fredag 6. november 2009

Keisaren sine billege klede

av KR

Ein kvar sparar med respekt for seg sjølv kan lukte ein sparkjøpbutikk på fleire kvartal. Me kjenner lukta av eksos, urin og kebabrestar rottene ikkje eingong vil ha, men så ser du langt, langt borte noget lyse og glitre; du er komen åt Sparkjøp! Denne underlege butikken som vekkjer assosiasjonar til 60-talet, dameklubb og mat med høgt gelatininnhald. Me skal ikkje kommentere klientellet utover det faktum at dei fleste som vankar der har knekk i knea.

Men gløym alle mytene om Sparkjøp, for Sparkjøp har tilknytning til bergenske redarfamiliar, kortspel og storkapital. Det er ingen som er så gode til å spare som norske redarar. Me nemner dressen til Fred Olsen, som han arva av far sin og far før han. Me nemner Olav Thon (jf Fernhaven) og ullhua hans. Me nemner Per Sævik og husbankhuset hans. Norske redarar følgjer sparebloggen, og no krev dei at me leverar sparkjøpnytt. Sjølvsagt innfrir me!

Me kler deg opp til vintaren med denne vekas tilbod frå Sparkjøp:
* 5pk tennissokkar kr 29,50 (med back to the future-striper)
* Boxershorts kr 49,50
* Lange underbukser kr 79 (det er trast vintar)
* Svarte skinnsko kr 99 (til fest og kvardag)
* Jeans 2pk type Kingsmen kr 149 (dongeri)
* Skjorter med krage kr 99 (strykefrie)
* Ullgensarar med glidelås ved hals kr 149 (vent på tilbod kr 99)
* Fleece-jakke kr 99 (fleece er ikkje av moten)
* Regntøysett kr 129 (praktisk pose med snøre følgjer med!)
* Hue kr 39 (dropp dette tilbodet, Olav Thon)
* Skjerf kr 99 (kort nok til å kallast heterofilt skjerf)
* Kombivott- og handske kr 69 (no med uteliggarfingrar!)

No kan vintaren koma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar