onsdag 24. mars 2010

Mammut 2

av SR

Me kom tidlegare med ei best of-oppsummering av mammutsalet. Bøker på tilbod for ein brøkdel av prisen er noko me sjeldan let gå frå oss. Det er likevel på tide å ta sjølvkritikk for den store entusiasmen me utviste overfor mammutsalet. Jo, det var mykje billigare enn det vanlegvis er, men lite visste me den gong om at mange bokhandlar kjøpte inn for mange bøker og/eller feilvurderte kundegruppa si. Dette har ført til at mange av dei same butikkane no har skipa til 50% på allereie rabatert pris. Det er korrekt! Underteikna har allereie sikra seg feite julegåver til ein lite feit pris, for ikkje å gløyma litteratur til hytteturen!

Så nok ein gong orsakar me for litt for tidleg alarm, men no er det ikkje nokon grunn til å ikkje kjøpa bøker til jul!

måndag 22. mars 2010

Tilbod veke 12

av SR

Spar
Ein veit det nærmar seg påske når lammelåra kjem på tilbod. Spar har denne veka lår til 59,90 kr/kg, noko me kan tilrå. Elles luktar det påske av appelsiner til 6,90 òg!

Rimi
Same tilbod som sist veke.

Mega
40% på all ost frå Tine er eit historisk bra tilbod. Ikkje med tanke på Norvegia, men all den andre osten. No er det mogleg å fina seg med anna ost enn Synnøve kjøpt på tilbod. Styr unna lammelår til 69,90! Styr òg unna Kvikk lunsj til 19,90, som sist veke blei observert til 12,70.

Joker
Om 340 g Twist til 29,90 er bra, men ver likevel obs på at mange butikkar i desse dagar har smågodt på tilbod. Bananar til 10 kr/kg er heller ikkje feil.

Coop Extra
4,90 kr/kg for appelsiner er billigast denne veka. Elles har me fått tips om at denne bui har mykje varer som har gått ut på dato, noko som tilseier halv pris. Så berre leit!

måndag 15. mars 2010

Tilbod veke 11

av SR

Spar
Slår stort opp om si nye "tilbodsvare" kjøtdeig til 24,90. Me minnar berre om frosen kjøtdeig til fast pris langt under dette, ma. har Kiwi 450 g til 21,90. Elles er det 40% på tex mex-produkt, men hugs å samanlikn med first price sine lefser ol. Elles kan Sparbloggen gå god for 1,2 kg med tacokrydder på noko som liknar mest ein mjølkekartong kjøpt på Svinesund for 100,-.

Joker
Stiller nok ein gong med Ali til 9,90. Ikkje lengje mellom kvar gong dette tilbodet står på tapetet, men det slår likevel ikkje Cirkel til fast pris. Elles lite å skriva heim om.

Mega
Diskar opp med 40% på alt av frosen fisk og skaldyr frå Findus. Er det nokon du skal fina deg inn på, og First Price sine mariekjeks ikkje er tilstrekkeleg, er det denne veka 40% på café cookies hjå Mega.

Obs
Har denne veka nakkekotelettar til 29,90 kr/kg. Her ligg det an til fine middagar til ein fin pris!

Rimi
Har denne veka appelsiner til 8,90 kr/kg. Dette er fin pris, ser ein vekk frå om ein kjøper firstprice sine nett. Pass likevel på å kjenna godt etter om dei er mjuke, og ikkje ver flau for å forsyna deg av kassa under. Lammelår til 59,90 kr/kg er òg er absolutt kurrant pris, det same er 4 kvikk lunch til 14,90. Denne veka imponerar Rimi, men det skal litt til for å gjera godt for alle dei dårlege tilboda så langt dette året.

fredag 12. mars 2010

Skuffa over first price

av SR

I harde eksamenstider trengst det rask, god og sjølvsagt billig mat. Det var i den samanheng eg kom over First Price sin pasta i ostesaus til 9,90. Men det skulle visa seg å vera ein dårleg dag for sparing og gastronomi. Det byrja bra med ei lukt av Middelhavet. Når det sto og kokte las eg bakpå, og det viste seg at det var lite kaloroar i pakken, noko som for ein sparar er dårleg nytt då det trengs meir for å bli mett.

Fyrste pakken gjekk ned, men nummer to blei kasta halvveges. Her er det berre å prøva ein gong til, First Price! Hadde aldri trudd dette skulle skje, men First Price får med dette eit gult kort!

måndag 8. mars 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Har denne veka sokalla fryseshow denne veka. Nei, det er ikkje det straumsparande hafslundkundar har opplevd denne vinteren, men 40% rabatt på findusvarer. Vår tilråding er kapteinens fylte torsk og raudspette til omlag 12 kr per middag. Styr unna kjøttdeig av svin til 29,90, me ventar som alltid til 19,90 for ekte kjøttdeign. Tilsvarande gjeld luretilbodet 10 kr for ostepop, mistenkeleg små posar og høg kilopris.

* Spar
Ein klassikar denne veka, 1 kg Synnøve-kvitost til 49,90. Underteikna har for øvrig att 3,5 kg sidan førre Synnøve-sal, ho er billege for tida! Svinekotelettar til 39,90 er ikkje godt nok, me ventar til 19,90 (nærare sumaren).

* Mega
Marinert kalkunbryst 79,90 kan under tvil tilrådast. Elles var det få megatilbod denne veka.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Obs!
Norvegia 1 kg til 49,90. Altså ei bra veke for dei som likar mild (les smaklaus) ost, jf også Spar og Synnøve. Røkt kjøttpølse 900g til 39,90 er heller ikkje dyrt.

* Rimi
Indrefilet av svin til 119 kr kg er ikkje dyrt, sjølv om me føretrekk under hundrelappen. Poteter til 5,90 kr kg er godkjend, ilag med Pizza Ristorante som naudmiddag til 19,90 kr. Elles ser me lureriet i daglegvarebransjen denne veka òg, 400g karbonadedeig til 44,90 kr -- to veker etter at same kjede hadde 400g kjøttdeig til 19,90.

Vekas høgdepunkt: Episode 2 av Luksusfellen TV3 onsdag kl 20.30.
Vekas kaktus: Rimi si karbonadedeig til 44,90 kr per 400g, styr unna det er nok at 1 av 4 er blakke før lønning.

laurdag 6. mars 2010

Kultur på billegsal

av KR

Me har fått somme stikk i sida frå kulturelt interesserte spararar, og underteikna er vorte oppfordra til å ta det noko lenger enn å la finkulturelle referansar stå som bisetningar eller parantesar.

Sjølvsagt leverarar me på oppfordringar.

Denne månaden tilrår me Samlaget si Dikt i samling med Olav H Hauge. 319 sider - og over 400 dikt - i hefta format til lyriske 129 kr. For å seie det med Hauge; "dikt i dag er billege". Forfattarskapet til modernisten og gartnaren Olav H Hauge tør vera kjend for somme også utanfor heimbygda Ulvik i Hardanger. Som kunstnar og lyrikar var han sjølvlærd, noko som truleg gjorde at han tidleg droppa enderim. Desto meir spanande for lesaren! Lat oss ta eit utdrag:

Sleggja
Eg er berre
ei sleggje.
Eg stend der no.
Eg lyt berre til
når det røyner på.

Sagi
Skrap,
seier sagi.
Stød ved.
Ho segjer kva
ho tykkjer sagi.

Ljåen
Eg er so gamal
at eg held meg til ljå.
Stilt syng han i graset,
og tankane kan gå.
Det gjer ikkje vondt heller,
segjer graset,
å falla for ljå.

Olav H Hauge på visefestival i Haugesund 1972.
Tid å hausta inn.
(det er forfattaren sjølv som les)

torsdag 4. mars 2010

Sprei den glade bodskapen (korrekt)!

av SR

Me ser med glede på at det blir reklamert for bloggen i form av tagging på lesesalplassar landet rundt, og berømmar i den samanheng våre flittige fans. Effektivt er det òg å bytta ut startsidene på lett tilgjengelege datamaskiner. Pass likevel på å vera nøyen med å skriva korrekt URL når du er ute i misjon. Det er synd viss ein potensiell blogglesar som sit på den innarste lesesalen i 3. etasje på jussbygget til UiB skal bli villeia inn på feil side, når den korrekte URL-en er spareblogg.blogspot.com... Likevel eit bra initiativ, frå deg som har gjort det, men pass på å få med det viktigaste!

onsdag 3. mars 2010

Billig fyll

av SR

Me i Sparebloggen har som vårt mantra at sparinga ikkje skal gå utover helse, levestandard eller det sosiale livet. I dag skal me fokusera på det sosiale livet.

Ser me vekk i frå at det sjølvsagt går an å ha det moro sober, så er det ikkje til å leggja skjul på at alkohol framleis er ein viktig del av festar flest. Her skal du få nokre tips om korleis du ikkje treng blakka deg for å gå på ein snurr.

- Me har fått tips frå ein ivrig lesar om sida http://www.billigfyll.com/. Desse drevne spararane har snudd om på Vinmonopolet sin søketeneste, og gjer at ein får treff utifrå kor mykje alkohol ein får per krone. Dette er godt arbeid, frå gode spararar!

- Du kan laga vin, øl og sider sjølv. Dette er både spanande, billig og interessant. Dette er vel utprøvd, og me kjem attende med bryggespezial i løpet av våren!

- Ein gamal, og tidlegare omtala, klassikar er å arrangera festen sjølv. Det er alltid nokon som har med for mykje, men ver obs på å ikkje be for mange andre sparar. Bloggarane har sjølve opplevd at folk tek med seg uoppdrukke heimatt... Klarar du i tillegg å halda festen frå tanken om å reisa til byen og ei tredobling av prisane, er det duka for ein økonomisk vellukka fest!

- Har du ikkje hatt moglegheit til å bryggja eller skaffa deg billeg/gratis drikke, eventuelt berre har råd til nokre få einingar? Hopp over middagen. Det er mykje mat i godt øl, og den verkar raskare på tom mage. Har du i tillegg vore ein tur i blodbussen og tappa ein halvliter (der òg!) er skal det ikkje mykje til!

OBS! Som tidlegare sagt tek Sparebloggen òg omsyn til helsa, så styr unna polske trailarsjåførar med billege dunkar.

måndag 1. mars 2010

Ny veke

av SR

Spar
Har denne veka grilla kylling til 29,90 stk. Ein bra pris om du har dårleg tid. Elles vil me tilrå sparebloggen sin nye favoritt: 2 kg frosne kyllingfiletar til ca. 120 kr totalt. Betre pris for eit betre produkt, så slepp du i tillegg alt griset med å dela kyllingen.

Lokkar denne veka òg med Ali (han som kurerar gruff) til 9,90. Slår likevel ikkje Cirkel-kaffien.

Beste tilbodet denne veka er likevel poteter til 5,90 kg i 5kg-sekk. Kan seia det slik at underteikna kjenner seg lurt etter å ha betalt 8,50 kr/kg for 4kg-sekk hjå Rimi-tjuvraddane sist veke...

Mega
Har 40% på pålegg og spekemat frå Gilde. Skinkesteik (rett nok med bein) til 29,90 kr/kg er heller ikkje til å grina av.

Mykje tydar på at Mega har innført fastpris på 14,90 for nesten 200 g leverpostei (vanleg og bacon) frå Mills. Det er i sofall utruleg, og slår den slitne dansken til Rema.

Elles vil me på det strekaste åtvara mot å kjøpa snackgulerot til 9,90 for 150 gram. Dette er same prisen som for ein kilo med first price!

Joker
To kg first price-appelsiner til 9,90 er på alle måtar korrekt. No ventar me berre på firepakningane med kvikk lunch, så er turen klar. Elles er det lite å skriva heim om.

Rimi
Prøvar og prøvar, men får som vanleg ikkje det til. Ikkje best på noko. Einaste måtte vera sjokoladeplatene frå Nidar til 16,90, men dei er ikkje ein gong 200 gram. Lureri opp ned og i mente, som vanleg.

Obs!
Har teknisk feil med annonsa si denne veka.

Ica Maxi
Stor 10-kronesmarknad, men sjå opp for lureprisar!

Ica
Nidars favoritter til 29,90 er absolutt korrekt, men kjenn godt etter kor tung den er. Vekta varierar frå 230 g til 450 g.

Elles: Rapportane frå vår mann i byggebransjen seier at ein no får toalett inkludert sete på Obs! Bygg for 575 kr.