torsdag 29. juli 2010

Test: First Price leverpostei

av SR

Sjølv om me som hovudregel er uvanleg positive til billegprodukta, legg me ikkje skjul på at ikkje alt er verdt å bruka pengar på, grunna dårleg kvalitet. Me ser det difor som naudsynt å testa produkta.

Faktaboks
Produkt: First Price leverpostei.
Pris: 78 kr/kg (billegaste på marknaden!)

Funksjonalitet 4 av 5
Enkel og grei pakning, som ikkje er fancy, noko som gjer den billegare. Minus for rund boks i staden for firkanta, då det blir vanskelegare å skjera posteien.

Appetitt 5 av 5
Om det er den lite fancy innpakkinga som gjorde det er uvisst, men eg hadde lenge ein sterk skepsis til posteien. Overraskinga var difor stor når eg såg den brillefine steikeskorpa. Når posteien kom på skiva var overraskinga total. Posteien er lett å smøra ut, og har ein herleg smak av gul- og kvitlauk. Saman med litt agurk snakkar me eit herremåltid til lunsj!

Fordøying 5 av 5
Glir lett ned, og medførar ikkje ekstrakostnadar knytt til toalettpapir og anna.

Sparebloggen; testar eitt steg lenger!

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet, og me har allereie bytta du den 2 kr/kg dyrare danske varianten til Tulip som fåast kjøpt på Rema.

måndag 26. juli 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sumarstilla har senka seg over landet, og Joker trur kundane har teke siesta. Ingen gode tilbod denne veka.

* Spar
40% rabatt på diverse iskrem, men pass på prisen. Ytrefilet av svin til 99 kr kg, me etterlyste for litt sidan dalande prisar, her kan det vera meir å gå på.

* Rimi
Nytt solstikk. Dei førar framleis pølser til 130 kr kg.

* Mega
40% rabatt på diverse iskrem, også hjå Mega. Røra syltetøy 600g til 16,90 pr stk, trur me er billeg. Diverse grønsaker og frukt til 9,90 pr kg er ikkje å forakte.

* Obs
We're back! 5 stk kjøtdeig frå Gilde (400g) til 100 kr. Kom dykk åt kooperativet og kjøp! Nakkekotelettar til 29,90 pr kg som ein god nummer to. Potetprisane stupar som venta vidare, men 8,90 kr kg er ikkje heilt sparebloggpris.

fredag 23. juli 2010

Billeg rekelag

av SR

Media har den seinar tida både meldt om rekekrig og rekordhøge prisar på reker. Prisane går med andre ord både opp og ned. Alle butikkar har no frosne reker til omlag 15 kr/kg, noko som gjer at ein lett held seg innanfor den magiske 20 kr/person for middag, sjølv om reker av somme er sett på som eksklusiv mat.

Den ukritiske sløsar vil nok seia at både smak og storleik er betre for ferske reker. Sjølv har Sparebloggen den siste tida invitert og blitt invitert til fleire rekelag, og kan absolutt gå god for kvaliteten, og storleiken er heller ikkje noko å utsetja på!

Sjølv i tilfeller der du har kome opp i ein situasjon der du treng reker ASAP (ein særs sjeldan situasjon), er det heller noko som tilseier at du ikkje skal velja billege, frosne reker. Sparebloggen har motteke og prøvd ut eit husmortips som gjer frosne reker eteklare på kort tid. Du treng:

- Frosne reker
- Ein balje
- Varmt vatn
- Eit bord
- Aviser

Legg dei frosne rekene i baljen, og tøm varmt vatn over dei. La dei stå i fem-ti minutt, fyll gjerne på med varmt vatn viss det blir kaldt undervegs. Sil av vatnet, og legg aviser utover bordet. Tre sider i høgda er tilstrekkeleg. Sprei så rekene utover avisene, men unngå at dei ligg oppå kvarandre. Legg gjerne aviser oppå rekene igjen, så hindrar du floger ol. tilgong, samstundes som at rekene tørkar fortare. 20-30 minutt slik er tilstrekkeleg, og du har eteklare reker på 1-2-3 - og dei smakar som ferske!

onsdag 21. juli 2010

Prissjokk V

av OH

Denne plakaten ser ganske forlokkande ut, kiloprisen er under tilbodet til Joker denne veka.

