tysdag 29. desember 2009

Logiske bristar frå Småbrukarlaget

av GHG (skytebas, slaktar og gestaltterapeut)

Ei stor takk til KR som har latt dette innlegget verte publisert. Innlegget har vorte nekta i samtlege av landets landbruksblad, grunna den mektige Småbrukarmafiaen sitt klamme famntak om landbruksmediene.

Som seg hør og bør klagar bøndene på prisane, eg kan likevel ikkje lenger oversjå følgande utsagn frå småbrukarleiar Ole-Anton Teigen i Småbrukarlaget.

Teigen meinar myndigheitene må "bruke pris som virkemiddel...[f]or å gjøre det mer attraktivt for norske forbrukere å kjøpe mørkt kjøtt", og legg til at ein i dag får "kjøpt fint svinekjøtt til 30 kroner og kyllingfileter til 40 kroner...og det bør bli mye dyrere for å gjøre mørkt kjøtt mer konkurransedyktig". Eg har ikkje sett kyllingfiletar til 40 kr kg i år, Sparebloggen har imidlertid fyldig dekt tilboda på svinesteik denne hausten. Dersom Teigen ynskjer å gjera det raude kjøtet meir konkurransedyktig, må prisen naturlegvis senkast. Å be myndigheitene auke prisen på ei heilt anna vare, er inga god marknadsløysing. Det er openbart at marknaden ikkje vil ha raudt kjøt til dagens prisar, og ihvertfall ikkje kvitt kjøt til raude prisar. Lagra av raudt kjøt er dessutan aukande, og salet er fallande - samtidig som det kvite kjøtet aukar i volum. Normal tilbod/etterspørsel tilseier at prisen på raudt kjøt må ned på eit nivå marknaden finn rimeleg.

Eg forstår ikkje kva Småbrukarlaget vil, anna enn å med myndigheitene si hjelp få opp prisen på alle varer Teigen sjølv tilbyr.

Om noko må myndigheitene sørge for fleire galteringar, og på den måten auke talet på premiegrisar i det ganske land. Berre dette tiltaket kan hindre riket i ei grisekrise utan sidestykke, der prisen på svinekjøtet kjem over 40 kr kg. Eg vil snarast be Sparebloggen sine representantar ta dette opp med landbruksmyndigheitene i eigna forum, sjølv tilrår eg Galte- og rånekonferansen på Pers Hotell i Gol like over nyttår (4. til 29. januar).

torsdag 24. desember 2009

God jul og godt nytt år!


Sparebloggen ynskjer alle våre lesarar ei god jul, og eit godt nyttår! Måtte tilboda bli betre til neste år, og straumen bli billigare!

måndag 21. desember 2009

Vekas tilbod

av KR

Det nærmar seg julestille på Sparebloggen, men me rekk nokre tilbod til før året er omme!

* Joker
Ny sjanse på skinkesteik til 39,90 pr kg, me har imidlertid lasta opp tidlegare i haust. Vil du vera feinschmeckar i jula tilrår me Brie frå Eldorado (180 g) til 19,90. Vekas tikroning frå Joker er 450g graut, som kjend får du 1 kg gryn til same prisen - me styrar klar. Det er lite som minnar om juletilbod på Joker denne veka.

* Rimi
Fleskar til med julebrus frå Borg (1,5 liter) til 4,80 + pant. Elles går svineribbe og pinnekjøt til standardiserte 98,90 og 29,50 pr kg. Ein kuriositet frå Rimi denne veka er ferske urter til 9,90 pr potte.

* Mega
Mykje luretilbod på svinekjøt, styr unna. Kjøttdeig til 24,90 pr 400g er ikkje dårleg, men me ventar til 19,90. Elles tilbyr Mega 40% på alt snacks frå Kims.

* Coop Obs!
Inga kundeavis denne veka.

* Prix
7,90 pr kg for klementinar tør omtalast som billeg. Tilsvarande er julebrustilbodet 4,80 + pant for 1,5 liter. Surkål til 4 kr pr pk er landets billegaste, dei andre har juletradisjon tru skrudd opp prisen siste veka før jul. Elles vil me framheve rund aure til 27,90 pr kg.

Sparebloggen ynskjer deg god jul; det er gratis.

måndag 14. desember 2009

Denne veka

av SR

Spar
Påstår denne veka å ha "best pris" på familieribbe. Mykje mogleg det er den billigaste familieribba, men det har nok med at det ikkje er nokon andre som kallar ribba for akkurat det. 39,90 er ikkje noko å skryta av.

