torsdag 28. oktober 2010

Brygging

av SR

Me har tidlegare blogga om den gong det var priskrig på øl, og lufta ideen om first price-øl. Men me bloggarane har òg brei erfaring innan brygging av både øl, sider og vin. Dette er både billeg, godt og spanande å laga, med andre ord noko for sparebloggen!

Fyrst av alt: Det er ein del byfolk som har fått det føre seg at det ikkje er lov å brygga vin, øl og sider. Dette er sjølvsagt feil, og skuldast nok at mange ikkje klarar å skilja mellom heimabrygg og heimabrend.

Grunnutstyr for brygging er 25-litersdunk, gjær, gjærlås og slange. Dette kostar eit par hundrelappar, noko som altså tilsvarar 1,5 sixpack. Her er det superviktig med reinhald for å få eit godt resultat. Dette gjer du med klorvatn.

Det enklaste er å nytta ferdigpakkar. Dette får du på ei rekkje jarnvarehandlar, og du kan få kjøpt vin i alle moglege smakar og alt frå lyst til mørkt øl.

Vil du gjera det meir spanande kan du laga det frå grunnen av. Underteikna har sett ein dunk med sider, og om litt kjem eg attende med oppskrift, erfaringar og test. Ein ekte tease der altså!

måndag 25. oktober 2010

Nye tilbod

av SR

Spar
Spar har denne veka lete seg inspirera av at Jan Thomas har fått nytt tv-program, og har denne veka pølsefest - 40% på alt av pølser frå Gilde, Prior, Finsbråten og Slakter'n. 200-gramsplater frå Freia til 19,90 kan vurderast om du ikkje kjøpte til 16,90 hjå rimi for nokre veker sidan. Elles ikkje noko nytt frå den kanten, framleis like dyrt.

Joker
Svinekotelettar til 29,90 kr/kg er greitt, men me har sett billegare. Likevel verdt å merkja seg at tilbodet gjeld både for frosne og ferske. Ved å velja dei ferske får du meir for pengane. Elles har dei ikkje klart å oppdatera kundeavisa denne veka...

Bunnpris
Òg Bunnpris har kotelettar til 29,90 kr/kg denne veka. Freia-sjokolade til 19,90 kr/200g er òg å få kjøpt her denne veka. Imponerar elles med lutefisk til 19,90 kr/kg. Erfaring tilseier likevel at bacon, ertrestuing, poteter og anna bør kjøpast andre plassar. Me let oss framleis imponera over 400 g kjøtdeig til 19,90 - fast pris.

ICA Maxi
Joikakakene feirar år i år, og ICA markerar dette med å selja ei boks for 24,90. Smågodt til 6,90 kr/hg og mandarinar til 12,90 kr/kg er heller ikkje feil.

ICA Nær
40% på all tex mex frå Santa Maria, samt ei rekkje merkjer med brus er god stemning.

Mega
10 kr for mykje frukt. Ikkje alt er pr. kilo, men det er likevel ein bra pris. Svinesteik med bein til 49,90 går òg an, men me oppmodar ikkje til hamstring. Torsk til 79,90 kr/kg er særs bra, med mindre du kjenner nokon i fiskeindustrien.

Rimi
Smågodt til 6,90 kr/hg og kotelettar til 29,90 kr/kg òg her. Norvegia til 59,90 kr/kg er bra, og kan godt hamstrast. Norske eple til 14,90 er relativt fint, men framleis dyrt.

måndag 18. oktober 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Røykt kjøtpølse frå Gilde 900g til 29,90 er eit tilbod me kan like i små dosar, pass på kolesterolet! Elles er det lite å hente på Jokeren denne veka.

* Rimi
Fersk indrefilet av svin til 99 kr kg. Prisen er god, og me tilrår hamstring. Potetene til måltidet bør du ikkje plukke opp hjå Rimi, men hjå Coop Obs.

* Kiwi
Dette var sorgens frå Kiwi. Kyllingfileten til FirstPrice har stige 50% i pris til 99 kr, fersk karbonadedeig 600g selgast til ågerpris 59,90. Ferdigsteikte, ferske karbonadekaker selgast derimot til 49 kr kg, likevel dyrare enn hjå Joker førre veke.

* Spar
Nygrilla kylling, på storleik med høns, 29,90 pr stk. Sumarfavoritten skinkeboks 16,90 kr, godt under veiledande pris.

* Coop Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Coop Prix
Findus fiskegraten 450g til 19,90 er isolert sett særs billeg, men pass på for denne vara er ein tikronarsmarknadsparebloggfavoritt! Vent difor om du kan.

* Coop Obs!
40% rabatt på Coop sin kaffi, og diverse kakemiksar frå Toro. Elles selgast 5 Capricciosa-pizza for 50 kr, og 10 pk fiskepinnar for 100 kr (1 kr stk). Me minnar her om at FirstPrice sel til omlag halve prisen. Gilde 400g kjøtdeig til 22,90, me plar vente til 19,90 - men den hungrige bør plukke med seg eit par. Elles får du 3 x 400g kyllingkjøtdeig til 60 kr, denne er som kjend meir vassen enn den ordinære kjøtdeiga. 5 kg poteter 19,90. Diverse juice 1,5 liter 10 kr stk.

Oppsummert: Mykje bra hjå somme utvalde denne veka.

onsdag 13. oktober 2010

Ulike garantiar ein kan dra seg nytte av

av SR

For mange butikkar har det gått sport i å koma med garantiar som dei kan reklamera med. Dette trekk kundar, men kostar lite, då det er få som tek seg bryet med å reklamera på mangelfulle varer. Her kjem ei lita oppsummering av garantiane du kan dra deg nytte av:

Kiwi:
- Dobbel pris attende om du ikkje er nøgd med kvaliteten på frukt og grønt. Det er her altså lagt opp til ei subjektiv vurdering av kva som er god kvalitet, så her er det i prinsippet mogleg å gjera seg rik på frukt og grønt som eigentleg er av god kvalitet. Som sparar er me vande med å eta det andre ville ha kasta, men er det kjøpt på Kiwi kan det altså gjera deg rik. Noko me i bloggen har nytta oss av er å kjøpa varer som er dårlege i hyllene, for så å gå rett attende i kassa. Så ver alltid obs på ferskvarer som krydderplantar og bær.
- Finn du varer som går ut same dagen eller dagen etter kan du gå i kassa og få det gratis. Spelereglane opnar her for at det er lov å gøyma unna varer.

Bunnpris:
- Har same ordning som Kiwi med dobbel pris attende for frukt og grønt du ikkje er nøgd med kvaliteten på.

Alle COOP-butikkar:
- Smakar ikkje vara like godt som du trudde den ville, gir COOP deg pengane attende. Òg denne vurderinga er høgst subjektiv, og opnar for at ein kan eta seg mett, for så å få pengane attende. Det er det me i bloggen kallar god stemning!

COOP Marked:
- Viss det ikkje er ferskt brød i hyllene, får du eit COOP-lettbaka brød gratis.

Rimi:
- Uvisst om brødgarantien som gav deg 50 kr i gåvekort om dei var utselde for brød framleis eksisterar. Her er det likevel verdt å prøva seg. Dei reklamerar framleis om at du alltid får brød der vertfall.

Elkjøp:
Har full returrett dei 30 fyrste dagane etter kjøpet, og "komplett vare" kan leverast attende i "tilsvarende stand som når den ble kjøpt". Juridisk sett er det ikkje noko krav om at embalasje ikkje kan vera broten og slikt (med unntak for filmar og spel", noko som særleg kjem fram av at det blir presisert at garantien ikkje gjeld filmar og spel der embalasjen er broten.


Hugs: ta alltid vare på kvitteringa!