Når eg gjekk lengre og lengre inn i butikken vart tilboda betre og betre. Som erfaren sparar, tek man sjølvsagt turen heilt inn i kroken i butikken ved panteautomaten.






Tilbodet ser jo fantastisk bra ut. Eg er i ferd med å ta med meg 1,2 kg grillpølser frå Gilde til under 32 kr/kg i det eg snur meg, og ser følgjande:






Det var rett og slett ikkje til å tru! Frosne grillpølser frå same produsent, til RÅFLOTTE 19,90 kr for 1,2 kg!! 16,58 kr pr kilo!

Er det mogleg? Dette må vere tiårets prissjokk! Sparebloggen anbefaler alle til å fylle opp frysar og det som er!

Rimi Sædalen i Bergen er vekas vinnar.
Godt det er noko som varmer ein ellers regnfull by når me les 21. juli i almanakken.

tysdag 20. juli 2010

Prispress på jordbær?

av KR

Ein ivrig lesar, og jordbæretar, har tipsa oss om at Grøntprodusentenes Samarbeidsråd no varslar prisauke på jordbær. Dei hevdar no at etterspørselen er større enn tilbodet, og at prisane berre kan gå ein veg. Dette marknadssynet underbyggjast òg av langtidsvarselet. Det same kan ein disponent hjå Coop bekrefte. Så klart vil etterspørselen auke når ei korg går til 10-15 kr stk, seier vår lesar, spørsmålet er kor vidt denne etterspørselen vil vedvare når prisane doblast eller tredoblast. Dette marknadsutspelet tek vår jordbæretar med stoisk ro, for han hamstra så seint som i dag tjue korger til 14,90 kr stk på Rema - og tilrår samtlege med stor frys å gjera det same før daglegvarehandelen får snudd seg rundt! Rundt om i distrikta er det, som i juni, framleis rå å få jordbær til 10 kr korga direkte frå bonden.

Dette var Sparebloggen sitt innlegg nr 100, me feirar med billege jordbær og gjer klare for 100 til!

måndag 19. juli 2010

Tilbod veke 29

av SR

Spar
Lite nytt frå Spar denne veka. Har grillpølser til 19,90, slik som alle andre i desse tider. Vidare imponerar ikkje Big One til 29,90.

Rimi
Er ein bløff som framleis brukar mange sider på å presentera produkt utan pris. Dette er nok eit tips dei har fått frå PR-rådgjevar, for prisane er ikkje særleg å syna fram.

Obs
Har teke sommarferie. Er det same tilboda som tidlegare.

Prix
40% på melonar er ikkje feil i sommarvarmen. Pin up og Lollipop til 16,70 er ikkje berre ein orginal pris, men òg ein bra pris for 10-pakk. Sommarkotelettar til 27,90 er òg bra. Med reker til 15,90 ligg det an til sommarfest!

Joker
Dr. Oetker Ristorante til 14,90 er særs bra for verdas einaste (særs) gode vegetarpizza. I desse tider med dyre poteter er det verdt å forsøka å erstatta det med blomkål til 10 kr stykk.

laurdag 17. juli 2010

Gjenbruk av kaffigrut

av KR

Kaffi. Desse brende bønnene som verkar oppkvikkande og vanedannande. Lenge var kaffien ei eksklusiv vare, men det losna på 1800-talet då importtollen vart redusert og produksjonen auka. Likevel kokte folk på same gruten veke etter veke utover 1900-talet, og etter kyrkjekaffien kunne det vera stor rift om den ferske kaffigruten. Ofte kunne det vera kaffien som gjorde folk til kyrkjegjengarar. Vanedannande det òg.

Dei siste tiåra har imidlertid daglegvarebransjen kutta prisane ytterlegare, og i dag kan ein nyte oppmalen Cirkel frå 35 kr kiloen. Likevel fins det store moglegheiter for sparing, då gamal lærdom i dag er gløymt. Kaffigruten er som århundra før oss, den kan brukast fleire gongar. Når kaffibøndene har brukt timar på plukking, burde du vise meir respekt enn å kaste bønnene etter ei trakting! Sparebloggen syner deg korleis.