Det er klart blåmåndagen har kome til Spar etter kjøtdeig til 19,90 sist veke, men 29,90 for twist er ikkje så gale. Klementinar frå First Price til 7,90 er heller ikkje til å grina av.

Joker
Har denne veka surra fersk svinesteik frå Gilde til 39,90. Det er ikkje feil for den som likar slikt, og kokar du den sjølv er det pengar å spara i høve til om Gilde skal gjera det for deg. Stiller òg med Twist til 29,90, slik som Spar.

Mega
40 % på diverse juice. Her må me likvel åtvara mot syreskader på tennene. Ikkje dropp vatn og mjølk for juice fordi det er billig. Det blir dyrt i lengda.


Det er ikkje særleg å skryta av når det kjem til tilbod denne veka. Det er likevel på det reine at det nærmar seg jul og julemat. Har du framleis ikkje gjort innkjøp er det coop extra som har det billigaste pinnekjøtet, Rimi som har den billigaste svineribba, samt poteter. Bur du derimot i harryland kan me tilrå ein tur over grensa http://www.svenskepriser.no/ og http://www.systembolaget.se/ på det varmaste! Men ber obs og hugs å rekne på reisekostnadar!

Elles er det verdt å merkja seg at det no er billige skjorte og slips-pakkar hjå Dressmann. Med 99 kr er det fullt på høgde med det beste frå utlandet, og ei ypparleg jolegåve!

Gratis fisk på Bømlo

av KR

Det er alarm, det er alarm, på vegne av vanvittig mange sparar i det ganske land!

Ein av våre trufaste lesarar har tipsa om at det etter ein vogntogvelt er fisk overalt på Bømlo. Me siterar "En trailer med henger har kjørt av veien og veltet. Den var lastet med 36 tonn fisk, og deler av lasten ligger strødd utover. Det sies at det er fisk overalt, sier operasjonsleder Agnar Austrheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til BA.no."

Skitt fiske!

torsdag 10. desember 2009

Gjenbruk av frimerke

av KR

Det er ikkje berre dopapiret som kan brukast fleire gongar, sjølv eit lite stykke papir som frimerket kan fleirbrukast. Og til nærare jula ein kjem, jo viktigare vert det å knipe igjen.

Postverket har som kjend vore gjennom stadige omstillingar, og dette har medført gåvepakkar av dei sjeldne. I si rasjonaliseringstrong har dei nemleg rasjonalisert seg så bort at dei sjeldan eller aldri stemplar frimerkene dine. Dette er spesielt førekomande no i joletida, og me lanserar hermed gjenbruk av frimerke som sparetiltak.

Steg 1: Vent i det lengste på julegåver. Planlegg i god tid ved å oppmode slektningar og andre pakkesendarar å vera tidleg ute med juleposten. Argumentasjonsrekka tør vera kjend om postkrise og familiekrise i form av manglande framkomne julegåver julaftan. Du vil då i god tid før julaftan motta brev- og pakkepost med ein høg andel utstempla frimerke.

Steg 2: Riv rundt frimerket og legg papirlappen med det pålimte frimerket til bløyt, gjerne ein time i eit tefat. Bruk norsk kjeldevatn om du har slikt innlagt. Bløytlegginga medførar at frimerket løsnar frå papiret.

Steg 3: Tørking. Dette gjerast best på kanten av tefatet (tømt for vatn) med limsida opp. Tørketid omlag 2-3 timar i temperert rom. Du vil då finne frimerket tørt og klart til bruk.

Steg 4: Finn fram lim. Esellim tilrådast. Om du ikkje har slikt i hus, tilrår me ei blanding med 3/4 kveitemjøl og 1/4 vatn eller berre eggekvite.

Steg 5: Legg gåva i innpakningspapiret du fekk tilsent i posten, og lim det nytørka frimerket forskriftmessig øverst til høgre på framsida av pakken. Hugs mottakar på framsida, og avsendar på baksida (forskriftsmessig utkryssa).

Steg 6: Gå til din næraste postfilial, post-i-butikk eller dump pakken i raud eller gul postkasse.

Gevinsten ved spart frimerke kan bokførast som gevinst i ditt hushaldningsbudsjett, om du førar agressivt.

Dersom gåve utvekslast mellom røynde sparar (som deg og meg) vil du kunne merke at frimerket sit ekstra godt fast, slik underteikna eingong opplevde. Dette skuldast då at avsendar har nytta det same gjenbrukstriket. Fortvil imidlertid ikkje, for limen vil losne til sist - men pårekn ein time ekstra i bløyt.

Gjenbruk er ikkje berre rasjonelt, det er miljøvennleg - og følgeleg moderne!

God jol, me helser også til postopnarane landet rundt!

måndag 7. desember 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Me tilrår ALI kaffe til 8,90 kr pr pk (250g). Svinesteika er dobla i pris sidan november, for no heiter den Juleskinke - styr unna. Og dei er ikkje dårlegare enn dei også sel noko dei kallar Julemandelpoteter. 7,90 per kilo for mandelpoteter er tåleleg billeg, men me skeiar ikkje meir ut enn FirstPrice-poteter til 3,90 pr kg! Den som likar innmat bør merke seg leverpostei til 10 kr eller 51 kr kg.

* Spar
Nok eingong er eg nesten tom for billeg kjøtdeig, og sanneleg, sanneleg kjem det på sal igjen til 19,90 pr 400g. Me tilrår atter eingong hamstring av kjøttdeig, denne gongen på Spar! Den sokalla Juleskinka styrar me imidlertid klar av, faktisk tredobla i pris sidan november. Julekaffe 250g frå Friele til 16,90 boicottar me til fordel for ALI sin heilårskaffe til 8,90 på Joker.

* Rimi
Som vanleg få gode tilbod, og denne veka prøver dei til og med å gøyme bort sitt beste tilbod: Surra svinesteik til 38,90 pr kg, denne er utan julestempel. Likevel når dei ikkje heilt opp ettersom Coop Marked tilbyr same vare til 29,90 pr kg.

* Coop Mega
Kalkun til 29,90 pr kg er eit bra alternativ til dyr kylling, men denne kjøpast best på Coop Obs! til 24,90.

* Coop Obs!
Forutan kalkulen tilbyr Obs! 40% rabatt på all Coop-kaffi, ver obs og jamfør mot Joker sitt ALI-tilbod.

* Coop Prix
Tilbyr denne veka lutefisk av torsk frå Enghav til 16,90 pr kg. Dette er omlag halv pris i høve til konkurrerande butikkar, og tre-fire gongar billegare i høve til Coop Obs!

Vekas høgdepunkt er kjøttdeig til 19,90 per 400g, og Coop Marked si surra svinesteik til 29,90 pr kg. Vekas kalkun må vera surra svinesteik ("Juleskinke") frå Spar til ufattelege 99 kr kg.

laurdag 5. desember 2009

Julegåvetips

av SR

Du kan like det eller ikkje, men jula nærmar seg, koste kva det koste vil! Men det er håp sjølv for deg som ikkje har handla på tilbod i året som har gått, eller ikkje klarte å motstå å pakka opp gåvene frå i fjor slik at du kan gje dei vidare i år.

Det er få ting som er så populært som personlege gåver, og kva er vel meir personleg enn noko ein har laga sjølv? Nada! Kunsten er berre å kunne laga gåvene. Sparebloggen er her for deg, nok ein gong.

* Brende mandlar er ein sikker vinnar i eit sylteglas. Hiv på eit band, og du har tidenes gåve. Du treng:

250 g mandlar
250 g sukker
2 1/2 dl vatn
75 g smør

Legg mandlane i ein kjele saman med sukkeret og vatnet, og la det småkoke i 1 ½ time. Så tilset du smøret, og let det smelte saman til det blir brunt. Her er det viktig å røre mykje og ivrig. Når det ikkje er så flytande lenger tømmer du det ut på ei smurt steikepanne, let det størkne og knekk så frå kvarande når det blir avkjølt.
Ikkje berre er det billig, det er godt og ikkje minst noko å bli feit på no når kulda set inn.

* Eller kva med litt sparebloggkonfekt? Du treng:

1 plate kokesjokolade
1 plate firkløver
1 boks nugatti
1 boks valnøtter

Smelt firkløver og nugatti i vatnbad. I mellomtida legg du ut eit bakepapir, ta ei spiseskei og bland den smelta sjokoladen godt. Fyll så ei skei og tøm den på bakepapiret. Pass godt på å få med nøttebitane frå firkløvaren. La det størkne, og smelt kokesjokoladen i mellomtida, også den i vatnbad. Ta ei teskei og drypp den smelta kokesjokoladen oppå den allereie størkna firkløvaren og nugattien. Legg på ei valnøtt med ein gong etterpå. Sett det kaldt, og finn ei lita øskje som du legg det i.

torsdag 3. desember 2009

Pynt juletreet (og huset) til under 199!

av AH

Beklager om jeg mot formodning skulle støte noen, men det må innrømmes at innlegget er skrevet i harnisk. Jeg leste nemlig denne flotte artikkelen vedrørende plastjuletre (ikke at jeg ikke har det fra før, så klart har jeg det - men det skader aldri å nevne noe en gang for mye), men da lesestunden var over og det åndelige snacks skulle fordøyes ble jeg oppmerksom på en liten artigper som påstod at pynten ville komme på over 199,- [altså meir enn plastjuletreet, red anm]. Er du gal, mann??

Jeg vil her, både som streng korreks og vennligsinnet opplysning, gi følgende tips til hvordan pynte et tre (og resten av huset) til under 199 kroner:

* Glitter på treet er et must. De selger mer enn optikk hos Nille, og for en femtilapp kommer du langt.
* Kjøp en boks pepperkaker til 10 kroner og invitér familien på juleverksted. Billige pappark får du på Nille, Max50 eller Europris (ikke finn på å kjøpe hos bokhandelen). Saks har du fra før, og har du ikke papirlim så vit at flasken holder seg fint til neste jul også. Ha i tillegg First Price husholdningssaft og Coop-kaffe klar. Dette gir følgende fordeler:

- Ungene lager gratis julepynt (du slipper).
- Du får plusspoeng av kvinnene i familien for å være en samlende figur (kvinner laget som kjent ofte god mat og er rause med dem de liker).
- Du kan drikke kaffe, prate skit og vite at pengene dine jobber for deg (julepynt som lages).
- La barna lage noe du tar selv og senere gir bort som julegave, som et "minne". Kvinnene elsker det, mennene tør ikke si dem i mot og gaven kostet deg nesten niks.
- Har du i tillegg hyssing eller fiskesnøre på lager er veien til juletrepynt ganske kort.
- Som et tilleggstips: aluminiumsfolie eller gamle godtepapirer med folie inni kan man lage mye glans av. La barnas fantasi få løpe fritt!

* Hvis du har lyst til å bruke enda mer penger på stemning; kjøp telys! IKEA og Nille har rimelige varianter.
* Har du Spotify? Det har enhver moderne sparer! Tenn lysene (ikke for tidlig, stearin koster) og sett på litt gratis julemusikk fra nettet.
* Mor har sikkert noe gammel pynt fra oldemor eller lignende. Igjen, skaper god stemning og er gratis. Sett dem frem synlig; dette skaper større sjanse for at mor tilfeldigvis kom til å bake en kake fordi hun syntes det var så hyggelig å gi deg den.

Og nei, du trenger ikke lys på juletreet. Glitteret skaper masse fin refleksjon fra telys eller andre elektriske lamper i nærheten.

tysdag 1. desember 2009

Spar over 10 000 kr på juletreet!

av KR

Desember er her og dersom du er tvungen til å ha juletre i huset, tilrår me å sjå mot Coop Obs! Hypermarked. Denne veka selgast juletre i plast (210 cm høgt) med plastfot til subtotal 199 kr. Den ukloke juletrekjøpar veit at eit ferskt juletre kostar minst 300 kr og dryssar etter ei veke. Den røynde spararen derimot kjøper sjølvsagt plastjuletre på sal i januar, men gløymde du det tilrår me at du slår til på fullpris til 199 kr. Alternativet er nemleg verre; å betale fleire hundre kroner årleg for dryssing. Coop-treet er dryssfritt og har ei estimert levetid på 25 år, noko som gjev følgande tabell med 2,5% prisstigning inkludert:

År___Plast___Dryss
01:__199____300
02:__0______308
03:__0______315
...
24:__0______529
25:__0______543
Sum: 199____10 247

Konklusjon: Med plastjuletre sparar du over 10 000 kroner iløpet av treet si levetid. I tilleg kjem spart tid i samband med støvsuging og soping av barnåler frå sokkar, tepper, krikar og krokar. Furulukt? Prøv med wunderbaum eller grønsåpe. God jol so langt!