Denne lista er langt frå uttømmande. Veit du om ein garanti me ikkje har fått med? Legg den inn i kommentarfeltet. Gjerne frå andre bransjar enn matvarebransjen òg!

måndag 11. oktober 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
800g karbonader til 29,90. Tilbodet er særs godt, me tilrår at du fyller kvota. 2-liter Sørlandsis til 17,90 er heller ikkje dårleg. Findusgrateng 500g til 34,90 er ein vits, når tilsvarande i 450g-pakke stadig figurerar på diverse 10-kronersmarknadar.

* Spar
Sokalla Findus Fryseshow, 40% rabatt på fisk frå Findus. 5 kg poteter til 24,50. Forutan om dette styrar me klar av Spar, me let oss ikkje lure av 400g elgkarbonader (15% elg) til 39,90.

* Mega
Prisane på fårikålkjøt fell vidare, Mega sel no ferskt fårikålkjøt til 29,90 pr kg. Frå før veit me Kiwi førar frose fårikålkjøt til 27,90, me øynar framleis håpet om 19,90. 40-prosentaren denne veka er Dr. Oetker-pizza.

* Prix
Ferskt lammelår 69,90 pr kg frå Skjeggerød, eit rimeleg bra tilbod sjølv om det følgjer med noko bein på kjøpet. Som Joker førar Prix karbonader 800g til 29,90.

* Kiwi
69,90 pr kg for lammelår, elles lite frå Kiwi. Me ventar på Go'helg-tilbodet.

* Obs
50% rabatt på all Coop-kaffi, her trur me ein kan sikre seg mykje nedprisa kaffi! Det er om vintaren Sparebloggen et is, 40% rabatt på all is frå Diplom-IS. Årets billegaste kjøtdeig, Skjeggerød lammekjøtdeig 15,90 pr 400g!

* Rimi
Storlanserar Gilde si kjøtdeig 400g til 24,90, det endar naturlegvis i knall og fall denne veka. Det same gjer 800g karbonader for 39,90, ein tikronar over både Joker og Prix. Me har sett det betre frå Rimi.

Vekas tilbod: Obs si lammedeig 400g 15,90.

søndag 10. oktober 2010

Sprikande kosthaldsråd

av KR

Kosthaldsråda sprikar i alle retningar, kan VG melde, fagmiljøa er splitta mellom lågkarbo og lågkalori. Sparebloggen køyrer ei klårare linje; før eit billeg kosthald. I morgon ventar ny tilbodsrapport frå daglegvarehandelen. God sundag!

torsdag 7. oktober 2010

Fårikålet nærmar seg gryta

av KR

Me har lenge etterlyst lågare prisar på fårikålkjøt, og oppmoda til å vente til sesongen er på hell. I dag kom me over halverte prisar på Kiwi, vår herre skjenkar FirstPrice djupfrose fårikålkjøt til 27,90 pr kg. Me tilrår at ein vurderar eit par posar, i tilfelle me aldri får sett 19,90 i år.

Lat huset lukte av fårikål heile neste veke!

måndag 4. oktober 2010

Tilboda denne veka

av SR

Spar
Norvegia til 59,90 kr/kg har etterkvart blitt eit godt tilbod. Det er bittert for oss å måtte gjera det, men me tilrår altså no ost til 59,90 kr/kg, då tida for 49,90 om ikkje er over, så vertfall er særs sjeldan.

For den urbane kan me tilrå Smoothie på 40%, men ver obs på at det no er mykje billeg frukt og bær på marknaden, som gjer at det nok eg både billegare og betre å laga den sjølv.

Poteter til 19,90 for 1,5 kg er å bli pissa på, særleg for ein bloggar som har hatt helga i potetåkeren, og teke med meg poteter for eit halvt år framover - gratis!

