måndag 28. juni 2010

Redningsvestar - kroner 100

av KR

Det er sumar og kaldt i vatnet. På finn.no tilbyr fleire annonsørar redningsvestar frå kr 100. Me tilrår vest på det sterkaste. Obs! Tilråding gjeld berre til sjøs, ikkje i selskapslivet.

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Atter eingong byr daglegvarebransjen opp med skinkeboks til lågpris, Joker sørgar for prisras og 14,90 kr pr pk. Maks 5 pr kunde, seier dei, men det skulle då ikkje vera behov for å gå mann av huset for spam til 46 kr kg. Vekas tikroning er jordbærsylte på tube, 23 kr kg er kanskje billeg for syltetøy? Her ber me om lesarane si hjelp.

* Mega
Heilgrilla "kylling" til 29,90 pr stk (ca 1,1 kg) er tilrådeleg. 40% rabatt på Big One og Pizza Originale, her kan det vera noko å hente - men ver obs; eindel Big Ones nærmar seg peppespris. Smågodt til 7,90, men kjøper folk slikt i dag? Elles lite å melde om, dei reklamerar flittig for ferdigrettane sine. Desse består som kjend av utgått kjøt, som heller ikkje lot seg selge marinert.

* Prix
Frosne reker til 15,90 pr kg, ein sumarklassikar! 10 stk Lollipops eller Pin-ups til 16,70 kr er heller ikkje å forakte. Minnar likevel om at FirstPrice sel 16 stk (tynnare) til same prisen. Dersom stykkprisen betyr noko (selskap) går du for FirstPrice, og det er eit sparebloggfaktum.

* Obs
Moccamastaren har ikkje tapt seg i kvalitet dei seinare åra, men falle kraftig i pris. Obs tilbyr denne veka Moccamaster til 999, eit tilbod Sparebloggen går god for. 40% på alle melonar, men skund dykk - badesesongen er alt i gong!

* Spar
Tek kalendaren på pulsen, og tilbyr 40% rabatt på småis.

* Rimi
Pølsekrigen held fram, og no har Euroshopper lansert sine eigne ostepølser til 43 kr kg. Prior dumpar grillpølser med lågt fjærkreinnhald til 31,50 kr kg. Me er i tenkjeboksen. Elles reker til etterkvart kjedsommelege 15,90 pr kg, sjå til å senk prisen enno meir!

Vekas nyhende: Underteikna har eit episk verk på gong, publiseringsdato 6. juli. Følg med!

torsdag 24. juni 2010

Prissjokk IV

av OH

Det enkle er ofte det beste vert ofte lest og høyrt. Kor bra er det å selje 60 gram ferdig oppkappa skinke til rådyre kr 49.90?

Legg merke til kiloprisen, råflotte kr 831,67. Når vår faste lesar Hallgeir Kvadsheim les dette, fell han nok ei tåre!


måndag 21. juni 2010

Tilbod veke 25

av SR

Spar
Slår denne veka stort opp ein gjenngangar i sommarsola, Gilde sine grillpølse 600 gram til 19,90. Ein fin pris, men ikkje særleg anna enn det alle andre har å tilby. 40% på Ali-kaffi kan òg tilrådast, for den som ikkje likar Cirkel. Elles bør ein stort sett styra unna denne butikken om ein kan.

Joker
Har denne veka 10-pakning med saft- eller vaniljeis til 14,90, noko som er bra. 59,90 for 1 kg kyllinglår er òg bra, men me minnar om first price sine kyllingbryst til same kilopris. 10-aren denne veka er 350 gram rømmegraut frå Fjordland, men her er me nøydd til å informera om at 900 gram rømmegraut frå Nordfjord har vore observert til 10 kr i mange Rema-butikkar dei siste vekene. Den er fortreffeleg på smak, for den som måtte lura på det.

Rimi
Billege sommarkottelettar er i vinden på fleire måtar, og denne veka får ein dei for 27,90 kr/kg. Det er ein fin pris, og gjer oss i bloggen glade. Potetsalat til 11,90 passar bra til.

