laurdag 24. oktober 2009

Gjer kaffibesøket til ei gullgruve

av KR

No er det heldigvis lenge mellom kvar gong eg høyrer ringeklokka, men når den alarmen fyrst går kjenner nok mange spararar det rykke godt i lommeboka. Fortvil ikkje meir, for no kjem Sparebloggen med sine selskaps- og serveringstips.

Gjestane inviterast like etter normal middagstid, slik at dei ankjem selskapet på full mage. Me tilrår å ha eit lite fat plassert ved inngongen. Legg ned nokre småkroner på fatet for å indikere at dette nyttast til almisser. Mennesker er sterkt sosialiserte flokkdyr, og vil donere nokre kroner til fatet utan å tenke stort meir over det. Etter obligatorisk donasjon må du passe på at gjestane å ikkje heng av seg ytterkleda, skuld gjerne på at varmepumpa er gåen. Lat gjestane heller sitte og svette litt, og soleis produsere varme. NB! Hugs å skru ned varmen i huset nokre timar før gjestane kjem.

Når du har fått gjestane godt plassert i sofaen, forventast det at du diskar opp noko - om ikkje anna for syns skuld. Euroshopper sine mariekjeks er ein klassikar, som kjem til nytte også i denne samanhengen. To høge remser med mariekjeks selgast veiledande til 6,90 (ca 10 øre pr kjeks). Desse vert tørre i lengda, så gjestane nøyar seg med to eller tre. Kjeksa bør vidare etast frå téfat, slik at porsjonane verkar store og mettande.

Gildet er det gjestane sjølv som finansierar i form av almisser ved inngongen og din sparte straum, og modellen er særs skalérbar! Antall almissekroner på fatet ved inngongen aukar proposjonalt med antall gjestar, og kostnadane er skarve 20-30 øre i mariekjeks per hovud. Lukke til i selskapslivet, gode spararar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar