måndag 28. september 2009

Pizza til rabbi og andre

av KR

Hev du meir enn ein gong haft lyst på billeg pizza? Det var spørsmålet eg fekk i frå ein palestinsk rabbinar som hadde lært seg sunnmørsk. Han hadde sett seg lei av å ringe Peppes eller Dolly kvar gong han fekk lyst på noko anna enn kosher. Me er godt kjende med pizzabransjen sitt svik mot det norske folk. Her betalar ein 250 kr for ein pizza, og det same for ein film som gjekk rett på DVD. Me i Sparebloggen finn oss ikkje lenger i dette sviket, og orsak meg; dette tipset skal de få gratis:

Finn fram springvatnet ditt og tapp 0,3 liter lunk, tøm i ein pose tørrgjær og bland godt. Finn fram kveitemjølet du kjøpte til 5,90 pr kg, av dette tek du 0,7 liter og tilset det i vatnet som no står og gjærar. Bland og kna godt. Lat heve i høveleg tid, til dømes ein halvtime. Bak ut på form. Spandér gjerne på deg bakepapir om du vil imponere kikkarane som bur i kring deg.

Smør på 1 pk tomatpuré til 3,90 kr, legg så på hermetisert champignon til same prisen. Om du er ein feinschmeckar høver det med 1/2 pk kjøttdeig eller noko FirstPrice-skinke (pålegg). Avslutt med eit tynt lag ost kjøpt frå FirstPrice eller Europris.

Gildet kostar deg omlag 30 kroner, og varar i fire dagar om du er så heldig at du bur åleine. Pizzaen nytast til polsk fjernsynsteater på NRK2, gratis om du skulkar lisensen (framgongsmåte i neste nummer).

***

Me i Sparebloggen er så sparsomme at me berre bloggar ein gong i veka. Alt anna tærar på tastaturet, me kjem attende med meir.

1 kommentar:

  1. "Me i Sparebloggen er så sparsomme at me berre bloggar ein gong i veka. Alt anna tærar på tastaturet"

    "Spandér gjerne på deg bakepapir om du vil imponere kikkarane som bur i kring deg."

    jeg ler meg ihjel! Helt fantatisk!

    SvarSlett