Mega
Oppskåren spekemåt frå Grillstad er på 40% sal denne veka. Vidare får ein Royal is (900 gram) til 19,90. Tydleg at vekene har gått noko i surr for Mega, når det kongelege isen kjem fyrst no. Flintsteik til 49,90 passar bra for den som ikkje likar sommarkottelettane til 27,90. Er du medlem av samvyrke er 1,5 liter Bris til 6,90 å tilrå.

Obs
40% på frukt og grønt varmar oss i hjarterota i desse dagar når potetene er perverst dyre. Elles er det lite som skil seg frå andre butikkar, med unntak av ei kreativ løysing: 3x600 gram med Gilde sine grillpølse til 57 kr. Billegaste denne veka for den som berre lever på grillpølser. Kanskje noko for ein julebrusdrikkande mann i sølvjakke frå Drammen?

fredag 18. juni 2010

Skinkesteik

av KR

Sumar treng ikkje berre vera grill, men sumar er alltid god tid og god mat. Me har tidlegare skrive mykje om billeg svinekjøt, og dette er kjøt som òg høyrer sumaren til. Kjøp difor ei skinkesteik eller bogsteik til 39,90 pr kg (gjerne lågare). Pepre og salte særs godt, og ha gjerne nokre fedd kvitlauk inn i steika. Lat ligge i plastpose i kjøleskåp med svoren ned i 2-3 døgn.

Ta den velsmakande steika ut or kjøleskåpet, og legg ho i eldfast form med svoren ned. Fyll på med 3 dl vatn, og dekk til med aluminiumsfolie. Set i omnen på 225 grader i 20-30 minutt.

Etter dampinga tek du av folien og vender steika (svoren opp), og senker temperaturen til 125 grader. 2 kg må stå omlag 2,5 timar i omnen, steika vert då medium. Er du feinsmeckar og klarar deg med steiketermometer, lat stå til stokken syner 70 grader. Etterfyll med vatn om naudsynt, og hiv inn nokre grovkutta gulrøter, laukar, mv for å gje steikesjya meir smak.

Sidan du likar svor nyttar du dei siste minutta til å få svoren sprø og god. Bruk grillen (den i omnen) og følg godt med. Det er no på høg tid å ta av strømpa, dersom du har kjøpt surra steik!

Lat steika kvile 20 minutt under aluminiumsfolie, og i mellomtida lagar du saus ved hjelp av mjøl, smør, steikesjy. Smak til med salt og pepar.

Serverast med kokte poteter og anna høveleg tilbehøyr. Dette er eit måltid som vil mette ein munn for 10 kr, så nøl ikkje! Ypparleg fastfood er det òg, del opp og frys ned. Sundagsmiddag til kvardags er ein gjengangar på Sparebloggen; fordi du fortenar det.

God middag!

Kjøtdeiga under lupa

av KR

VG har omsider lagt bort kjendisbryllaupa og kokt saman skikkeleg forbrukarjournalistikk. I testen går det fram at kiloprisen på kjøtdeig normalt er særs høg. Det var me imidlertid kjende med, men at svinnet under steiking er opptil 30% var me ikkje klare over! Svinnet er omlag det same uansett type, så Spareblogg-regelen om maks 19,90 kr pr 400 g er framleis styrande.

Av testen ser ein korleis pris ikkje nødvendigvis heng saman med smak, vinnaren er Coop si ferske kjøtdeig, med Nordfjord og FirstPrice hakk ihjel. Gilde kjem òg bra ut, men burde skåra lågare når kiloprisen er 50% over dei tre nemnde. Dei djupfryste kjøtdeigene er naturlegvis billegare, men skårar lågare på smak.

onsdag 16. juni 2010

Finn.no

av SR

Me har tidlegare slege eit slag for moglegheita til å utnytta seg av personar på flyttefot si trong til å kvitta seg med saker og ting. Dette gjer seg særleg gjeldande i desse dagar, då fleire tusen interiørfanatiske studiner er ferdig med eksamen. Desse er ikkje flaue for å bruka 5-10.000 på ein sofa, og ser på det som ei velsigning når dei "må" bytta den ut nokre år seinar.

Og ja, det er ei velsigning, men berre for oss spararar. Går du inn på finn.no og tek eit sokalla avansert søk, vil du kunne avgrensa søket til pris, stad ol.. Me tok eit raskt søk, og kom mellom anna over dette:

- Svart og lite brukt sofa i Bergen til høgastbydande.
- Mest ny Electrolux vaskemaskin i Oslo til 1300 kr.
- Whirlpool oppvaskemaskin modil ADG 7560 fin og veldig lite brukt i Oslo til 850 kr
- Matsui micro i Oslo til 150 kr.
- Tilnærma ny samanleggbar kontorpult i Oslo til 1 kr.

Ver likevel ytterst kritisk, og styr unna slike som denne dama.

Her er det berre å søkja i veg, ikkje noko poeng i å blakka seg i butikken, når andre kan gjera det for deg!

måndag 14. juni 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Røykte kjøttpølser 900g til 29,90, sokalla middagspølser. Kanskje ein middagsklassikar, men pass på kolesterolet! Kotelettar til 49,90 og 39,90 kr kg styrar me klar av, ettersom Kiwi sel FirstPrice til 27,90 kr kg. Det same gjeld pasta frå Sopps, der FirstPrice stiller med dobbelt mengde til same prisen. Ditto for vekas tikroning, som er Idun ketchup (til middagspølsene?). Me vel FirstPrice 1 kg til 8,90 kr. Neppe den beste tilbodsveka på Joker!

* Mega
6,90 per 1,5 l Farris Bris er eit bra tilbod, om du føretrekk sprudl framføre still. Skinkebokser har vore ein farsott i juni, og no følgjer Mega opp med 16,90 per boks. Framleis billegare med FirstPrice-skinke om du skal ha slikt i maten.

* Prix
Fører òg Farris Bris til 6,90. Elles ingen særskilt gode tilbod.

* Obs
1 kg Norvegia til 59,90. Normalt kjøper me ikkje smaklaus ost til over 50 kr, men om du er tom kan dette vera eit alternativ (1 pk pr sparar). Sokalla store reker, nei ikkje kongereker, til 29,80 kr kg. Me henvisar samtlege til Rimi og reker til 15,90. Bananar til 6,90 kr kg tek me med oss. Coop Obs fleskar til med ei 103 liter fryseboks til 1990. Underteikna kjøpte same storleiken til 1490 kr i 2003, og meinar å vite at dette tilbodet er bra, men alt som har med frost å gjera bør ein kjøpa om vintaren. Me ventar på Obs og 1490!

* Spar
40% rabatt på ymse frossenpizza, me tilrår heimebakst. Ytrefilet av svin til 99 kr, ikkje billegare enn det må vera.

* Rimi
Euroshopper-kotelettar til 27,90 pr kg. Me går god for den.

* Rema 1000
Berre faste prisar.

* Kiwi
FirstPrice-kotelettar til 27,90 pr kg. Me går god for den òg! 16 ispinnar frå FirstPrice (saft) til 16,90 kr, sikkert nok til å få borneflokken til å halde kjeft i 5 minutt.

onsdag 9. juni 2010

Test: FirstPrice sin pepperonipizza

av KR

Sjølv spararar må av og til ty til den raske maten, og denne gongen fall valet på luksussegmentet av ferdigpizza; fersk pizza. For å bringe det fyrste til torgs, pizzaen er alt anna enn fersk - den er berre godt konservert.

Faktaboks
Produkt: FirstPrice pepperonipizza.
Pris: 17,90 + nokre skiver ost og ein klatt rømme.
Mat til: 1-2 personar. 3 med poteter attåt.

Funksjonalitet 2 av 5
Manglande enkel opningsmekanisme gjer produktet billegare, og alle har kniv i huset. Tendens til fastkleba pepperoniskiver i plastemballasjen er ikkje delikat, men også her kjem kniven til hjelp.

Appetitt 2 av 5
Botn med eit tynt lag tomatpuré, deretter ost, paprika, jalapeños, paprika og rikeleg med pepperoni. I tillegg kjem det fram ein god del fett eller olje under steiking, dette vert mindre delikat for kvart stykke du et. Den tørre bunnen vert fuktig av fettet i pizzafyllet, og ein endar ut med ei bunn som delvis er sprøstekt og delvis opplevast som rå. Pizzafyllet er ujamnt fordelt, og pizzaen gjer seg med nokre få osteskiver ekstra. Kanskje òg ein klatt rømme om du likar slikt.

Fordøyelse 1 av 5
Som då underteikna testa skinkepizzaen til FirstPrice rokka også pepperonipizzaen fordøyelsessystemet. Fyllet og den fettete deiga synast verkeleg å eksplodere med magesyra, og dette utløyser omlag 45 minutt etter fyrste bit ei stor trang til å besøke "huset" ("skåla" eller "trona" om du vil). Etter ti minutt med omlag laust og fast, og tendensar til kramper i mageregionen, er alt attende til normalen. Me har grunn til å tru at næringsgehalten i FirstPrice sin pepperonipizza er lågt, for underteikna har ein særs sterk mage.

Sparebloggen; testar eitt steg lenger!

Tilråding: Etter ei samla vurdering rår me i frå produktet, sats heller på Sparebloggen sin heimelaga pizza.

måndag 7. juni 2010

Tilbod veke 23

av SR

Spar
Har denne veka heil ferdiggrilla kylling til 29,90. Perfekt for den som treng rask mat i desse eksamenstider. Vidare byr Spar på 325 gram bogskinke på boks til 16,90. Det er diverre ikkje så lett å få tak i billege skinkeboksar no, så her må det hamstrast! For den som er hard på brusa er det denne veka 40% avslag ved kjøp av fem 1,5-litersflasker. Minnar likevel om at rema har fire flasker brus frå Grans til 25 kr pluss pant.

Elles merkar me oss at Spar den siste tida her gått over til å reklamera meir med prosentavslag enn med sjølve prisen. Dette er sjeldan eit teikn på at det i utgangspunktet er ein god pris, så ver obs på kva prisen eigentleg er!

Rimi
Ikkje noko nytt denne veka. Sparebloggen vil likevel nytta høve til å tilrå rekene dei har til 15,90 kr/kg. God kvalitet, fantastisk smak, og historisk pen pris!

Obs
Har denne veka 10-kronersmarknad. Mykje godt å ta av her, men hugs likevel at det ikkje er gratis å reisa til og frå.
Obs har i tillegg fempakning med Casa di Mama til 80 kr. Det er billeg! Oppblåsbar gummibåt med årer til 149 er heller ikkje feil!

Mega
Mega har denne veka 40% på alle 200 grams-plater med sjokolade frå Freia. Me bloggarane har framleis att frå sist gong det var på tilbod.
Vidare har Mega alle smakane med Biola til 24,90. Jamt over kostar tilsvarande 30 kr i andre butikkar, så dette er ikkje feil!

Coop Extra
I desse dagar er det ikkje lett å finna poteter til under 13-14 kr/kg. Det er difor populært at Extra denne veka har poteter til 9,90! Det skal likevel bli godt med haust, og kilopris på 4-5 kr.

Bunnpris
Denne elles så dyre butikken har denne veka Pizza la Vita til 19,90. Du kan òg ta tre go'morgen-jogurtar og betala for to. Vidare har Bunnpris denne veka 4 1,5-litersflasker med cola til 39,90.

Ver likevel obs på at det er ein del luringar av nokre bunnprisbutikksjefar der ute som ikkje tek inn tilbodsvarene, då dei har meir enn nok med å setja opp prisane sine.

Joker
Har denne veka 800 gram karbonadekaker frå Gilde til 29,90, noko som ikkje er feil. Det same må kunne seiast om avokado til 7,90 pr. stykk. Pass likevel opp for kvaliteten! Er ein del vassen avokado på marknaden for tida.