Joker
400 g kjøtdeig (kylling eller storfe) til 22,90 er etande, og klart betre enn 24,90 som me har sett tidlegare. Treng du fersk kjøtdeig for å dela opp i mindre porsonar, kan me tilrå dette! Viss porsonering ikkje er like viktig, tilrår me det frysedisken har å tilby. Store Nidar-plater til 17,90 er heller ikkje å forakta, for den som likar slikt.

Bunnpris
Nedsette prisar på fisk frå Findus, men ver merksam på at det er opp til 40%, ikkje flat rabatt på 40%.

Fersk La Vita Pizza til 19,90 er særs bra, pris og smak sett saman.

Rimi
Har kjøtdeig på tilbod, men det er 24,90 for pakken, noko som altså er høgare enn på Joker. Pizza Riostorante til 19,90 er brillefint! Store sjokoladeplater frå Freia til 16,90 er veldig bra, og eit klart prov på at 40%-aren hjå Spar for nokre veker sidan var svindel.

Mega
40% på undertøy frå Pierre Robert er bra for dei av oss som ikkje er nøgd med det Sparkjøp har å by på.

Obs
Er du hard på på karbonadedeiga får du tre pakkar for 100 kr. Vidare får du fem Pizza Capriociosa frå Coop til 50 kr. Vidare står framleis tilbodet om ti pakkar fiskepinnar for 100 kr ved lag. Til dessert kan me tilrå grøne druer til 9,90 kr/kg, eller for helga Minde sine utvalde på 40% tilbod.

ICA Maxi
Har i skrivande stund tekniske problem, men ryktet skal ha det til 40% på ei rekkje varer, medrekna jogurt.

NB! På veg ut frå min snartur innom Kiwi i dag såg eg i augekroken noko som likna på ein 500g-pakke med fersk storfekjøtdeig frå First Price. Dette lovar bra, men prisen er altså framleis uklart kvar i lende prisen ligg.

fredag 1. oktober 2010

Ei god spareveke

av KR

Det har vore ei god spareveke. Gåvekorta frå Findus gjekk til å kjøpe 15 stk 450g Findus-fiskegrateng på ein 10-kronarmarknad hjå Obs. Det skulle halde til 20-30 middagar. Eg har bestilt gratis bygg- og kveiteris hjå Mølleren, og ikkje minst knipt på ein nærast tom bensintank heile veka. Sistnemnde er i grunn ikkje noko å vera stolt over, ettersom bilhald er galskap. Likevel må det gjerast så sparsomt som råd er.

Alt før den 30 mil lange turen ante eg at noko var gale, bensintankpila bikka for mykje til venstre; mot raudt. Som kjend er Sparebloggen økonomiske (og følgeleg miljøvennlege) sjåførar, og bensintanken heldt heile turen. Dagen etter varsla imidlertid bilen om tom tank, men underteikna køyrde på (i høge gir) i påvente av månadsskiftet. Med bensinkort sikrast ein nemleg rabattar og rentefri betalingsutsetjing med forfall kvar 30. dag i månaden. Undervurder aldri det rentefrie alternativet! Alt handlar då om å fylle tidleg i neste månad, snarare enn seint i inneverande månad.

Det vart nokre spanande køyreturar i påvente av 1. oktober, så klart. Tankane gjekk mot tom tank. Slagplan vart lagt, kven er det lurast å ringe? Lånar bensinstasjonane ut 5-literdunkar? Går det i det heile teke an å kontrollere bensinpistolen når ein fyllar på ein slik dunk? Spørsmåla var mange, og kilometrane gjekk. Onsdag kom. Eg var nær ved å trekke meg. Aldrig! Torsdag kom. Motet var på topp. Fredag kom. Kalendaren synte 1. oktober. Vegen gjekk mot bensinpumpa, kortet vart trekt og smilet kom. Lat heller pengane forrente seg på sparekontoen, enn å ta bensinrekninga nokre dagar før månadsskiftet. 16,5 kroner spart, inkl rabatten, og mange spanande køyreturar.