måndag 28. september 2009

Pizza til rabbi og andre

av KR

Hev du meir enn ein gong haft lyst på billeg pizza? Det var spørsmålet eg fekk i frå ein palestinsk rabbinar som hadde lært seg sunnmørsk. Han hadde sett seg lei av å ringe Peppes eller Dolly kvar gong han fekk lyst på noko anna enn kosher. Me er godt kjende med pizzabransjen sitt svik mot det norske folk. Her betalar ein 250 kr for ein pizza, og det same for ein film som gjekk rett på DVD. Me i Sparebloggen finn oss ikkje lenger i dette sviket, og orsak meg; dette tipset skal de få gratis:

Finn fram springvatnet ditt og tapp 0,3 liter lunk, tøm i ein pose tørrgjær og bland godt. Finn fram kveitemjølet du kjøpte til 5,90 pr kg, av dette tek du 0,7 liter og tilset det i vatnet som no står og gjærar. Bland og kna godt. Lat heve i høveleg tid, til dømes ein halvtime. Bak ut på form. Spandér gjerne på deg bakepapir om du vil imponere kikkarane som bur i kring deg.

Smør på 1 pk tomatpuré til 3,90 kr, legg så på hermetisert champignon til same prisen. Om du er ein feinschmeckar høver det med 1/2 pk kjøttdeig eller noko FirstPrice-skinke (pålegg). Avslutt med eit tynt lag ost kjøpt frå FirstPrice eller Europris.

Gildet kostar deg omlag 30 kroner, og varar i fire dagar om du er så heldig at du bur åleine. Pizzaen nytast til polsk fjernsynsteater på NRK2, gratis om du skulkar lisensen (framgongsmåte i neste nummer).

***

Me i Sparebloggen er så sparsomme at me berre bloggar ein gong i veka. Alt anna tærar på tastaturet, me kjem attende med meir.

FirstPrice-bøndene ser oss i nåde

av KR

Skottar, spararar og spinkarar!

Den aller heitaste potetsesongen er straks over, og kameratane hjå FirstPrice har endeleg byrja dumpinga av prisane att. Det var mange hjå oss som ikkje smakte poteter i sumar då prisen skaut i veret og passerte 6 kr kg. No har FirstPrice teke samfunnsansvar att, og siste notering er 3,90 kr kg. Til sist vil me minne om at de ikkje treng ta med eigne potetposar, då salet føregår ut i frå posar á 5 kg. Legg attende potetnikkersen, og forsyn dykk av godene! Ja, visst er det gode pote.

Brød

av SR

Noko av det som er dyrast i butikken i forhold til kva du får attende er brød. Men tru det eller ei, det går faktisk an å spara pengar samstundes som du får både betre smak, kvalitet og haldbarheit. Du kan bake sjølv!

Du skal sleppe å prøva deg fram til den rette oppskrifta, det har sparebloggen gjort for deg!

- bland 1 kg grovbakst-mjølblanding (ev. sammal kveitemjøl), ein slant havregryn og 1 kg grovmalt rug i ein bolle.
- tilsett 1 ss salt og ein pose tørrgjær og bland alt saman
- tilsett deretter 10 dl. vatn og 5 dl. mjølk.
- tilpass med mjøl viss den blir for klissette.

La det heve i ein time. Del deiga i to, og bak ut eit brød av kvar halvdel. Bak gjerne ut i steikeplata, så sparar du oppvask òg. Snitt dei opp på toppen med ein kniv, og sett brøda inn i ovnen på 200 i ein time. Skru deretter ned til 150 grader, og la det stå i ein halvtime.

Når brøda er kalde, delar du dei i to, og fryser ned det du ikkje skal ha. Då har du til ei kvar tid ferskt brød. Total kostnad er under 30 kr til saman. Ikkje berre er brøda billigare enn det du får i butikken, du sparar òg pengar til pålegg, då det er meir mat i kvar skive, og du slik brukar mindre pålegg.

Lukke til!

Sparebloggen er oppe og går

av SR og KR

Etter stor etterspurnad frå blakke sløsekameratar er bloggen endeleg oppe og går. Her vil det komme tips frå bloggarane. Stay tuned - stay greedy!