan steikast opp, parterast og porsjonerast til kvardagsmåltid, og vil gje eit herremåltid til omlag 10 kr pr person inkl ris og saus.

* Mega
40% rabatt på diverse ferdigrettar, me fryktar likevel stive prisar! Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Spar/Eurospar
Førar òg kalkun, men 5 kr dyrare pr kg enn Kiwi. Elles har svineribba dobla seg i pris hjå Spar-kjeda. Generelt dårleg tilbodsveke også her.

* Ica Maxi
Surra svinesteik til 29,90 kr/kg er rekordbilleg, og tilrådast om du ikkje alt har frysaren full (det skal etast òg!). Elles held Ica Maxi 20-, 30- og 40-kronarsmarknad, men når ei skinkeboks (325g) går for 30 kroner skjønar me teikninga...

* Bunnpris
Lutefisken går til 19,90, 6 kr dyrare pr kg enn Rimi. Elles lanserar Bunnpris 900g risengrynsgraut frå FirstPrice (900g) til 19,90. Omlag dobbelt så dyrt som å koke risen sjølv, men me avviser ikkje å teste produktet om prisen kjem ned. Rapport kjem i tilfelle her på bloggen.

* Obs!
Vekas kalkun kostar 49,90 kr/kg, det doble av Kiwi! Kokt "juleskinke" kostar 109 kr/kg, meir enn det tredoble enn skinka frå Ica Maxi! Me kan med vissheit slå fast at julerusen har innteke Obs, og me styrar klar.

Konklusjon: Ei variabel tilbodsveke, med enkelte høgdepunkt så fremt frysaren er ledig for meir svinekjøt og kalkunkjøt.

torsdag 25. november 2010

Test: FirstPrice appelsinjus

av SR

Dette produktet fekk så mykje tyn i dinside.no sitt panel av subsidierte studiner at me fann ut at dette må prøvast. Samstundes er haust og vinter høgtid for C-vitamindrykk, noko som trigga oss ekstra. Fire liter jus er snart fortært, og det er på tide å gjera opp status.

Faktaboks
Produkt: FirstPrice appelsinjus.
Pris: 12,90 kr/to liter (70% billegare enn fersk frå Tine!)

Funksjonalitet 2 av 5
Kartongen er nok like lite sexy som resten av FirstPrice sine produkt. Elles er det nok ein grunn til at dei fleste andre har gått vekk frå to-literskartongar. Det er vanskeleg å hella den fyrste skvetten utan å søla, sjølv med riktig teknikk (sjå under!). Trekk for stygg orddelingsfeil.

Appetitt 4 av 5
Som all annan jus er det òg slik med denne at uansett kor mykje du ristar den på førehand, så er det framleis slik at dei fyrste glasa med jus er tynnare enn dei siste. Det er vidare eit snev av fruktkjøt og ein god appelsinsmak.

Fordøying 5 av 5
Glir lett ned, og lett ut. Noko anna ville vore overraskande med ein drikk

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Rett nok kjenner me ikkje så godt til korleis dei dyraste merka smakar, men i og med dei er over dobbelt så dyre, har me vanskeleg for å sjå at det kan svara seg etter kostnad-smak-prinsippet.


TIPS! For å unngå søl med store kartongar, følg denne rettleiinga:
1) Riv vekk forseiglinga som vanleg
2) Set venstrehanda øverst oppe på den sida tuten er. Peikefingeren på det eine hjørnet, og tommelen på det andre hjørnet.
3) Hald høgrehanda under kartongen.
4) Løft kartongen varsamt bort til glaset du allereie har sett på kanten av bordet.
5) Tøm jus i glaset.

måndag 22. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas heilbom. Dei sel frosen ribbe til 29,90 kr kg, snakk om kontrær butikkverksemd. Og det stoppar ikkje der, dei har no tilbod på is. Me frys for tida av oss det vetle me har her! 2 liter frå Sørlandsis til 16,90 er rimeleg, og eit tilbod me har sett før. I sum lite å juble for hjå Joker denne veka.

* Spar/Eurospar
40% rabatt på all frosenpizza kan vera eit greitt tilbod, men framleis er det billegast å lage pizzaen sjølv. Når Spar reklamerar med "Ribbe 12,90" meinar dei faktisk per hekto (!), og ferdig kokkelert - me styrar klar. Me let oss ikkje imponere av Spar heller.

* Kiwi og Rema
Heller fattige kundeaviser.

* Rimi
Held fram det populære ribbetilbodet sitt frå førre veke. "Nå erre på tie å komme i gang med jula!" Tilbehøyret går til overpris, kanskje med unnatak av surkålet (4,90), her syner me til førjulsribbeoppskrifta utan særleg tradisjonsrikt tilbehøyr.

* ICA Maxi
Skinkesteik med bein 34,50 pr kg er nær rekordbilleg, og me tilrår hamstring. Merk at tilbodet berre gjeld frå 22/11-24/11. 20% rabatt på Fjordland-middagar er i ei annan verd, og berre til å le av. 40% på vaskemiddel kan imidlertid skjule nokre godbitar, som klor og grønsåpe.

* Bunnpris
Skinkesteik til 99,50 pr kg er vekas store oppslag, me styrar langt unna. 1,5 liter julebrus til 6,90 + pant er billeg om ein har sansen for slikt.

* Obs
Vekas kalkun går for 24,50 pr kg, eit tilbod me kan like. Elles held ein 40%-rabatt på utvalde Findus-produkt, men det imponerar oss ikkje særleg. Einaste tilrådelege Findus-produkt vil med rabatten vera Kapteinens fylte torsk (300 g) til 20 kr, der du då til nøds får 2 middagar til 10 kr stk + poteter. Om du lid av skjørbuk tilrår me Obs sine klementinar til 9,90 pr kg eller kålrot til 6,90 pr kg.

* Mega
40% rabatt på juice. Coop-juicen er frå før rimeleg og ein vert no bydd 40% rabatt på denne. Elles lite tilbod frå Mega, me merkar oss at varer med juleetikett er stivt prisa.

Oppsummert: Lite å juble for, men me plukkast med oss meir ribbe frå Rimi og noko kalkun frå Obs.

søndag 21. november 2010

Me tek gjerne i mot kronasje

av KR

I veka som har gått har me kunne lese om diverse fotballfruer og andre rosabloggarar som mottek pengar (og no kritikk) for å sause saman bloggen med redaksjonell omtale og anna tilfeldig plassert reklame. Dei mottek kort sagt pengar for å plassere sine produkt på bloggen.

Om me føler oss forbigådde? Ja, så visst!

Sparebloggen mottek ikkje så mykje som ein miniatyrpakke rosiner frå Eldorado. Og det beklagar me på det sterkaste. Det er i grunn eit sakn. Ikkje berre vil me kjøpe varer på tilbod, me vil helst få dei tilsendt gratis og fraktfritt -- og aller helst få betalt for å skrive kva me fortærar. I morgon ventar vekas tilbod, som vanleg gratis levert frå oss til deg.

laurdag 20. november 2010

Julemiddag på forskot

av KR

Det har den siste tida vore priskrig på svineribbe, og me reknar med mange sparar denne veka har handla tynnribbe til 14,50 pr kg på Rimi. Ein lesar rapporterar òg om butikkar som går tomme for tynnribbe, og sel familieribbe til same prisen. Rimi har lenge måtte tåle pepar her på bloggen for dårlege tilbod, men denne veka har dei teke att noko av det tapte omdømmet og skapt god julestemning alt i november.

Ettersom mange frysarar no bugnar av førjulsribbe presenterar me her Sparebloggen si førjulsribbeoppskrift:

Bruk ein skarp kniv, gjerne ein tapetkniv, og lag rutemønster på svoren. Gni deretter heile ribba inn med rikeleg salt og pepar. Her må det til meir enn du trur, og sørg for at det kjem inn mellom rutene og ned i kjøtet. Legg deretter i plast/folie og lat stå kjølig i 2-3 døgn.

Legg så ribba med svoren ned i ei langpanne, og hell i ei blanding vatn og appelsinjuice til svoren er dekt. Om du har nokre laukar kan du kutte desse i to, òg hive dei ned i langpanna. Dekk så til med aluminiumsfolie og set i omnen på 225 grader. Lat det dampe i 30-45 min. Fjern aluminiumsfolien, og snu ribba med svoren opp. Senk temperaturen til 180 grader, og lat stå i 2-3 timar. Pass på å etterfylle vatn dersom naudsynt. Medan ribba godgjerar seg i omnen må du 4-5 gongar i timen ause sjy frå langpanna opp på ribba. Denne prosessen kan intensiverast den siste timen, og gjer ribba saftigare og meir smakfull. For å sikre ein sprø svor må du sjå til at ribba står høgt i omnen, og dersom naudsynt brukar du grillfunksjonen med stor varsemd!

Ta så ribba ut or omnen og lat kvile 20-30 min før oppskjæring. I mellomtida lagar du saus der du nyttar delar av sjya frå langpanna, og heimebruna kveitemjøl. Til denne førjulsribba bør det halde med eit tilbehøyr av poteter, saus og surkål.

Eit kostnadsanslag per person der ein reknar 300 g kjøt, 2 poteter, surkål og saus gjev 7-8 kr for ein middag. Lenge leve landsbruksoppgjeret!

måndag 15. november 2010

Ei bra veke for tilbod

av SR

Spar
24,90 for 400g fersk kjøtdeig er ikkje noko me tilrår. Mange har tilsvarande pris for fersk kjøtdeig i snabb som fast pris, samt at frosen kjøtdeig er billegare. Elles er det 40% på Old el Paso-produkt. Minnar her om at First price sine lefser held høg standard, men spørsmålet er når produksjonen var store lefser tek til. 40% på tomatar er bra, men blir neppe tur innom spar denne veka.

Mega
40%-aren denne veka er brød- og kakemiks frå Toro og Mølleren's. Dette er bra, men om du, som oss, hamstra på spar sin 10-kronersmarknad er det ikkje noko å henta. Elles veit me at jula er her når edameren kostar 59,90 kr/850g. Ingen grunn til å kjøpa ost til fullpris, med mindre du går for first price sin. Skinkesteik med bein til 29,90 kr/kg er bra, det same er smågodt til 5,90 kr/hg (NB! Berre viss du har COOP-kort). Alle typar go'morgen-jogurt til 8,90 er òg relativt bra, sjølv om det jo er stivt likevel. Saman med klementinar til 12,90 kr/kg presterar Mega her ei kjempeveke!

Joker
40% på fiskeprodukt frå findus er ein god gamal kjenning. Elles får du julepølse til 16,90 kr/400g, noko me trur er bra, men førjulstida får syna oss om me har rett. 2 kg poteter til 10 kroner er greitt, men ikkje det billegaste me har sett i år.

ICA Maxi
Har same 10-kronersmarknaden som sist veke, samt fersk kjøtdeig til 59,90 kr/kg (lausvekt). Dette er noko tilsvarande Spar sin.

OBS!
Relandserar ein god gamal kjenning: fersk kjøtdeig til 19,90 kr/400g! Dette har me venta på. Her er det berre å hamstra, og dela opp i porsonspakkar viss du ikkje lagar middag til andre enn deg sjølv. Har du ungar eller kortvokste vennar er julagåva å få kjøpt hjå Obs! Skipakke til born for 999 kr er bra. 14,90 kr/kg for epler er heller ikkje feil, men klementinar er nok meir økonomisk. Til liks med Mega, har òg Obs! smågodt til 5,90 kr/hg for COOP-medlemmar.

Bunnpris
Lite nytt denne veka.

Rimi
Juleskinke, kokt og røyka, til 49 kr/kg er bra viss me kan gå utifrå at den er beinfri, men me har sett det billegare. Skal me dømma etter fjordåret bikkar ikkje pinnekjøtet under 99 kr/kg utan at det går kraftig utover kvaliteten. Ribbe til 14,50 kr/kg er godt nytt. Røykalaks til 59,90 kr/kg er brillefint. Ofte er den billege røykelaksen litt svak på smak. Dryss difor på litt smaksforsterkarar, då særleg salt. Då blir den god som det beste frå utlandet.



Minnar elles om at Brimi har gått god for billegribba sin kvalitet, og at det er varsla prisar ned mot 10-kroningen pr. kilo.

torsdag 11. november 2010

Siderspezial

av SR

Som tidlegare lova, kjem me no attende med oppskrifta som imponerar både naboen, ektefellen, lommeboka, vorspielet og han med snurrebart innerst inne i kroken på di lokale kneipe. Det hemmelege sider-oppskrifta blir avslørt.

Etter mykje prøving og feiling innan siderbrygginga har eg kome fram til korleis det skal gjerast og korleis det ikkje skal gjerast. Fyrste sats vart sett eit halvår før eg var russ, og skulle du òg tenka tanken om at sterk sider er god sider, kan eg avkrefta den myten fyrst som sist - Busted!

Det er naturleg nok mange måtar å koma fram til produktet sider. Det beste er likevel etter mi meining å reisa til den lokale eplepressaren og få pressa 25 liter eplesaft. Det er det perfekte utgangspunktet for ein god dunk. Vil du ha det mindre syrleg, kan du tilsetja 20-30% pære. Men pass på å reingjera dunken (og alt anna bryggemateriell) godt. Helst med klor.

Før du går vidare i prosessen må måla sukkerinnhaldet i safta med ei økselvekt. Har du dårleg hukomming må du skriva ned dette talet. Du vil få bruk for det seinare.

Pisk så inn ein pakke med raud cargus (sterkvinsgjær) i 2 liter saft og "slå" det inn att i dunken. Tøm på nytt ut nokre liter, og slå det inn att i dunken. Gjer dette 3-4 gongar, og rist deretter heile dunken ei stund.

No er dunken klar for gjæring. Det er difor viktig å ha på gjærlås på dunken, og ikkje vanleg kork. Med vanleg kork risikerar du at gjæringsprosessen gjer at korka sprett av, og utan kork endar du fort opp med epleedikk. Så kan dunken berre stå. Les bakpå gjærpakken for å sjå temperatur.

Sjekk så sukkernivået minst ein gong i veka. Når sukkerinnhaldet er på omlag 20 må brygginga avsluttast. Tilsett klårningsmiddel, og la det så nokre dagar til grumset har gått til botn av dunken. Ta ein slange, og tapp det over i flasker. Det er ikkje noko poeng i å putta pengar i dyre flasker. Vanlege brusflasker er dei beste flaskene, då korkene der er heilt tette.

Når du har flaska sideren må du på nytt måla sukkernivået. Me kjem attende til kva dette skal brukast til. Vil du ha ein kryddersmak kan dette tilsetjast no, men ha det i dunken på ein slik måte at det enkelt kan fiskast opp att.

Viss du vil ha bra med kolsyre i drykken, tilset du ei lita te-skei med fruktose før du set på korka. Med tida vil det slik dannast kolsyre av seg sjølv.


For mange er alkoholprosenten det viktigaste, og det er her den fyrste og den siste målinga av sukkerinnhaldet kjem inn. Ta det talet du fyrst målte, fx. 58, og trekk frå det siste nummeret du målte, td. 18. Då får du 40. Dette delar du på 7,62 (fin hugseregel for militærfreaks). Med vårt døme får du 5,25, og det er alkoholprosenten.

Lukke til med brygginga!

måndag 8. november 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
1 kg Norvegia til 49,90. Det er lenge sidan me har sett ost under 50 kr/kg og tilrår hamstring (minimum 5 kg pr sparar). Elles styrar me klar av Joker, som mellom anna prøvar å lokke med 400g karbonader til 34,90. Det er ikkje mange vekene sidan underteikna plukka opp 900g for 29,90 hjå same kjeda!

* Spar
Gjentek suksessen frå førre veke, tikronarsmarknad.

* Ica Maxi
..det gjer òg Ica Maxi i dobbelt omfang!

* Rimi
Frosen tynnribbe 18,90 pr kg. Elles eindel andre juletilbod, som sett førre veke.

* Kiwi
Fersk ytrefilet av svin 93 kr/kg frå torsdag denne veka. Det er eit "sådär"-tilbod, men gjev faktisk ein middag under 20 kr inkl poteter og saus.

* Mega
40% rabatt på diverse reingjeringsprodukt. Elles let me oss ikkje lure denne veka heller.

* Obs!
Prior kyllinglår til 27 kr/kg. Selgast i pakkar av 2,2 kg til 60 kr samla. Me tilrår hamstring. Elles held Obs tikronarmarknad, med eindel klassiske tikronarvarer. Me nemner kremost, italiensk salat, makrell i tomat, blodpølse og kystens fiskegrateng. For å ta sistnemnde; får ein i det heile kjøpt denne til veiledande 34,90 lenger?! Dette er eit "steikje tule tilbod", for å sitere ein kjøpmann på Sunnmøre.

Alt i alt ei god veke, dropp innom Joker for osten, Spar og Coop for diverse tikronarsnacks. Ha ei god spareveke!

søndag 7. november 2010

Årets billegaste brød?

av KR

Tikronarmarknaden til Spar denne veka har alt gjeve frukter. 4-korn med tilhøyrande gjærpose til 10 kr pr kg innbyr til brødbakst. Det same gjer 8 kg kveitemjøl frå Coop Obs til rekordbillege 29,90 (3,74 kr pr kg). Ut or omnen er nyss kome 4 formbakte grovbrød. Bakeformene har underteikna tileigna seg ved hjelp av diverse tilsende gåvekort etter forbrukarklager til produsent. I det heile var det ein gild handletur for nokre dagar sidan, der gåvekort til ein verdi av 650 kr vart svidd av på rekordbillege daglegvarer. Etter matbudsjettet å dømme treng eg ikkje handle korkje frukost eller middag resten av november. Hushaldningsbudsjettet lyser naturlegvis blått, og Sparebloggen syner deg no korleis du kan eta landets billegaste grovbrød.

Grovbrød er atter på moten, og særleg dei til 30-40 kr stk. Me føretrekk å dele prisen på 10.

1 kg 4-korn med 1 pk tørrgjær - 10 kr
1 kg kveitemjøl - 3,74 kr
1 liter vatn - 0,015 kr ved vassmålar og 15 kr pr m3.
45 min komfyr 200 gr - 1,48 kr

Det heile blandast, hevast ein time i bolle, så ein time i form og steikast deretter i 45 min til nette 3,81 kr per brød. Me har då ikkje rekna slitasje på bakeformer, komfyr eller anna utstyr. Og det beklagar me på det sterkaste.

Vel bekomme!

laurdag 6. november 2010

Julebordsesongen

av KR

Dei seier det nærmar seg jul. Sjølv har eg ikkje eingong kjøpt inn ein halv gris. Likevel har fleire av våre faste lesarar oppmoda oss om å sjå mot den komande julebordsesongen. Den er visst alt i gong! Og familien har sjølvsagt rett; den er under planlegging. Festkomitéar opprettast. Husvære og korps tingast. Og eigenandelar kalkulerast. Somme stadar trykkast det til og med bongar. Du kan drikke på vår rekning, berre du gjer det sømeleg. Kva er då vitsen, kva slags julebord er dette?

For å granske dette kollektivistiske fylleslaget (og sosiale sjølvmordet) nærare, må me naturlegvis attende nokre generasjonar. I følge det eg trudde var Uncyclopedia, men synte seg å vera norske Wikipedia, oppstod skikken "i middelalderen, da det var vanlig å la maten stå framme hele jula slik at fattig og omstreifere kunne forsyne seg. Før var det også vanlig å la restene etter julemåltidet ligge igjen på bordet julenatta for å blidgjøre de underjordiske eller gårdsnissen." Dei einaste underjordiske ein ser i dag er vel den som ligg under bordet, og i dag let ein berre halvfulle drinkar stå att "til omstreifere" slik at den fullaste kan byrje repareringa alt kl 02. Eg reknar med diverse folkloristar kan gå god for denne skikken, som byrja omlag 430 år etter reformasjonen.