Etter ei normal trakting ligg gruten i filteret att som støypeforma til ei trakt. I dette ligg det òg at mykje av gruten opp langs sidene på filteret knapt har rørt vatn. Ikkje berre er gruten god å trakte fleire gongar, men kaffitraktarane utnyttar gruten dårleg. Her ligg det ein dobbel besparelse i høve til tidlegare tiders kaffikoking, der all gruten vart eksponert for same mengde vatn. Ta difor fram ei skei og dytt gruten inn mot senteret av filteret, lag gjerne ein topp i senter då det er her vatnet i hovudsak treff. Fyll på med nytt vatn, men redusér mengda vatn med 1/3. Om du til vanleg traktar mild kaffi, kan du med fordel halvere mengda vatn.

Med dette er det ingen grunn til å fortvile når gjestane er i ferd med å drikke opp kaffien. Smil og spør om du skal sette på ei kanne til. Gode vertar les òg Sparebloggen!

Gjenbruk er ikkje berre besparande, det er miljøvennleg - og følgeleg moderne!

måndag 12. juli 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Gildepølser til 33 kr kg er fair, men framleis femkroningen under FirstPrice. Vannmelon til 6,90 pr kg er bra, og ihvertfall billegare enn anna vatn i daglegvarehandelen! Om du framleis ikkje er lei kotelettar sel dei Gilde sine til 39,90 pr kg, også dette vesentleg over FirstPrice sine tilsvarande.

* Spar
Heilgrilla og nygrilla kylling til 29,90 pr stk er ikkje gale når kyllingen er på størrelse med ei høns! Skinkeboks til 17,90 kr stk indikerar at spamprisane er på veg oppover att. Spar prøvar å fine seg inn hjå sjømatelskarane denne veka, men å tilby frosne reker til 19,90 pr kg og frosne kamskjell til 89,90 pr kg imponerar ingen. Krabbeklo til 139 kr kg synast også lite apetittvekkande... Om du då ikkje er på danskebåten, drita full på ein buffet.

* Mega
Tilbyr denne veka marinert flintsteik til 39,90, og har med andre ord har dårleg sal i kjøtdisken så langt denne mnd. Coop-kaffi 250 g til 9,90, framleis ei krone eller to dyrare enn Cirkel. Potetprisane stupar til 9,90 pr kg, me ventar likevel til hausten og 3,90 frå FirstPrice.

* Obs!
5 grandisar for 100 kr kan tilrådast dersom alternativet er dyrare kjappmat. At prisen på pork bellies er stigande har me registrert, og denne veka slår Coop til med svindelen "Sommerskinke" som i realiteten er noko så enkelt som ei surra skinkesteik til 119 kr kg! Pjuk og pjuk me lengtar attende til førjulsvintaren sine 34,90 pr kg! Det ligg då i korta at me heller ikkje kan gå god for ytrefilet av svin til 149 pr kg, her forventar me nærare 50% rabatt. Coop avsluttar tilbodsveka med å by på 40% rabatt på blåbær med slagordet "5 om dagen!". Det kan ein neppe klage på.

* Rimi
Har denne veka fått handleliste frå tidlegare eigar, Stein-Erik Hagen. Den rommar for det meste pølser, og det til 105 og 129 kr kg. Me styrar unna! Det same gjeld den frosne auren til horrible 134 kr kg. Kva då med kylling til 163 kr kg, eller karbonader til 193 kr kg? Me får lyst til å banne når farse kostar meir enn entrecôten i same butikk! Etter denne sørgelege førestillinga kjøper me med oss tørkerull frå Euroshopper til 20 øre meteren.

Dette er ikkje godt nok!

måndag 5. juli 2010

Historie: Den store ølkrigen 2003-2004

av KR

Sparebloggen veit det er stor interesse for forbrukarhistorie, og kva er ikkje meir interessant enn krigshistorie? I papiravisene 2003/04 kunne ein lese bekymringsmeldingar om stadig billegare alkohol, boikottar og storm i ølglasa. Me lanserar med dette historia om Den store ølkrigen, der underteikna var sentralt plassert på konsumentsida.

Opptakta - avtalebrotet på Vålerengen
Allereie i midten av mai 2003 kunne ein føle at stemninga hadde skifta. Fotballklubben Vålerenga hadde avbrote samarbeidsavtalen med austlandsbaserte Ringnes, og istadenfor skrive sponsoravtale med Hansa/Borg med base på Vestlandet. Ringnes gjekk til motangrep og inviterte Vålerenga fotball sine fans, Klanen, til vorspiel med sterkt subsidierte ølprisar i bryggeriet sine gamle produksjonslokale på Grünerløkka. Serveringa byrja så tidleg som kl 15 på dagen, og markerte byrjinga på samarbeidet mellom Klanen og Ringnes. Dei færraste kommentatorar kunne ha førestilt seg hendelsesforløpet etter maidagane 2003.

Boikott av Ringnes - Austland mot Vestland
Ringnes gav seg ikkje og gjekk til direkteåtak på Sørvestlandet si perle Tou bryggeri. 100 tapte arbeidsplassar sumaren 2003. Nedlegginga møtte kraftige reaksjonar, og sjølv næringsministaren ville ta del i boikotten av Ringnes. LO aksjonerte på lokalbutikkar, og meinte dei hadde rett til ransaking av handleposar. Ølbryteri vart det omtala som, det å kjøpe Ringnes, omlag like straffbart som streikebryteri.

Krigsutbrotet - seinsumaren 2003
Den følgjande biten av historia har to versjonar, omlag som norsk etterkrigshistorie fortalt av anten Francis Sejersted eller Berge Furre.

Hausten kom og prisane dalte med temperaturen. Når me såg oktober måtte Hansa rasjonalisere, og kutte 30 millionar kroner. Ringnes meinte det var Hansa som byrja, medan Hansa meinte Ringnes stod bak då dei i forsøk på å gjera seg populære etter Tou-nedlegginga hadde senka prisane kraftig. Dette fekk Ringnes til å skumme over av raseri, for i følge dei vart Ringnes tvungne til å senke prisane etter at Hansa hadde senka prisane på Borg-pilsen. Difor måtte Ringnes lansere Tuborg som eit lavprisøl. Både Hansa og Ringnes var imidlertidig einige om at dei begge tap(p)ar på priskrigen, og at konsumentane er dei einaste vinnarane.

Samtidig på Bankplassen 2: Svein Gjedrem kjempar hardt for å få opp prisveksten i Noreg ettersom kinesiske klede, flyreiser og øl stupar i pris. I tillegg styrkar kronekursen seg. Medan industriarbeidarane byrjar å frykte for arbeidsplassane sine igjen, så vart ihvertfall lønningspilsen billegare!

Skotet i Neckarsulm
Daglegvarekjedene melder seg på, og tryggar kontroll over priskrigen. Rema 1000 senkar Grans premium (0,33 l) til 8,50 per flaske. Bunnpris følgjer for eingong skuld opp og reduserar Seidel til 7,90 per flaske (0,33 l). Ein måtte attende til 1980 for å finne tilsvarande låge ølprisar i Noreg. I Baden-Würtemberg besluttar Lidl å innta norsk daglegvarebransje, og aktørane i Noreg fryktar dei vil nytte det tyske ølvåpenet. Med Big Bertha friskt i minne held Rema 1000 korta tett til brystet, vel vitande om at dei har forplikta seg til "bare lave priser".

Det bryggar opp til ny ølkrig
Og FrP sin helsepolitiske talsmann, klovn og sunnmøring god som nokon, Harald Tom Nesvik, jublar for billeg øl. Endeleg får det norske folket moglegheit til å kjøpe ei heilt lovleg vare til ein fornuftig pris, altså berre tre gongar dyrare enn elles i Europa. Helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) og sosialministar Ingjerd Schou (H) vil imidlertid sjå på om prissenkinga er lovleg. Det synte seg raskt at den var lovleg ettersom Staten mottok dei same avgiftskronene som tidlegare. Så langt er alt vel i Regjeringskvartalet, men me tilhøyrer som kjend eit korporativt system. Det slyngar merkeleg nok Juvente inn i debatten. Dei hadde lenge sett seg forbigått i diverse priskrigar på bensin, men fekk no endeleg sjansen til å sløkke brannen med gasolin. Dei minna aktørane om at det snart var russetid, og at ølsalet ville gå til himmels dersom dei låge prisane vedvarte så lenge.

Våren 2004 - øl til under kostpris
Dagen etter utspelet frå Juvente senka Kiwi, Rema 1000 og Coop Prix flaskepilsen til 6,50. Avgifter og moms på 0,33 l tilsvarte 6,61 kr. Ingenting er betre enn å verte påspandert pils, og ikkje eingong den norske avgiftspolitikken kunne lenger senke forbruket. Det hoppa folk ut glaset frå sosialministaren sitt kontor den dagen. Likevel; humørspreiar og helseministar Dagfinn Høybråthen (KrF) heldt fram at det er ein samanheng mellom pris og forbruk. Sjølvsagt riktig, og nettopp difor hadde regjeringa Bondevik vedteke ei kraftig auke i talet på Vinmonopol og senking av alkoholavgift eit halvt år tidlegare.

Samtidig omkring i Noreg; bareigarar vert dei nye kjendisane. Lokalaviser rapporterar om utepils til 10 kr, og eit totalt frislepp av chilinøtter.

Svenskeølet når grensa
Rema 1000 finn seg ikkje i at dei norske avgiftene på 6,61 kr per 0,33 l pils skal utgjera eit tak for norske ølprisar. Ein variant med 3,5% lanserast til 3,90 kr, og med det vart staten avspist for avgifter medan forbrukarane struta kvar ei flaske.

Øldunsten når direktoratet
Når norsk avgiftspolitikk vert truga i å verte skoten sund i småbitar plar byråkratiet å reagere raskt. Som seg hør og bør kallar Sosial- og helsedirektoratet inn til møte, og det endar i semje om å utarbeide ein veiledar om prisfastsetting av øl etter alkohollova. Korrekt og statleg styrt marknadspris vert heretter lik avgifter og moms pluss normal avanse. Kven hadde trudd norske myndigheiter skulle bry seg slik om daglegvaremilliardærane si avanse? Det gjorde ihvertfall ikkje SV ved Olav Gunnar Ballo som meinte at på dette området fungerte marknadskreftene akkurat slik dei burde gjera. Coop, NorgesGruppen, ReitanGruppen og den baren Arnie "Skiffle-Joe" Norse spelar på, reagerte straks - og varsla prisauke.

Kort tid etter fekk du kjøpt brus til 3,27 kr litaren, men det får verte ein annan gong!

Sparebloggen; din samtidshistorikar.

Tilbod veke 27

av SR

Spar
Ein gamal, men framleis like skuffande kjenning frå Spar denne veka. 24,90 for 400 gram kjøtdeig eller kylligkjøtdeig er ei hån mtp. alt det billege ein får i frysedisken. Flintsteik til 49,90 kan likevel tilrådast for dei som treng variasjon frå sommarkotelettane til 27,90, men marinering gjerast framleis billegast sjølv.

Joker
16,90 for to liter Sørlandsis er ikkje feil for den som likar slikt. Joker stiller denne veka òg med heilgrilla kylling til 29,90, noko som òg kan tilrådast. 1,5 liter Pepsi Max til 10 kr + pant er bra for den som er medviten på merkjevare.

Mega
40% på alt av tex-mex. Her er det med andre ord moglegheit for å sikra seg meksiansk middag for ein billeg penge ei god stund framover. Ver likevel medviten på at billegmerka har mykje bra på marknaden! Lokkar òg med fløteis, men må sjå seg slegne av Joker. Er du coop-medlem får du 1,5 liter Bris til 6,90 + pant, noko som er verdt å hamstra for.

Obs
Lokkar med 4 x 1,5 liter Sprite, Lemon, Fanta og Urge til 30 kroner, noko som er bra. Vidare får me denne veka 2 x 1,12 kg kyllinglår til 100 kr. Trekk me frå vekta frå beina blir det omlag same pris som for 2 kg first price-kyllingbryst, så valet er ditt.

Bunnpris
3 x 1,5 liter Bris eller Farris til 19 kr + pant er bra, det same er marinert laks til 79 kr/kg!

Rimi
Har nådd eit nytt lågmål. Ikkje berre er dei totalt blotta for tilbod, men tilbodsbladet deira består denne veka av ulike varer, der berre halvparten har pris. Dette luktar det av. Boikott neste?