Det mest interessante med skikken julebord er vel kor lausriven den er frå sjølve juletida. I gamledagar vart eit julebord lagt til romjula, og det var då ein viss logikk i saker og ting. I dag er julebordet omlag som russetida, ein feirar fleire veker før eksamen. Det stoppar ikkje berre der. Ein drikk i same omfang som russar, og har meir eller mindre tilfeldig kopulering. Det einaste som manglar er knutane! Men knutane er der ser du, fordekt som diverse morosame "Årets"-utmerkingar. Kan det verta flauare? Naturlegvis, og Sparebloggen syner deg korleis.

Det er ei kjend sak at arbeidsplassar held julebord, sjå berre her. Men all den tid diverse lag og organisasjonar held julebord, og er gilde nok til å bruke alle medlemspengane på å fôre eit lite mindretal, bør du melde deg inn og eta gratis. Ein må imidlertid førebu seg på å verte uglesett. Organisasjonars indre kjerne er knallhard, og du vil lett kunne skilje deg ut som ein framand. Sparebloggen sitt triks er å kle seg som eitkvart anna organisasjonsmenneske, som Arnold Arnoldski, og med dette glir du rett opp til buffetbordet. Usett. Ei soge frå Sogn vil ha det til at eit organisasjonsmenneske klarde 24 julebord iløpet av desember. Kan ein tenkje seg ein betre julekalendar? Nettsida nyinorge.no er ein god innfallsport for mange, også for gode spararar. Ifølge nyinorge.no fins det "over 115.000 organisasjoner i Norge". Rekorden på 24 bør vera lett å slå. Brorparten av desse organisasjonane er nemleg sokalla frivillige, og med det følgjer inga medlemsavgift - men likevel eit gratis julebord. Forstå det den som kan. Meld deg inn den kommande veka og krev din rett for 2010! Går alt som planlagt får du med deg nokre frivillige tilbake på hotellet òg.

måndag 1. november 2010

Tilbod veke 44

av SR

Spar
Har 10-kronarsmarknad denne veka. Det er allereie utprøvd, og me kan gå god for mjølblanding (60% avslag) og leverpostei. Pass som vanleg opp for dårlege tilbod. Løft på tilbodslappen

Joker
Pizza ristorante til 14,90 er ikkje feil. Det er heller ikkje Dolmio pastasaus til 10 kr/glaset, for dei som ikkje lagar sausen sjølv. Elles lite å melda om.

Rimi
Juletilboda er på plass, og 18,90 kr/kg for ribbe er ikkje verst så lengje før jul. Pinnakjøtet får du til 89,90 kr/kg, lutefisk til 17,90 kr/kg, kalkun til 29,90 og julebrus til 6,90 for 1,5 liter er særs bra. Her luktar det billege julemiddagar ei stund framover!

Rimi førsetjer trenden frå sist veke, og byr i tillegg på klementinar til 12,90 kr/kg og kålrabi til 9,90 kr/kg.

Bunnpris
Har denne veka kotelettar til 19,90 kr/kg, agurk til 5,90 pr stykk og OMO color til 29,90. Dette er bra! Til gullrekka kan me tilrå to Bergene melk til prisen av éin.

ICA Maxi
Har 40% på ei rekkje varer denne veka, mellom anna mjølblandingar, cola-boksar og pølser frå Gilde. Synnøve Finden til 69,90 kr/kg kan verka freistande, men den nye standardprisen er no 59,90 kr/kg, og me kan lova at det snart kjem til den prisen snart.

Mega
40%-aren denne veka er utvald snacks frå Kims. Røykt svinekam til 49,90 kr/kg er bra mellom julemåltida som er på tilbod hjå Rimi. Heil kalkun til 24,90 kr/kg er veldig bra.

Obs
Eple, appelsiner og pære til 14,90 kr/kg er ein bra pris. Mjøl på tilbod. Er du hard på mandlane, eller i gong med heimelaga julegåver som me tipsa om i fjor, er mandlar til 39,90 kr/kg. Skal du ha ski før vinteren har Obs denne veka mange bra tilbod på skipakkar både for nedover- og bortoverski.